Tronge kår for romforsking

14 millionar kroner i året har Noregs forskingsråd øyremerkt til romforsking sidan 1996. I 2005 meinte Forskingsrådet at det burde investerast minimum 65 millionar kroner i året fram til 2015.  – Forskingsminister Tora Aasland bør ta planen opp igjen frå skriverbordskuffa, synest Per B. Lilje, som leier Institutt for teoretisk astrofysikk.

IKKJE ROM: – Me har ikkje stort rom for å satsa pengar på forskingsfelt som ligg utanom hovudsatsingsområda våre, solfysikk og kosmologi, seier Per B. Lilje som leier Institutt for teoretisk astrofysikk.

– Både solfysikk og kosmologi er likevel mellom hovudsatsingsområda til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Det viser at me har klart å etablera desse fagområda i den internasjonale forskingstoppen, sjølv om finansieringa frå Noregs forskingsråd ikkje har auka sidan midten av 1990-talet, meiner instituttleiar Per B. Lilje ved Institutt for teoretisk astrofysikk.

–Topp internasjonale forskarar

Han trekkjer fram at instituttet nyleg har tilsett tre nye førsteamanuensar i kosmologi og to i solfysikk.

– Tre av dei som blei tilsette, er topp internasjonale forskarar frå Nederland, Danmark og Portugal. Dei søkte seg hit fordi dei ynskte å arbeida i fagmiljøet vårt. Det er eit klart teikn på at norsk romforskingsmiljø har eit godt ord på seg internasjonalt, meiner han.

I dag arbeider det rundt 40 personar ved Institutt for teoretisk astrofysikk. Årsbudsjettet er på rundt 40 millionar kroner.

– 60 prosent ekstern finansiering

– 60 prosent av aktivitetane våre blir finansiert av eksterne organisasjonar som Noregs forskingsråd, EU, ESA (Den europeiske romfartsorganisasjonen) og Forsvarets Forskingsinstitutt. Resten blir finansiert direkte frå budsjettet til Universitetet i Oslo, fortel Lilje.

– Det seier difor seg sjølv at me ikkje har stort rom for å satsa pengar på forskingsfelt som ligg utanom hovudsatsingsområda våre, solfysikk og kosmologi. Kvart år tilbyd me fire til seks postdoktorstipend ved instituttet, og kvart år avsluttar om lag det same talet stipendperioden sin.

– Fleirtalet av dei som er innom, vil difor aldri få ei fast vitskapleg stilling ved instituttet vårt. Etter den strategiske planen vår skal alltid den vitskaplege kvaliteten til kandidatane telja mest, når me tilset folk i slike stillingar. For tida har me tilsett to postdoktorar som arbeider med nattastronomi, opplyser Lilje til Uniforum.

– Det er klart at me heller ikkje har økonomi til på eiga hand å melda Noreg inn i European Southern Observatory (ESO). Det må bli bestemt av dei løyvande styresmaktene, understrekar han, og viser til at i Noregs forskingsråds rapport Visjon 2015. Rom for forskning frå 2005, ville eit medlemskap i ESO, innebera eit godt nivå der det kom til å bli satsa 156 millionar kroner i året på romforsking. Eit middels nivå ville ha gitt 96 millionar kroner til romforsking, medan eit lågt nivå kunne ha gitt 65 millionar kroner i året.

Større økonomisk armslag på 1980-talet

– Det er langt frå dagens sum, som ligg på 14 millionar kroner, og som har lege på det nivået meir eller mindre konstant sidan 1996. Det var faktisk mykje meir satsing på romforsking på 1980-talet og på byrjinga av 1990-talet enn det er i dag, synest Lilje. Dei som arbeider for at instituttet skal prioritera andre forskingsområde i framtida, må venta på konklusjonen til eit utval under leiing av setteinstituttleiar Jan Trulsen som skal leggja fram ein arbeidsplan for strategiarbeidet til instituttet.

– Diskuterer framtida

– I dette arbeidet skal me mellom anna ta opp desse punkta: Skal det opprettast eit tredje forskingsfelt, utanom solfysikk og kosmologi? Skal me, og om så på kva for nivå, delta i bakkebasert optisk astronomi? Skal me starta eit mogleg nytt kurs i astro- og geodynamikk som del av ei ny satsing. Under dette skal me også diskutera forholdet vårt til European Strategy Forum on Research Infrastructures (ESFRI) og eventuell deltaking i European Extremely Large Telescope (EELT).

– Dermed er det ikkje korrekt å seia at instituttet ikkje har prioritert fagområdet nattastronomi. Instituttet er altså midt oppe i diskusjonen om framtidig strategi, der dette blir vurdert opp mot andre alternativ, presiserer Lilje.

I rapporten frå Forskingsrådet blir det skissert kor viktig det er at Noreg satsar på romforsking, og kor attraktiv den norske infrastrukturen for romforsking er både for norske og utanlandske forskingsmiljø. Det blir også vist til at norsk industri kan tena milliardar på levering av utstyr til både nasjonal og internasjonal romforsking.

Det blir vist til Andøy rakettskytefelt, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og radaranlegga til European Incoherent Scatter (EISCAT) utanfor Tromsø og i Longyearbyen.

– Etter mi meining bør forskingsminister Tora Aasland sjå ein gong til på visjonane som denne planen trekkjer opp for norsk romforsking. Det kan både norsk forsking og norsk industri tena på, trur Lilje.

Klarer mykje med små ressursar

Han er derimot svært nøgd med kva instituttet hans har klart å få til med dei ressursane det har.

– Me samarbeidar nært med Japan om solsatellitten Hinoda. Alle data frå den satellitten blir lasta ned til ein stasjon på Svalbard, bearbeidde og lagra på Blindern og sendt vidare herifrå til resten av verda. Mellom 10 og 15 av våre medarbeidarar arbeider med dette prosjektet.

– Nyleg blei også Planck-satellitten send opp for å skaffa oss data om det første sekundet av eksistensen til universet. Den vil også finna ut meir om fenomena mørk materie og mørk energi. Forskarar ved vårt institutt har laga dataanalysemetoden som blir tatt i bruk no. Men resultata frå desse observasjonane får me ikkje lov til å publisera før i 2011, fortel Lilje, som sjølv er involvert i det prosjektet. Forskarar ved instituttet har også tilgang til verdas fremste solteleskop.

– For eit årleg bidrag på 700 000 kroner får me bruka Swedish One Meter Solar Telescope (SST) på La Palma på Kanariøyene 40 dagar i året. Det er ei nyttig investering, synest han.

 



 

Emneord: Naturfag Av Martin Toft
Publisert 25. sep. 2009 10:53 - Sist endra 25. sep. 2009 11:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere