– Forskingsmeldinga kan bli ein skamplett

– Forskingsmeldinga ”Klima for forsking” må få ein oppfylgingsplan for finansiering. Viss ikkje blir den ståande som ein skamplett, meiner UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Han støttar også kravet om at Jens Stoltenbergs nye regjering må gi ein eigen kunnskapsmilliard til forsking og høgare utdanning.  

– Meldinga må få ein eigen oppfylgingsplan for finansiering. Om det ikkje skjer, vil heile forskingsmeldinga bli ståande som ein skamplett, spår Ole Petter Ottersen. Her testar han mikroskopet før han skal forelesa.

Foto: Ola Sæther

– Eg har stort håp til det nye utvalet som skal prøva å få til ei felles røyndomsforståing for universitets- og høgskulesektoren. Det har vore ein svært stor avstand i våre røyndomsbilete.

– For oss på universiteta er det heilt klart at den eksisterande kjerneverksemda har fått mindre og mindre ressursar dei siste åra, sjølv om det har skjedd ein realvekst totalt, konstaterer UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

No er han oppteken av at dei store ambisjonane i forskingsmeldinga ”Klima for forsking” blir realiserte.

 

 – Meldinga må få ein eigen oppfylgingsplan for finansiering. Om det ikkje skjer, vil heile forskingsmeldinga bli ståande som ein skamplett, spår han.

– Må førebu studentauken

For Ole Petter Ottersen er det også viktig å koma i dialog med regjeringa når det gjeld å finna ei løysing på den store auken i studentala dei neste ti åra.

– Dersom det blir opptil 100 000 fleire studentar enn no på landsbasis, må me førebu oss i dag. Desse studentane har også krav på å få god undervisning og gode undervisningslokale.

– Det vil difor vera naudsynt å styrkja forskingsmiljøa for at dei skal kunna fylgja opp prinsippet om å tilby forskingsbasert undervisning. Arealbehovet vårt vil også bli større. Universitetet i Oslo har difor sett i gang arbeidet med å laga ein eigen beredskapsplan for å kunna ta imot denne studentauken, fortel han.

Etterlyser ein framtidsanalyse

Førebels saknar han ein dialog med regjeringa om korleis den ser for seg framtida.

– Det hastar med å få gjort ein ordentleg analyse av kva omstillingar i næringslivet vil ha å seia for fagområda våre. I kva fag blir det mest behov for nye studieplassar? Det må me få svaret på i ein slik analyse.

– Både studentorganisasjonane og leiaren for Akademikarane, Knut Aarbakke har kravd ein kunnskapsmilliard frå regjeringa. Støttar du dette kravet?

– Me støttar sjølvsagt det. Det kan sikkert vera med og retta opp ein del av etterslepet i finansieringa av forsking og høgare utdanning. Men ei slik løyving må også fylgjast opp av ei opptrapping av basisbudsjetta til universiteta. Dessutan er det viktig at samfunnet tenkjer langsiktig. Universitetet i Oslo går føre som eit godt døme og er i ferd med å laga ein strategiplan som går frå 2010 til 2020.

– Den globale kunnskapsallmenningen

Ole Petter Ottersen er opptatt av at Noreg som ein rik oljenasjon også har eit globalt ansvar.

– Like vanleg som det er å understreka at Noreg har eit globalt ansvar for å skapa ei positiv utvikling i dei fattigaste landa, har Noreg eit ansvar for å koma med sine bidrag til den globale kunnskapssallmenningen. Det er like mykje eit solidaritetsprinsipp innanfor forskinga som innanfor utviklingshjelpa.

– Når Noreg har vore eit av landa som har ansvaret for at det er blitt sleppt for mykje CO2 ut i atmosfæren, må Noreg også bruka pengar på forsking som kan vera med på å finna ei løysing på klimaproblema. Det er vårt moralske imperativ å ”bidra etter evne” til den globale kunnskapsallmenningen.

– Vil du då framleis ha Tora Aasland som forskingsminister?

– Det er ingen som er i tvil om at den sitjande ministeren er engasjert i forskinga. Eg kan ikkje ha noka meining om ho skal bli sitjande eller ikkje. Det er dei ein annan som bestemmer.Men me bør framleis ha ein eigen minister for forsking og.høgare utdanning.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2009 14:23 - Sist endra 23. sep. 2009 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere