Ole Petter Ottersen inntok rektorkontoret

– I dag skal me begynna med å leggja opp planane for hausten og byrja diskusjonen om kvar Universitetet i Oslo skal vera om ti år. Det seier Ole Petter Ottersen til Uniforum då han for første gong kjem på jobb som rektor ved Universitetet i Oslo tidleg om morgonen måndag 3. august.  

GLER SEG: Ole Petter Ottersen gler seg til å ta fatt på jobben som rektor ved Universitetet i Oslo. I dag hadde han første arbeidsdag som rektor og kunne innta rektorkontoret og sjå nærare på portrettet av universitetet sin første rektor W. A. Brøgger.

Foto: Martin Toft

Klokka 8.30 i dag starta medisinprofessor Ole Petter Ottersen den første arbeidsdagen som rektor ved Universitetet i Oslo. Første post på programmet var dette intervjuet med Uniforum.

– Det viser kor høgt eg prioriterer lokalpressa og kor viktig den er, smiler han.

Dagen er fullpakka med gjeremål, men han har allereie prioritert tid til å få diskutert strategi og planar framover.

– Vil diskutera felles strategi

– Eg vil samla saman heile rektoratet og den administrative leiinga for å diskutera ein felles strategi for korleis Universitetet i Oslo skal framstå om ti år, og korleis UiO skal visa seg fram i samband med 200-årsjubileet i 2011 og grunnlovsjubileet i 2014. Det skal me diskutera i nært samarbeid med studentar og tilsette, seier Ottersen.

Og han reknar også med å få tid til å trekkja opp dei lange universitetspolitiske linjene.

– Me fire i rektoratet ,prorektor Inga Bostad, viserektorane Doris Jorde og Ragnhild Hennum og meg sjølv skal setja oss saman og fordela dei ulike oppgåvene mellom oss. Alt som me skal gjera, skal vera grunnlagt på kva me vil at Universitetet i Oslo skal vera om ti år, understrekar Ottersen.

– Forsking og høgare utdanning må bli valkamptema

Han ynskjer også å utnytta valkampen til dei politiske partia til å få sett forsking og høgare utdanning på den politiske agendaen.

– Difor inviterer me representantar for regjeringa og alle dei politiske partia til ein debatt om kva ei ny regjering vil gjera for forsking og høgare utdanning og for Universitetet i Oslo onsdag 12. august.

– Det er viktig at dette blir eit tema i valkampen og ikkje kjem i skuggen av andre politiske saker.

 – Eg vedgår at det ikkje er lett, sidan tidsperspektivet til politikarane ofte er langt kortare enn tidsperspektivet til dei som er opptatt av forsking og høgare utdanning.

– Kva gler du deg mest til som rektor?

– Eg gler meg til å ta fatt i jobben. Det er ei enorm utfordring. Alle i rektoratet er opptatt av å gjera eit godt universitet endå betre. Me har som ambisjon at me skal jobba meir med internasjonaliseringsperspektivet.

– Stort spelerom for entusiasmen og kreativiteten

– Kva bodskap har du til studentar og tilsette ved UiO?

– Me skal syta for at entusiasmen og kreativiteten får stort spelerom på UiO. Det er dei viktigaste drivkreftene på universitetet. Den første månaden skal me også ha møte med alle fakultet. Dessutan satsar med på å få til ein direkte kanal til både studentar og tilsette. Me vil gjerne opna for innspel til korleis me kan få det til.

– Det er ikkje sikkert det blir ein blåkopi av dei opne møta til det førre rektoratet. I alle fall skal me føra vidare den direkte kontakten med studentane og dei tilsette, lovar Ole Petter Ottersen.
 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 3. aug. 2009 14:21 - Sist endra 3. aug. 2009 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere