– UiO-rektor bør vera nøgd

– UiO-rektor Ole Petter Ottersen bør vera nøgd med at Universitetet i Oslo får fleire studieplassar og at det blir satsa på forskingsfeltet han kjem frå. Det sa forskingsminister Tora Aasland då ho presenterte tala frå Kunnskapsdepartementet i forslaget til statsbudsjett for neste år.  

IKKJE MANGLANDE SATSING: – Det er rett at det ikkje er sett av pengar til nye stipendiatstillingar. Men det er ikkje noko teikn på manglande satsing på rekruttering til forsking, sa  forskingsminister Tora Aasland då ho kommenterte budsjettforslaget frå regjeringa.

Foto: Ola Sæther

I framlegget til statsbudsjett for 2010 er det ikkje funne plass til ei einaste ny doktorstipendiatstilling.

– Det er rett at det ikkje er sett av pengar til nye stipendiatstillingar. Men det er ikkje noko teikn på manglande satsing på rekruttering til forsking, meinte Aasland.

– Universiteta og høgskulane kan likevel oppretta doktorstillingar på grunnlag av dei pengane dei får frå ulike forskingsprogram, til dømes gjennom Forskingsrådet, peika ho på.

Aasland understreka også at det trass alt kom på plass ein del pengar til stipendiatstillingar i tiltakspakka frå januar.

– Då blei det gitt pengar til 57 nye stipendiatstillingar. Og det var svært viktig. Dessutan er det gitt pengar til vidareføring av dei doktorstillingane som blei oppretta i 2009.

– 500 millionar meir enn på 2009-budsjettet

– Så du er nøgd med løyvinga til universiteta og høgskulane, sjølv om dei hevdar at basisløyvinga har gått ned?

– Dei har fått 500 millionar kroner meir enn det som blei løyvd på statsbudsjettet for 2009. Ein stor del av desse pengane er rett nok øyremerkte til det auka talet på studieplassar. Inkludert dei 3000 studieplassane som blei tildelte i revidert nasjonalbudsjett for 2009, løyver regjeringa pengar til 2600 nye studieplassar.

–Til saman blir det 5600 fleire studieplassar i 2010. Tidlegare har me også gjort det kjent at det blir løyvd pengar til bygging av 1000 nye studentbustader, konstaterte Aasland.

Statsråden var også glad for at lærarutdanninga får 100 millionar kroner ekstra i 2010.

I tillegg blir det også foreslått ei løyving på 50 millionar kroner til ulike samarbeidsprosessar i universitets- og høgskulesektoren. Aasland trekte spesielt fram Oslofjordalliansen og den pågåande fusjonsprosessen mellom Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås og Noregs veterinærhøgskole i Oslo.

Aukar forskingsfondet med fem milliardar

Regjeringa foreslår også å auka kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med fem milliardar kroner. Dermed vil den samla kapitalen i fondet koma på 77 milliardar kroner.

– Kapitalen er blitt auka med til saman 41 milliardar kroner i dei åra den raudgrøne regjeringa har hatt makta, understreka Aasland.

I forslaget til statsbudsjett for 2010 går regjeringa inn for at to tredelar av den nye kapitalen i forskingsfondet skal øyremerkast infrastruktur for forsking. Det vil samla gi ei årleg løyving på 140 millionar kroner. På det viset blir den fondsavkastinga som er øyremerkt infrastruktur, auka frå 140 til 280 millionar kroner i året. Dei samla løyvingane til forsking og utvikling i forslaget til statsbudsjett er på 23,6 milliiardar kroner.

– Kan nå 1 prosent av BNP

– Løyvingar til forsking og utvikling utgjer 0,97 prosent av bruttonasjonalproduktet i forslaget til statsbudsjett for 2010. Neste gong kan det ha nådd målet på 1 prosent, spådde forskingsminister Tora Aasland.

– Dette viser at den raudgrøne regjeringa fylgjer opp måla i stortingsmeldinga ”Klima for forsking” med ein solid auke i løyvingane, peika ho på.

Nytt forskingsprogram

Aasland viste også til at regjeringa er opptatt av korleis det vil vera mogleg å bruka resultat og ressursar i forskinga. Regjeringa vil difor setja ned eit ekspertutval som skal sjå på mål, ressursar og resultat av forskingsinnsatsen.

Det er grunnen til at regjeringa har bede Forskingsrådet om å arbeida vidare med å utvikla og setja i gang eit forskingsprogram retta mot forsking og innovasjon, FORFI. Det blir foreslått ei løyving på sju millionar kroner til det programmet i 2010, som ein del av ei satsing på til saman 35 millionar kroner over fem år, står det i budsjettdokumentet frå Kunnskapsdepartementet.

Kunnskapssenter for utdanning

Når det gjeld andre nyhende om universitets- og høgskulesektoren frå budsjettforslaget for 2010, er det klart at regjeringa også foreslår å oppretta eit kunnskapssenter for utdanning frå 1. januar 2011. Forskingsrådet får i oppdrag å byggja opp senteret, og det blir difor sett av to millionar kroner frå 2010 for å førebu opprettinga. Kunnskapssenteret skal samanstilla og formidla resultat frå norsk og internasjonal utdanningsforsking.

– Eg synest universitets- og høgskulesektoren bør vera glad for den auken regjeringa har klart å få til i dette forslaget til statsbudsjett, spesielt med tanke på den finanskrisa me har vore gjennom, var sluttreplikken frå Tora Aasland, før pressekonferansen var over.

Misnøye i sektoren

Det er liten velvilje å spora til budsjettforslaget frå regjeringa både i sektoren, blant studentane og i opposisjonspartiet Venstre.

– Skal me leva av kunnskap i framtida, må me investera i kunnskap no. Det framlagde budsjettet svekkar sektoren sine sjansar til å oppfylla dei forventingane som kunnskapssamfunnet set til universitet og høgskular, seier Jan I. Haaland, leiar for Universitets- og høgskolerådet i ei pressemelding.

Heller ikkje Forskarforbundet legg skjul på vonbrotet over budsjettframlegget.

”Forskerforbundet seier seg svært lei for at regjeringa i statsbudsjettet for 2010 ikkje har fylgd opp lovnadene i Soria Moria II-erklæringa om reell vekst i basisløyvingane til universitet, høgskular og forskingsinstitutt.Nye studieplassar som ikkje er tilstrekkeleg finansierte, vil gå ut over kvaliteten i forsking og høgare utdanning. Forskarforbundet ber institusjonene vurdera om det er forsvarleg å ta imot dei nye studieplassane”, skriv Forskarforbundet i ei fråsegn frå representantskapsmøtet i dag.

Misnøye blant studentane

I ein felles pressemelding frå studentorganisasjonane går det klart fram at dei ikkje er nøgde med at det blir oppretta 5600 nye studieplassar neste år.

– Det vil seia endå fleire studentar per forelesar, endå mindre tid til rettleiing og endå mindre oppfylging av den enkelte student. Regjeringa opprettar fleire studieplassar, men gjer ikkje noko grep for å auka kvaliteten i utdanninga, seier leiarane av Studentenes Landsforbund og Norsk Studentunion, Ina Tandberg og Anne Karine Nymoen.

Kritikk frå Venstre

– Dei raudgrøne sviktar nok ein gong forsking og høyere utdanning, konstaterer Venstres parlamentariske leiar Trine Skei Grande etter å ha lese gjennom budsjettforslaget for 2010.

– Etter fire år med svelteforing av universitet og høgskular, har regjeringa endå ikkje oppdaga alvoret i sitasjonen. Dei raudgrøne spente forventingane høgt i valkampen, men eg kan ikkje sjå at dette blir etterlevd i budsjettforslaget som dei har lagt fram, seier Skei Grande, som etterlyser ein mykje kraftigare satsing på kunnskap og forsking, skriv Venstres stortingsgruppe i ei pressemelding.

.

 

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 13. okt. 2009 16:42 - Sist endra 13. okt. 2009 17:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere