Ti institutt blir tre på medisin

Frå 1. januar 2010 blir dagens ti institutt på Det medisinske fakultetet slått saman til tre storinstitutt. Samanslåinga er ein konsekvens av etableringa av Oslo universitetssykehus. – Me vil koma i mål til nyttår, meiner prosjektleiar Edvard Hauff.  

SMERTEFRITT: – For å gjera dette så smertefritt som mogleg for dei institutta som skal fusjonera, blir dei i første omgang avdelingar innanfor dei nye institutta, seier prosjektleiar Edvard Hauff.  

Foto: Ola Sæther

Fusjonen mellom Rikshospitalet, Ullevål universitetssykehus og Aker sykehus til Oslo universitetssykehus, får også fylgjer for organiseringa av dagens ti institutt på Det medisinske fakultetet.

Ei arbeidsgruppe som nyleg har levert ei tilråding til fakultetet, går inn for at dei ti institutta frå nyttår vil bli organiserte i i Institutt for medisinske basalfag, Institutt for sjukehusmedisin og Institutt for helse og samfunn. Det første instituttet blir dermed som i dag, medan dei to andre blir bygde på dei ni andre institutta og fakultetsdivisjonane.

Institutt for sjukehusmedisin blir sett saman av fakultetsdivisjonane ved universitetssjukehusa Ullevål, Rikshospitalet, Radiumhospitalet, Aker og Ahus , og i tillegg kjem Institutt for psykiatri.

Institutt for helse og samfunn blir resultatet av dagens Institutt for helseleiing og helseøkonomi, Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin og Institutt for sjukepleievitskap og helsefag.

– Institutt blir avdelingar

– For å gjera dette så smertefritt som mogleg for dei institutta som skal fusjonera, blir dei i første omgang avdelingar innanfor dei nye institutta. Den direkte konsekvensen blir at det blir ein felles instituttleiar for dei tre tidlegare institutta som blir til Institutt for helse– og samfunn. På den måten vil me også klara å halda tidsfristen utan at det skjer for store omveltingar på ein gong, seier Edvard Hauff, som er prosjektleiar for omorganiseringa av institutta på Det medisinske fakultetet.

Eit fakultet med tre store institutt:
1. Institutt for medisinske basalfag

2. Institutt for sjukehusmedisin:
Fakultetsdivisjonane ved Rikshospitalet, Radiumhospitalet, Ullevål universitetssjukehus, Ahus og Aker,
Institutt for psykiatri

3. Institutt for helse og samfunn:
Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin
Institutt for helseleiing og helseøkonomi
Institutt for sjukepleievitskap og helsefag

Han sit også i leiargruppa for Oslo universitetssykehus på vegner av Universitetet i Oslo. Hauff viser til at det var litt diskusjon fram og tilbake om korleis Ahus som eit heller lite universitetssjukehus, kunne integrerast i Institutt for sjukehusmedisin, som vil ha ti avdelingar som også tilsvarar klinikkar ved Oslo universitetssykehus.

– Mange var ikkje interesserte i å drukna i dei nye avdelingane ved Oslo universitetssykehus, så difor blei forslaget vårt at Ahus får tre avdelingar innanfor Institutt for sjukehusmedisin. Instituttet vil få to nestleiarar. Ein som tar seg av dei tre avdelingane til Ahus, og ein nestleiar som vil overta for instituttleiar dei gongene vedkomande ikkje er på plass. I tillegg vil denne personen få delegert andre nestleiaroppgåver, fortel Hauff.

Dermed blir talet på institutt- og fakultetsdivisjonsleiarar redusert frå sju til tre.

– Betre strategisk leiing

– Kva fordelar vil dette gi for Det medisinske fakultetet?

– Tradisjonelt har instituttleiarane ofte målbore dei tilsette sine ynskje oppover til toppleiinga i staden for å fungera som ein del av leiarstaben. No får dei eit slags Janus-ansikt. Dei vender eit ansikt mot UiO sentralt og eit anna ansikt mot forskings- og undervisningsoppgåvene på institutta. Det blir eit betre lagarbeid, og det blir ei betre strategisk leiing av det, trur Hauff.

Det medisinske fakultetet har fått kritikk fordi prosessen skal gå så fort av omsyn til etableringa av Oslo universitetssykehus.

– Det er svært viktig å få gjort dette i fellesskap, for då får me utnytta synergieffekten best mogleg. Også i samband med innføringa av Samhandlingsreforma er det viktig at me kan samarbeida med Oslo universitetssykehus om førebyggjande medisin. Det gjeld ikkje minst Institutt for helse og samfunn. Etter kvart kan det bli aktuelt å ha eit endå nærmare samarbeid med Folkehelsa og Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta. Det vil også koma til nytte for resten av samfunnet.

– Korleis synest du prosessen går?

– Det er størst endringsvilje hos dei institutta som skal inn i Institutt for sjukehusmedisin. For dei andre institutta er det ikkje like akutt naudsynt, konstaterer han.
 

Ny organisering for økonomi- og personalmedarbeidarane

Utanom dei som i dag arbeider på dei institutta som skal slåast saman til Institutt for sjukehusmedisin og Institutt for helse og samfunn, er det økonomi- og personalmedarbeidarane som får merka mest til omorganiseringa.

Ei eiga arbeidsgruppe leidd av assisterande fakultetsdirektør Tove Blix ved Det juridiske fakultet, har gått gjennom situasjonen deira og kome med eit forslag til fakultetsstyret om korleis dei skal organiserast i framtida.

I forslaget går det fram at det mest spesialiserte økonomi- og personalarbeidet blir lagt til fakultetsadministrasjonen. Dei andre økonomi- og personalmedarbeidarane blir lagde under kontorsjefen i kvart av dei tre nye institutta. Dermed blir det ei sentral eining på fakultetet og tre sentrale einingar direkte knytte til dei tre institutta.

Den nye organiseringa av økonomi- og personalarbeidet skal setjast i verk samtidig som den nye instituttstrukturen blir innført, går det fram av forslaget til vedtak til fakultetsstyret. Der kjem saka opp tysdag 27. oktober. Tysdag 24. november skal omorganiseringa av Det medisinske fakultetet opp til endeleg handsaming i Universitetsstyret. Om det blir vedtatt, vil omorganiseringa bli sett i verk etter planen frå 1. januar 2010.

– Tar det på alvor

Marianne Midthus Østby er tillitsvald for NTL på Det medisinske fakultetet. No synest ho arbeidet med omorganiseringa går betre enn tidlegare.

– I oppstartsfasen var ikkje prosessen så veldig god, men no har fakultetet tatt det på alvor og tatt med vernelinja og dei tillitsvalde. Fakultetet har ikkje noko anna val enn å vera med på omorganiseringa, sidan sjukehusa skal bli slått saman frå 1. januar, konstaterer ho. Midthus Østby synest likevel ikkje alle dei tilsette har fått nok informasjon.

– Mange teknisk-administrative tilsette veit ikkje kvar dei skal vera etter nyttår. Fakultetet har berre bemanningsplan for økonomi, personal og leiing, men ikkje for dei andre tilsette. Dei har heller ingen konkrete planar for kvar me skal vera etter ei eventuell samlokalisering. Me blir ein stor administrasjon som treng store areal, som me i dag ikkje har.

– Trur du det går i mål?

– Det trur eg. Me har ein kort tidsfrist, men har fått til ein god del. Det er framleis mykje arbeid som står igjen for å få den nye organisasjonen på plass, men eg trur me kjem i mål. For dersom me ikkje gjer det, vil me få ein struktur som ikkje samsvarar med den sjukehusa har, og det er der me tilsette og studentane har aktivitetane våre, konstaterer Midthus Østby.

– Undrande

Elisabeth Augdahl er leiande fakultetsverneombod. Ho trur ikkje alle dei tilsette blir tatt like godt vare på i prosessen rundt omorganiseringa.

– I det heile tatt synest eg ikkje at det er blitt tatt nok omsyn til dei tilsette i denne prosessen. Verken kontorsjefar eller instituttleiarar veit kva som skal skje med dei etter at omorganiseringa er gjennomført. Vernetenesta og dei tillitsvalde har vore inkluderte i arbeidet, men vernetenesta stiller seg undrande til at det skal gå så fort. Det er heller ikkje blitt gitt noka god grunngjeving for kvifor det er så naudsynt å få organisert tre eksisterande institutt inn i eit nytt Institutt for helse og samfunn, seier Augdahl.

Ho forstår at det er viktig å få ein fakultetsstruktur som samsvarar med strukturen på det nye Oslo universitetssykehus.

– Men eg forstår ikkje korleis det skal vera mogleg å få Institutt for sjukehusmedisin opp og stå frå 1. januar. Det går for fort med tanke på kor mykje som skal på plass. Me bør få tid til å få strukturen på plass først, synest ho.

– Vernetenesta krev at det blir tilsett ein HMS-koordinator som skal vera på plass når heile omorganiseringa skal setjast i verk. Dessutan bør det leggjast inn omstillingsmidlar i langtidsbudsjettet til Det medisinske fakultetet. Ingen av krava har me fått gjennomslag for, seier ho.


 

:

 

Emneord: Medisin, Sykehusreformen Av Martin Toft
Publisert 22. okt. 2009 16:32 - Sist endra 22. okt. 2009 16:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere