Dyslektikar klagar på dårleg informasjon før eksamen

Arlind Kurtbegul er dyslektikar og strauk både i ordinær eksamen og i privatisteksamen i norsk trinn 3. Ingen fortalde han at han hadde rett til spesiell tilrettelegging. No har han levert inn ei klage.– Internasjonale studentar får god informasjon om tilrettelegging av eksamen, nesten betre enn norske studentar, seier seksjonssjef Guri Vestad i Studieavdelinga ved UiO.  

KLAGE: Arlind Kurtbegul viser fram legeerklæringane som viser at han har rett til spesiell tilrettelegging under eksamen. No har han levert inn ei klage.

Foto: Martin Toft

Opphaldsløyvet til Arlind Kurtbegul går ut på måndag, og då må han venda tilbake til heimlandet Albania. Han vil gjerne bli verande i Noreg og heller ta om igjen heile undervisninga i norsk trinn 3.

Etter at han kom til Noreg som sjølvfinansiert student for eitt år sidan, har han tatt eksamen både i norsk trinn 1 og norsk trinn 2. Men på grunn av ting som har skjedd i heimlandet lir han av posttraumatisk stress, i tillegg til at han er dyslektikar.

Difor har han fått legerklæring frå fastlegen på at han må ha spesiell tilrettelegging under eksamen på same måten som norske studentar med same diagnose. Denne dokumentasjonen blei ikkje levert inn før han tok første ordinære eksamen i norsk trinn 3. Då strauk han, men før han skulle gå opp til ny eksamen, leverte han inn all naudsynt dokumentasjon til eksamenskontoret ved Det humanistiske fakultetet. Han fekk likevel ikkje spesiell tilrettelegging den andre gongen han var oppe til eksamen.
 

– Rett til spesiell tilrettelegging

– Opplæringslova slår klart fast at dyslektikarar og studentar med andre funksjonshemmingar har rett til spesiell tilrettelegging under eksamen. Det kan ikkje vera skilnad på han som utanlandsk student og norske studentar, seier venninna hans, Cindy Begiq.

– Me fekk svært dårleg behandling av sakshandsamarane ved Seksjon for internasjonalisering av studiar .Dei hadde knapt tid til å høyra på oss, seier Cindy Begiq og Arlind Kurtbegul.

– Dei sa til oss at eg må dra til Albania og søkja om nytt opptak derifrå, seier Kurtbegul.

– Han har brukt 10 000 euro på opphaldet i Noreg, og han gir ikkje opp. Men han vil gjerne ta norsk trinn 3 om igjen, og kursleiaren har fortald oss at det er ledige plassar igjen, og at han er hjarteleg velkomen tilbake, seier Cindy Begiq.

– Me har levert inn ein klage til Den sentrale klagenemnda, og me håpar at klaga kan bli ferdigbehandla før opphaldsløyvet hans går ut på måndag, peikar ho på.


– Hadde møte på ein time

Seksjonsleiar Guri Vestad i Seksjon for internasjonalisering av studiar avviser påstanden til Arlind Kurtbegul og Cindy Begiq om at dei blei dårleg behandla, då dei vende seg til Studieavdelinga.

– Den same dagen som studenten og venninna hans var i kontakt med Uniforum, hadde to sakshandsamarar i Seksjon for internasjonalisering av studiar (SIS) eit møte med dei som varte i om lag ein time. Studenten har også tidlegare vore inne til samtalar, alle dei internasjonale studentane har eigne rettleiarar i seksjonen og får samtalar når dei ber om det.

– Det stemmer difor ikkje at me ikkje har tatt oss tid til å snakke med dei, men snarare heller at dei ikkje fekk dei svara dei ynskte. Etter samtalen måndag gikk dei direkte til meg, som var opptatt og ikkje kunne ta eit møte på sparket. Dei fekk derimot snakka med fungerande studiedirektør i staden og fekk det same svaret som hos Seksjon for internasjonalisering av studiar, seier Guri Vestad.

– Får god informasjon

Ho synest ikkje internasjonale studentar får for dårleg informasjon om rettane sine før dei går opp til eksamen.

– Internasjonale studentar får god informasjon om tilrettelegging av eksamen, nesten i større grad enn norske studentar. I skjemaet der studenten tar imot studieplassen (Declaration of Acceptance ) er det ein eigen rubrikk om spesielle behov eller tilretteleggingsbehov. Der kryssar studenten av og skriv kva det dreier seg om i merknadsfeltet. Studentane blir så kontakta og får beskjed om kvar dei skal venda seg, det vil seia Tilretteleggingstenesta og /eller eininga, avhengig av kva slags behov eller diagnose det gjeld.
 

– Må ha dokumentasjon før eksamen

– Dei får også beskjed om at dei må ta med dokumentasjon, som dysleksitest, attestar frå lege eller psykologi. Elles er det også eit eige spørsmål om tilrettelegging som ein må svara på i studentweb for å fullføra semesterregistreringa. Studentene får med andre ord god informasjon og har rikelege høve til å melda frå om dette. At studentar får tilrettelagt eksamen føreset at dei både seier frå på førehand og dokumenterer og søkjer om slik tilrettelegging før eksamen – ikkje etterpå, slik tilfellet var her, understrekar Vestad.

Ho viser til at studentane ved Universitetet i Oslo ikkje har noko formelt krav om fornya eksamen på trinn 3. Heller ikkje Det humanistiske fakultetet opnar for det. Difor har heller ikkje dei fem studentane som strauk i den siste runden krav på det.

– Sidan stryk får store konsekvensar for den enkelte, som til dømes tap av opphaldsløyve,  ser me i i Seksjon for internasjonalisering av studiar oss alltid om etter løysingar i den grad det er mogleg. Første gong den aktuelle studenten var i kontakt med oss, var det uavklart om det fanst ein sjanse for ny eksamen for dei studentane som strauk på trinn 3. Me gav difor i første runde studenten standard informasjon om konsekvensar ved stryk: Ein taper studieretten, men kan ta Bergenstest og søkja nytt opptak gjennom Samordna opptak. Problemet er opphaldsløyvet . Det ligg utanfor UiOs ansvarsområde, seier Vestad.

Spesialtilbod

Dei kunne likevel gi eit spesialtilbod til dei studentane som strauk.

–Takka vere svært stor velvilje frå Den Internasjonale Sommarskulen fekk dei fem studentane som strauk likevel tilbod om å delta på sjølve eksamen i august saman med dei studentane som tok trinn 3 på sommarskulen.

– Dette var ei heilt ekstraordinær løysing som verken seksjonen vår eller Den internasjonale sommarskulen hadde plikt til å ordna. Denne eksamenen var då heller ikkje noko utsett prøve eller ny prøve (konteeksamen), det var ein privatisteksamen ved sommarskulen. Det er usikkert om klagaren sjølv har forstått dette.

–Sidan sommarskulen ikkje er ein del av HF, og studenten sjølv ikkje informerte sommarskulen før eksamen, blei det ikkje lagt til rette for serskild eksamen.
 

– Prøver å finna ei løysing

Seksjonssjef Guri Vestad synest difor studenten er blitt fylgd opp på ein god måte av Universitetet i Oslo.

– Det er mogleg at studenten og venninna hans meiner at dei er blitt dårleg behandla. Diverre er det ikkje alltid slik at bodskapen me saksbehandlarar er nøydde til å formidla samsvarar med den einskilde sine ynske, peikar ho på.

Dei prøver no å finna ein utveg.

– UiO tilbyr i utgangspunktet kun eit eittårig gratis norskkurs. UDI gir på si side også kun opphaldsløyve for eitt år på norskkurs. Me forsøkjer difor å finna ei løysing, seier Vestad.

 

 


 

Emneord: Studentforhold, Internasjonalisering, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 26. aug. 2009 17:52 - Sist endra 26. aug. 2009 18:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere