Fekk undervisning av rektor

–Det er viktig for ein rektor å halda kontakt både med forskinga og undervisninga. Difor har eg to kurs i histologi i dag, fredag 11. september, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum, før han går inn for å undervisa medisinstudentane på niande semester.  

VIKTIG: – Utdanning er ein svært viktig del av samfunnsoppdraget til universitetetet, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen, som i formiddag heldt sine to einaste forelesingar i medisin dette semesteret.

Foto: Ola Sæther

Klokka 11.55.kjem UiO-rektor Ole Petter Ottersen småspringande til si eiga forelesing i  Domus Medica.  Men forelesinga byrjar ikkje før 20 minuttar seinare.

– Eg har ei genuin interesse i å setja fokus på utdanninga. Utdanning er ein svært viktig del av samfunnsoppdraget til universitetetet. Men god forskingsbasert undervisning er det ikkje mogleg å tilby, viss ikkje talet på forskarstillingar balanserer med talet på studentar, understrekar Ottersen.

Ikkje sutring

Han er ikkje særleg blid på dei som hevdar at universitetsrektorane syt når dei krev meir pengar til sektoren.

– Det er vår oppgåve å fortelja korleis situasjonen er. Då er det dårleg gjort å kalla det for sutring, synest han. Spådommen om at det i løpet av ein tiårsperiode vil bli mellom 80 000 og 100 000 fleire studentar enn i dag, meiner han viser at styresmaktene må førebu seg på det allereie i dag.

– Det er viktig at det blir sett i verk ein opptrappingsplan for heile sektoren så snart som mogleg, synest han.

– Forsking er blitt valkamptema

–Tykkjer du at forsking og høgare utdanning er blitt tema i valkampen, slik du hadde håpa?

– Ja, absolutt. Det har ikkje blitt eit hovudtema, men det har klatra oppover på lista over tema som politikarar tar med i valkampen. Politikarar har fortald meg at forsking og høgare utdanning aldri har vore så sentralt i ein valkamp som denne gongen.

33 år med same kurs

– No skal du undervisa. Har du førebudd deg godt?

– Ja, det vil eg seia. Kurset i histologi, altså læra om veva, har eg hatt kurs i sidan 1976. Det er likevel naudsynt å oppdatera seg kvar gong. Når eg har valt å halda dette kurset, er det også fordi det er på det niande semesteret av medisinstudiet. Undervisningsspråket er engelsk heile det semesteret. Og det har vore ein stor suksess. Det viser at Universitetet i Oslo må ha tilbod om undervisning på engelsk som ein del av satsinga på internasjonalisering.

Då byrjar studentane å strøyma inn i undervisningssalen, og etter å ha sjekka om det tekniske utstyret fungerer, kan Ole Petter Ottersen ta til med undervisning:

– Welcome to this lecture! My name is Ole Petter Ottersen!
 

Emneord: Medisin, Universitetspolitikk, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2009 13:35 - Sist endret 16. sep. 2009 15:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere