Forskarparadiset i Oslo

– Det er den beste staden for norsk forsking. Noreg har grunn til å vera stolt over Senter for grunnforsking, seier vitskapleg leiar Gro Steinsland. Uniforum har besøkt forskarparadiset i Vitskapsakademiet i Oslo.

TANKESMIA: Vitskapleg leiar Gro Steinsland framfor villaen til Vitskapsakademiet, der tankesmia Senter for grunnforsking held til.

Foto: Ola Sæther

Forskarar som drøymer seg vekk til ein stad utan undervisningsplikt og til dagar utan retting av master- og doktoravhandlingar og utfylling av søknader om økonomisk støtte frå Forskingsrådet eller EU, treng ikkje dra lenger enn til Drammensveien 78 i Oslo. I den eine fløyen av Vitskapsakademiet held Senter for grunnforsking til.

Både dei forskarane som er der og dei som har vore der, synest at dette er eit forskarparadis på jord. Gro Steinsland er mest kjent som professor i norrøn religionshistorie ved Universitetet i Oslo. No er ho tilsett som vitskapleg leiar for Senter for grunnforsking, som har det lange, engelske namnet Centre for Advanced Study at the Norwegian Academy of Science and Letters (CAS).

Heller ikkje ho prøver å avvisa at det gode forskarlivet finst i den gamle villaen i Drammensveien.

– Beste staden for norsk forsking

– Det er den beste staden for norsk forsking. Noreg har grunn til å vera stolt over Senter for grunnforsking. Den amerikanske biologiprofessoren John N. Thompson har fortalt oss at han synest det ikkje finst nokon betre stad i heile verda å forska enn her, fortel Gro Steinsland.

Uniforum møter henne og kontorsjef Maria Sætre i lunsjrommet i tårnværelset i villaen til Vitskapsakademiet.

– Her har me felles lunsj klokka 12.00 kvar einaste dag. Då møter forskarar frå både den naturvitskaplege, den samfunnsvitskaplege og den humanistiske gruppa kvarandre. Av og til har me også felles, tverrfaglege møte, der forskarane kan finna ut om dei på tvers av faggruppene har ting til felles i forskinga si, fortel Gro Steinsland.

Dette akademiske året er fire av fem gruppeleiarar frå Universitetet i Oslo. Antikkprofessorane Øivind Andersen og Eyjólfur Kjalar Emilsson leier forskargruppa ”Etikk i antikken: På leiting etter det gode liv”, medan jusprofessor Geir Ulfstein og filosofiprofessor Andreas Føllesdal leier ei forskargruppe som skal gi svaret på spørsmålet ”Bør statar ratifisera menneskerettskonvensjonar.” Den naturvitskaplege gruppa blir leidd av biologiprofessor Eivin Røskaft frå NTNU. Dei ser på korleis fuglar tilpassar seg når miljøet rundt dei endrar seg.

Tre forskargrupper

– Det var eigentleg tidlegare forskingsminister Gudmund Hernes som fekk ideen om å oppretta eit slikt senter for grunnforsking. Han var viss på at det ville heva nivået på norsk forsking og samtidig gjera den meir internasjonal. Så då det blei opna med namnet ”Senter for høyere studier” i 1992, var det eigentleg det første norske senteret for framifrå forsking, meiner Steinsland.

 

KORTREIST ADMINISTRASJON: Kontorsjef Maria Sætre kan møta alle dei ho administrerer i lunsjen. (Foto: Ola Sæther)
 

Kvart år får tre ulike forskargrupper plass i Senter for grunnforsking. Ei gruppe innanfor naturvitskap, matematikk og medisin. Ei gruppe innanfor samfunnsfag og jus og ei tredje gruppe innanfor humaniora og teologi. To år før dei skal dit, får gruppeleiarane vita om dei er blant dei heldige som får bruka rundt eitt år av forskarlivet sitt til å leia eit forskingsprosjekt ved Senter for grunnforsking. Før dei kjem så langt, har det vore ein svært omstendeleg prosess.

– Først må ein instituttleiar eller forskar nominera ein kandidat med eit prosjekt. Styret for Senter for grunnforsking handsamar dei innkomne forslaga. Dei beste prosjekta blir så plukka ut gjennom ein fleirledda prosess der prosjekta og forskargruppene blir vurderte av fagekspertar både på nasjonalt og internasjonalt plan. Fristen for å nominera kandidatar denne hausten er 16. november, seier Maria Sætre.

– Dei som blir valde ut, får vera på senteret heile det akademiske året 2012/2013. Dei som til slutt blir valde ut, får vita det i juni neste år, to år før det akademiske året dei skal vera der, fortel Sætre.

– Tøff jobb

I dag får alle dei tre gruppene disponera ein sum på 3,3 millionar kroner i løpet av den tida dei er her.

– Det er likevel ein svært tøff jobb å vera gruppeleiar. Dei har rett nok høve til å velja på øvste hylle mellom dei norske og internasjonale forskarane dei vil ha i gruppa si. Men medan dei norske forskarane får utbetalt lønn frå dei institusjonane dei vanlegvis arbeider for, må dei beste utanlandske forskarane ofte kjøpast fri. Og då må dei bruka av den potten som dei får tildelt. Pengane skal også brukast til opphald og bustad for dei mest langvegsfarande forskarane, seier Steinsland. 

er rundt 10 forskarar i kvar gruppe. Likevel har dei fleste gruppene pengar nok til at dei også kan skipa til både ein opnings- og ein avslutningskonferanse i løpet av den perioden dei er på dette senteret. Og då får dei bruka lokala til Vitskapsakademiet utan at dei treng å betala for det. Eg håpar likevel at Kunnskapsdeparementet kan auka løyvinga til oss, slik at kvar gruppe får fire millionar kroner, synest ho.

I 2007–2008 leidde Gro Steinsland sjølv ei forskargruppe om Herskarmakt og herskarideologi i nordisk kultur 800-1200 på senteret.

– Det var det som gjorde at eg søkte jobben som vitskapleg leiar for Senter for grunnforsking. For dei som har vore her, gløymer det aldri, og heller ikkje administrasjonen gløymer dei. Difor inviterer me alle til julefestane våre for å halda den faglege og sosiale fellesskapen ved like, seier ho.

– Konsentrerer seg om forsking

Rett etter ein betre lunsj tar me oss ein tur rundt i dei indre gemakka i lokala til senteret. Der møter me antikkprofessoren Øivind Andersen og filosofiprofessoren Eyjólfur Kjalar Emilsson frå UiO. Dei er gruppeleiarar for prosjektet ”Etikk i antikken: På leiting etter det gode liv”. Med seg i forskargruppa har dei kollegaer frå Island, Sverige, Finland, Storbritannia, Sveits, Hellas, Tyskland og USA.

– Det viktigaste for oss er mest mogleg å klara å kopla ut moderuniversitetet vårt, Universitetet i Oslo. Akkurat den biten er nok enklare for dei utanlandske forskarane, trur antikkprofessor Øivind Andersen.

– Det som er flott her, er at alt er lagt til rette for oss, slik at me kan konsentrera oss om forskingsprosjektet vårt, seier Eyjólfur Kjalar Emilsson.

– Me prøver i god humanistisk tradisjon å foreina individuell fordjuping med godt teamarbeid, seier Andersen og Emilsson.

LUNSJ: I tårnværelset har alle felles lunsj: Framme: Eyólfur Kjal Emilsson og Øyvind Rabbås frå UiO, Svarvar Hrafn Svavarsson, Islands universitet, Julia Annas, University of Arizona og vitskapleg leiar Gro Steinsland. Bak: konsulent Marit Finnemyhr Strøm, kontorsjef Maria Sætre og førstekonsulent Trude Gran Peters ved Senter for grunnforsking. (Foto: Ola Sæther)

– Svært god bruk av pengar

Og Øivind Andersen legg gjerne til eit anna godt poeng.

– Dette er ein svært god bruk av pengar. For oss som driv med humanistiske fag, er ei slik løyving på 3,3 millionar ofte nettopp det me treng. Det er ikkje naudsynt med ei løyving på 30 millionar for å koma i gang. Storleiken på forskargruppa vår på Senter for grunnforsking er ideell for oss, synest Øivind Andersen.

Nede i underetasjen held leiaren for den naturvitskaplege forskargruppa til.

– Eg er svært nøgd med å kunna sitja her i fred og ro, langt borte frå eit institutt, slik at me kan konsentrera oss om dei små tinga som me held på med her, fortel biologiprofessor Eivin Røskaft. Han er kjend for forskinga si på gauken i Noreg.

– No ser me på gauken og andre fugleartar sine vandringar og tilpassingar til eit endra miljø både i Asia, Mellom-Europa og i USA, i tillegg til Noreg, forklarar han.

– Eg har med meg tre andre forskarar frå forskargruppa mi i Trondheim. Men her kan me vera mykje meir effektive, for det er ingen om ventar at me skal koma heim til middag kvar dag klokka 17.00, seier han.

– Fantastisk akademisk innsprøyting

Litt lenger inn i underetasjen sit filosofiprofessor Andreas Føllesdal. Saman med jussprofessor Geir Ulfstein leier han den samfunnsvitskaplege og juridiske forskargruppa som skal finna svar på spørsmålet om statar bør ratifisera menneskerettskonvensjonar.

– Det er ei fantastisk akademisk innsprøyting å få eit forskingsopphald på Senter for grunnforsking, seier han.

– Eg er svært takksam for det høvet me får til å velja ut toppforskarar på øvste hylle frå heile verda til å delta i eit tverrfagleg prosjekt. Og eg synest prosessen med å plukka ut gruppeleiarar for prosjekta var svært straumlinjeforma. Både EU og Forskingsrådet kan ha mykje å læra av den prosessen, tykkjer Føllesdal.

Og han synest administrasjonen fortener all mogleg honnør.

– Den er fantastisk veldriven. Det er kanskje mange fordelar med stordrift, men det er absolutt mange fordelar med smådrift også. Eg fekk til dømes pengane inn på konto, to dagar etter at eg hadde levert ei reiserekning. Det viser ein av fordelane med ein kortreist administrasjon.
 

 

 

 

Emneord: Forskning, Videnskaps-Akademiet Av Martin Toft
Publisert 14. okt. 2009 12:56 - Sist endra 14. okt. 2009 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere