– Kvotehandel kan finansiera klimatiltak i fattige land

– Noreg går inn for at ein til to prosent av all handel med klimakvotar skal gå til klimatiltak i fattige land. Det vil utgjera rundt 150 milliardar kroner i året på verdsbasis, lova miljø- og utviklingsminister Erik Solheim i ei forelesing på Universitetet i Oslo i formiddag.  

VITSKAPEN SIN TRIUMF: - Verda har aldri tidlegare hatt eit panel av forskarar som skal bestemma verdas framtid, sa Erik Solheim i MILEN-forelesinga på Blindern i dag.

Foto: Martin Toft

Det var det tverrfakultære satsingsområdet ”Miljøendringar og berekraftig energi" (MILEN) som hadde invitert miljø- og utviklingsminister Erik Solheim til å halda den aller første MILEN-forelesinga i Ragnar Frischs auditorium på Blindern. Han heldt eit manusfritt foredrag på 45 minuttar der han fortalde om regjeringa sine ambisjonar og lovnader før klimatoppmøtet i København i desember.

– Suksess om statsleiarane kjem

– Viss USAs president Barack Obama, Kinas president Hu og dei andre statsleiarane kjem til København, blir det ein suksess. Om landa berre sender miljøvernministrane sine, blir det ikkje det, konstaterte han. Han såg likevel svært lyst på utsiktene til at noko positivt kan skje.

– Eventyrleg

– Valet av Barack Obama som amerikansk president er det viktigaste som har skjedd i dette hundreåret. Det er heilt eventyrleg. Under miljøtoppmøtet i Nairobi tidlegare i år gjentok Noreg forslaget sitt om å innføra eit globalt forbod mot bruk av kvikksølv. Tidlegare har USA alltid stemt imot. Denne gongen stemte dei for, for dei amerikanske ekspertane som hadde sagt at eit forbod ikkje ville skada amerikansk industri, fekk endeleg lov til å seia det. Og når USA stemte for, så gjorde også alle dei andre landa som tidlegare hadde stemt imot, det same. Dei kunne ikkje lenger gøyma seg bak USA. I Japan har dei nyleg fått ein statsminister som også lovar å føra ein langt meir offensiv klimapolitikk, slo han fast.

– Vitskapen sin triumf

Solheim tok utgangspunkt i FNs klimapanel.

– Klimapanelet må vera vitskapen og universiteta sin store triumf. Verda har aldri tidlegare hatt eit panel av forskarar som skal bestemma verdas framtid. Det vil ikkje seia at me skal stansa diskusjonen om årsakene til klimaendringane. Men verdas leiarar veit no nok til at dei kan byrja å handla. Dei har godt nok vitskapleg grunnlag til å gjera det. Det kan me berre få når forskarar frå ulike fag samarbeider. Eg synest difor det er flott at UiO fører saman fleire ulike fagmiljø i ei felles forskingssatsing på miljøendringar og berekraftig energi, understreka Solheim.

– To grader er grensa

– Dersom ikkje noko blir gjort med den globale oppvarminga, vil gjennomsnittstemperaturen på jorda stiga med tre til fire grader. Verdsleiarane har difor alle eit felles mål om å få til tiltak som fører til at gjennomsnittstemperaturen ikkje aukar med meir enn to grader. Utfordringa er å få til tiltak som er rettferdige for alle land. Difor er den tredelte pyramiden med USA og EU i to hjørne og India/Kina i det tredje hjørnet, alfa og omega for å få til ein ny global klimaavtale. Viss dei seier nei, vil ingenting koma til å skje, var han viss på.

– Noreg kan gjera ting på eiga hand

Miljø- og utviklingsministeren meinte at Noreg kunne gjera ting på eiga hand, nettopp fordi landet ikkje er medlem i EU.

– I EU er det mange land som skal ha eit felles standpunkt. Me kan koma med eigne, konstruktive forslag. Det er grunnen til at me kan setja av 15 milliardar i eit regnskogfond frå 2008 til 2012. Noreg kan også stilla krav til skipsfarten sin, som blir lagt merke til av andre land fordi Noreg er verdas femte største skipsfartsnasjon. Alle dei norskeigde skipa forureinar like mykje som all anna forureining i Noreg til saman. Oljefondet vil setja av 20 milliardar kroner til investeringar i miljøteknologi og fornybar energi. Målet vårt er at Noreg også skal bli storeksportør av fornybar energi, på same måte som me er storeksportør av olje og gass i dag, sa Solheim, før han kom med eit spark til dei som vil ha Framstegspartiet inn i regjeringskontora.

– Det er eit parti som ikkje trur på den globale oppvarminga og klimatrugsmålet. Med det partiet ved makta vil Noregs klimapolitikk ramla ned frå 1. divisjon til 7. divisjon, hevda han. 

To hovudområde i København

På FNs klimatoppmøte i København i desember trudde han forhandlingane ville koma til å dreia seg om to hovudområde.

– Det blir ein kombinasjon av utsleppsreduksjonar for dei rike landa og forpliktande klimamål for Kina og India. Ingen krav kjem til å bli sette til dei aller fattigaste landa. Finansiering frå dei rike landa til tiltak som kan hjelpa dei med å tilpassa seg eit endra klima, blir også eit svært viktig punkt, trudde han.

– Klimaflyktningar

Så viste han til dei to landa Nederland og Bangladesh.

– Begge vil merka at havnivået stig. Nederland har nokre av verdas fremste ekspertar på dambygging og har eit stabilt demokrati. Difor trur me at landet vil klara det. Bangladesh opplever flaumar kvart år, og folk mister landbruksområde. Det fører til at dei blir klimaflyktningar, og mange vil truleg dra til India. Ein mann i den indiske etterretningstenesta fortalde meg ein gong at ei slik mogleg folkevandring var det største trugsmålet frå Bangladesh, sa Solheim.

Godord for elbilen

I Noreg meinte han at løysinga på den lokale forureininga var fleire elbilar.

– Me er glade for dei tre elbilprodusentane me har i Noreg. Den eine i samarbeid med den indiske bilfabrikanten Tata. Det er likevel først når dei store bilfabrikkane i Detroit, i Tyskland, i Frankrike og i Japan kjem i gang med masseproduksjon av elbilar at salet vil ta av. Då vil me få familiebilar med plass til tre barn og ein hund i baksetet. President Barack Obama har gitt bilindustrien klare signal om at dei må omstilla seg. Det ser det ut til at dei har forstått, meinte Solheim.

 

 

Emneord: SUM, Miljøforskning Av Martin Toft
Publisert 10. sep. 2009 16:14 - Sist endra 11. sep. 2009 11:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere