Hjernekraft for hjerneforsking

Forskarar både i psykologi, ernæring, barnemedisin, nevrologi og embryologi har forska på utviklinga av hjernen kvar for seg. No startar toppforskarar i Oslo, Bergen og Trondheim eit nasjonalt nettverk for tverrfagleg forsking på utviklinga av hjernen, Norwegian Consortium on Brain Development (NCBD).  

FELLES HJERNEKRAFT: Alle forskar på hjernen, men på forskjellige fagområde. No vil dei samarbeida. F. v. ernæringsprofessor Christian A. Drevon, psykologiprofessor Kristine B. Walhovd, medisinprofessor Joel Glover, professor i barnemedisin, Ola Didrik Saugstad, professor Ira Haraldsen ved Rikshospitalet.  

Foto: Martin Toft

– Planen vår er å forska på den tidlege utviklinga av hjernen frå fosteret blir til, til etter fødselen, gjennom småbarnsstadiet og opp igjennom puberteten, seier medisinprofessor Joel Glover, som er initiativtakar til nettverket.

– Me ynskjer å finna svaret på ei rekkje spørsmål knytte til korleis genar og miljø verkar inn på utviklinga av hjernen og korleis forstyrringar i denne prosessen munnar ut i mellom anna hjernedefektar, læringsvanskar, åtferdsforstyrringar og psykiatriske lidingar, legg han til.

I Oslo er blant andre kjende forskar som ernæringsprofessor Christian A. Drevon, psykologiprofessor Kristine B. Walhovd, professor i barnemedisin, Ola Didrik Saugstad og professor Ira Haraldsen ved Rikshospitalet også med i samarbeidet.

Førebels er dei berre saman i eit nettverk med felles mål, men utan pengar. Dei håpar etter kvart å få økonomisk støtte frå til dømes Noregs forskingsråd.

Hjerneutvikling frå fødsel til pubertet

– Me trur at me skal klara å få til ein svært god synergieffekt ved å samla forskarar frå så mange ulike disiplinar. Andre hjerneforskarar i Noreg har vore meir opptekne av å forska på degenerative hjernesjukdomar hos eldre, slik som Alzheimer, Parkinson, hjerneslag og demens, medan me er opptekne av korleis hjernen utviklar seg dei første åra av eit menneske sitt liv. Det er grunnen til at me vil sjå på faktorar som genetiske komponentar og miljø. Det som skjer tidleg, til og med i fosterstadiet, er det som kan prega hjernen seinare i livet, seier Joel Glover til Uniforum.

Lærevanskar og åtferdsproblem

Han er viss på at dette tverrfaglege nettverket ikkje berre kan bli viktig for forskarane, men i høgste grad også vil vera relevant for samfunnet.

– Det må tverrfagleg innsats til for å finna meir ut om korleis lærevanskar oppstår og kvifor nokon lettare blir rusavhengige enn andre. Det kan dessutan gi oss årsakene til åtferdsproblem og kriminalitet. Reint medisinsk kan me kunna finna ut årsaker til hjernedefektar og me kan undersøkja nærmare kva som er grunnen til at nokre hjernesvulstar råkar barn. Kva effekt ernæring har på utviklinga av hjernen, blir ein viktig del av dette, fortel Glover.

– Dessutan skjer mange av dei same degenerative prosessane som går føre seg i hjernen til eldre, også i hjernen til fosteret. Hjernen startar nemleg med mange fleire nerveceller og kontaktpunkt (synaptiske nettverk) enn den endar opp med, og normal hjerneutvikling inneber tap av desse nervecellene. Me vil finna ut kvifor det skjer, legg han til.

I nettverket har han med seg rundt 20 forskarar frå nevrologi, ernæring, pediatri, psykologi, fysiologi, embryologi og forskarar som ser på kjønnsskilnader.

Kjønnsskilnader

– Forskinga kan fortelja oss meir om hjerneutvikling som går på skilnaden mellom gut og jente. Hjernen er det me er. Det er viktig å forstå. Kva potensial er medfødde og korleis kan dei utviklast. Ta til dømes språkutvikling og læring hos barn. Eit barn på 4 år kan læra fleire ord kvar time det er vake. Det er mykje meir enn det ein vaksen klarar. Kvifor mister me denne evna, og kan me auka den seinare i livet?

– Og på kva måte skal denne forskinga gå føre seg?

– Både i laboratorium og på klinikk. Og med eit stort spekter av moderne metodar, ikkje minst visualisering av struktur og aktivitet i hjernen.
Bilettekst:
 

 

Emneord: Medisin, Ernæringsforskning, Psykologi Av Martin Toft
Publisert 9. okt. 2009 15:41 - Sist endra 9. okt. 2009 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere