Bygdøy best og billegast for nytt kulturhistorisk museum

Eit samla kulturhistorisk museum på Bygdøy vil vera både det beste og det billegaste alternativet. Det er konklusjonen til selskapet Metier og Møreforsking som på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har laga ei ekstern kvalitetssikring av ulike alternativ for lokalisering av eit framtidig kulturhistorisk museum. - Regjeringa vil ta ei endeleg avgjerd i haust, opplyste forskingsminister Tora Aasland i ettermiddag.

MEIR PLASS: I eit framtidig samla kulturhistorisk museum vil det vera plass til denne gjenstanden frå Indonesia som blei brukt i religiøse seremoniar. Den blei kjøpt i 1901, men no er den i eit magasin og ikkje stilt ut. - Det vil bli mogleg i eit nytt kulturhistorisk museum, seier Tora Aasland.

Foto: Ola Sæther

Eit samla kulturhistorisk museum vil bli 220 millionar kroner billegare og samtidig utelata risikoen for at vikingskipa og dei andre gjenstandane blir øydelagde i samband med ei flytting.

Det er hovudargumentet Metier og Møreforsking brukar for å konkludera med at eit samla kulturhistorisk museum bør byggjast på tomta til Vikingskipshuset og delvis på tomta til Folkemuseet på Bygdøy.Dei meiner dermed at eit samla museum i Bjørvika er eit dårlegare alternativ.

– Også vernet av Arnstein Arnebergs museumsbygning har vore eit viktig argument for å landa på Bygdøy, seier Paul Torgersen i Metier. Dei synest at det er eit langt betre allternativ enn å byggja eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika saman med tilflytta vikingskip og andre gjenstandar frå Vikingskipshuset på Bygdøy.  Konklusjonen blei presentert på ein pressekonferanse i Kunnskapsdepartementet kl. 13 i ettermiddag.

- Eg er godt nøgd med arbeidet som er gjort, seier forskingsminister Tora Aasland. Regjeringa skal no lesa denne rapporten nøye og så trekkja inn synspunkt frå alle partar, før me til slutt tar ei avgjerd. Det reknar me med skal vera gjort i løpet av hausten 2009, understrekar Tora Aasland.

Første kvalitetssikring

Det er den såkalla KS1 eller Kvalitetssikring 1 av store statlege byggjeprosjekt som no er blitt gjennomført av selskapet Metier og Møreforsking i fellesskap. Målet er å gjennomføra ei ekstern kvalitetsikring av det avgjerdsgrunnlaget regjeringa har for eit framtidig kulturhistorisk museum. Når regjeringa har bestemt seg, skal det setjast i verk eit forprosjekt for det valde alternativet.. Deretter skal det gjerast ein ny runde med kvalitetssikring.

– Me arbeider i eit evig perspektiv. Eg vil leggja vekt på at forholda for god kvalitativ forsking blir tatt vare på i eit nytt kulturhistorisk museum. Like viktig vil det vera å sikra at alle, både vaksne, barn og unge, får tilgang til kulturhistorisk kunnskap, seier forskingsminister Tora Aasland.
 

Fire alternative løysingar

Kunnskapsdepartementet har fått utgreidd fire alternativ:
• Eit samla museum på Bygdøy
• Eit samla kulturhistorisk museum i Bjørvika, inkludert vikingskipa som i dag er på Bygdøy
• Eit samla museum på Tullinløkka som inneber overtaking av Nasjonalgalleriet og flytting av vikingskipa
• Delt museum med flytting av Historisk museum til tomta der Munch-museet ligg i dag og utbygging av eit vikingtidsmuseum på Bygdøy.

To seriøse alternativ

Paul Torgersen i Metier fortalde at dei fort stod igjen med berre to seriøse alternativ.

–Tullinløkka-alternativet blei også skrinlagt av rapporten frå Kunnskapsdepartementet. Den blir rett og slett for kostbar. Det same gjeld for alternativet på Tøyen, slo han fast.

– Difor konsentrerte me ressursane våre på å finna ut dei ulike konsekvensane av lokalisering i Bjørvika eller på Bygdøy. Når me trekte inn alle argument for og imot dei to alternativa, talte dei fleste argumenta våre for å lokalisera eit nytt kulturhistorisk museum på Bygdøy, peika han på. Han viste til at både kostadane ville bli mindre, samtidig som dei på den måten også ville eliminera risikoen for at vikingskipa og dei andre gjenstandane frå Vikingskipshuset, ville gå sund under ei eventuell flytting til Bjørvika.
 

Uavhengig av samanslåing med Folkemuseet

– Også vernet av museumsbygningen til Arnstein Arneberg og sjansane for eit nærare samarbeid med dei andre musea på Bygdøy, talte sterkt for at det nye museet bør byggjast på Bygdøy, konstaterte Torgersen. Han ville likevel ikkje dra nokon konklusjon om at det ville vera aktuelt med ei framtidig samanslåing av Kulturhistorisk museum og Folkemuseet på Bygdøy.

– Me landar på Bygdøy uavhengig av det. Desse musea kan fint leva ved sidan av kvarandre utan at det er naudsynt å slå dei saman, meinte han.

Uansett kva alternativ regjeringa vil gå inn for, vil eit framtidig kulturhistorisk museum få høve til å visa fram store internasjonale vandreutstillingar. I dag har museet for små lokale til at det kan ta imot slike utstillingar. Det har også vore viktig å finna fram til ei samlokalisering av administrative funksjonar og byggeløysingar som vil gi gode rammevilkår for forskinga og undervisninga i museet, går det fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Utgreiinga har ikkje kome fram til ein endeleg konklusjon på om ein bør velja å halda fram med eit eksternt magasin på Økern eller heller bør etablera ei samla løysing på Bygdøy. Det vil bli 150 millioner kroner billegare å halda fram med eksternt magasin på Økern, står det i rapporten.

– Eg vil no setja meg ned og lesa denne rapporten grundig. Så vil eg lytta til alle innspel frå alle involverte partar i denne saka. Dermed kan regjeringa ta ei avgjerd på eit best mogleg grunnlag når me går inn for vårt alternativ, poengterte Aasland.

– Eit nasjonalmuseum for norsk kulturhistorie

Både Universitetet i Oslo og Kulturhistorisk museum har gått sterkt inn for at eit nytt museum blir bygd i Bjørvika.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er overraska over konklusjonen i den nye rapporten. Han peikar på at statsråd Trond Giske i 2001 gav Statsbygg  i oppdrag om å finna ei passande tomt for nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika. Sidan den gongen har universitetet fylgd dette opp gjennom utgreiingar, styrevedtak og samarbeid med Statsbygg og Oslo kommune.

– På Bygdøy vil museet bli sett i samanheng med Folkemuseet og lett få preg av eit nasjonalmuseum for norsk kulturhistorie, seier Ottersen til NTB. Han håpar at Kunnskapsdepartementet vil vurdera nøye alle sider av saka før endeleg vedtak blir gjort.

(Oppdatert kl. 17.11)
 

Emneord: Museene, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 26. okt. 2009 14:09 - Sist endra 26. okt. 2009 17:13

Glimrende å samle på Bygdøy.

I Bjørvika vil et museum bli presset inn på en trang tomt som fra alle kanter vil bli presset fra den rå kommersielle utbyggingen som nå foregår i Bjørvika. De som fortsatt går inn for Bjørvika, bør ta seg en tur dit ned og se på området ved selvsyn. DET HADDE IKKE MEDLEMMENE AV DET FORRIGE UNIVERSITETSSTYRET GJORT FØR DE VEDTOK Å ANBEFALE FLYTTING TIL BJØRVIKEA. Ganske utrolig at et styre med mange ellers kompetente forskere kunne unnlate å gjøre noe så elementært, selv å sjekke faktaunderlaget før de vedtok sin  anbefaling.

Bjørn Olaf Christophersen - 26. okt. 2009 22:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere