Omorganisering får stryk

Det medisinske fakultetet vedtok ein ny administrativ modell utan å syta for verktøy til å setja den i verk. Det er konklusjonen til utvalet som har evaluert fylgjene av modellen. – Det er ikkje hyggeleg med ei så kritisk evaluering, men det gir oss høve til å gripa tak i ting, seier fakultetsdirektør Bjørn Hol.  

KAN GRIPA TAK I TING: – Det er sjølvsagt ikkje hyggeleg med ei så kritisk evaluering, men det gir oss høve til å gripa tak i dei tinga som no blir lagde så tydeleg på bordet, seier fakultetsdirektør Bjørn Hol ved Det medisinske fakultetet. 

Foto: Ola Sæther

Det var i 2006 fakultetsstyret vedtok å organisera økonomi- og personalmedarbeidarane ved Det medisinske fakultetet i ein eigen personal- og økonomiseksjon direkte underlagt fakultetsdirektøren. Tidlegare hadde dei vore organiserte i fire ulike sekretariat, ved Ullevål, Domus Medica, Rikshospitalet og i Frederik Holsts hus. Til saman ytte dei teneste til 10 einingar.

Målet med omorganiseringa var at det skulle bli meir profesjonalitet i sakshandsaminga før ei avgjerd blei tatt. Ein del av vedtaket var at det skulle setjast i gang ei evaluering av prosessen etter at omorganiseringa var gjennomført. Den blei tinga av Det medisinske fakultetet, og det er den evalueringa som no ligg på bordet, med til dels skarp kritikk av måten omorganiseringa er blitt gjennomført på.
 

Ufullstendige og utilstrekkelege

Evalueringsutvalet meiner at det ikkje blei sett nok kraft bak gjennomføringa, og prosessane framstår som ufullstendige, utilstrekkelege eller lite proaktive. Det har gitt dårlege vekstvilkår, heiter det. Både reforma sin kompleksitet og motstanden som ein del hadde mot endringa, blei undervurdert, meiner utvalet, som er blitt leidd av dekan Knut Fægri ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet

Ingen heilskapleg plan

Utvalet konkluderer med at det ikkje har funne nokon systematisk og heilskapleg plan for iverksetjing av den nye modellen, og heller ingen grad av stimulerande verkemiddel. Hovudtrykket blei konsentrert om geografisk lokalisering av seksjonane og tilsetjing av seksjonsleiarar. Dessutan blei det sett i verk prosessar som hadde som mål å få til intern integrering og kompetanseutvikling i dei administrative seksjonane. Derimot har det vore eit avgrensa fokus på behovet grunneiningane har for involvering.

”Omkamp”

Utvalet har også inntrykk av at ikkje alle grunneiningane har slutta like heilhjarta opp om forsøk på å få modellen til å lykkast. Dei omtalar enkelte framtillingar som ein ”omkamp” om styrevedtaket. Det meiner utvalet undergrev både fakultetsstyret si rolle som øvste vedtaktsorgan og handlingsrommet fakultetsleiinga har til å gjennomføra styrevedtaket. Men kritikken går også mot fakultetsleiinga, som har late nokre einingar få lov til å ha unntaktsordningar.

Kritisk økonomidirektør

Den kritikken som truleg svir mest, må vera den som kjem frå økonomidirektøren ved Universitetet i Oslo. Økonomidirektøren viste til at Det medisinske fakultetet har store problem med å møta nye krav som blir stilte til økonomistyring ved UiO. Frå universitetsleiinga si side ser det ut til at årsakene kan vera at fakultetet har avgrensa økonomifagleg kompetanse, strukturelle problem og sviktande leiarforankring av økonomiarbeidet. Økonomidirektøren ser at dette er eit komplekst fakultet å driva økonomistyring ved, men framhever at då må fakultetet sin administrasjon og leiing innrettast etter det.

Må ta eit aktivt grep

I første omgang rår utvalet til at fakultetsleiinga må ta eit aktivt grep om økonomi- og personalarbeidet, for å sikra at rolleforståing og oppgåvedeling mellom det administrative støtteapparatet sentralt og leiinga ved dei lokale einingane er forankra og akseptert i alle ledd. Det ber også fakultetet om å gi seksjonssjefane meir støtte i det administrative arbeidet.
På lengre sikt vil utvalet rå til at integreringa av personal- og økonomiseksjonen bør fylgjast opp gjennom eit eige prosjekt.

Det strategiske ansvaret for personal- og økonomiforvaltinga ved fakultetet skal forankrast tydeleg hos fakultetsleiinga, og det må etablerast ei styringsgruppe for prosjektet, leidd av fakultetsleiinga og med representantar frå grunneiningane. Det må også utarbeidast eit oversyn over det samla tilfanget av personal- og økonomioppgåver, rår utvalet til.

– Ikkje hyggeleg

Fakultetsdirektør Bjørn Hol tar kritikken svært alvorleg.

– Det er sjølvsagt ikkje hyggeleg med ei så kritisk evaluering, men det gir oss høve til å gripa tak i dei tinga som no blir lagde så tydeleg på bordet. Ein del av dei tiltaka evalueringa ber oss om å setja i gang, vil me ta til med straks. Det gjeld ikkje minst avklaringa av roller og ansvar for dei involverte. Me lovar også å betra kommunikasjonen både nedover og oppover.

– Me går i gang med å sjå på organiseringa av einingane ved fakultetet i samband med etableringa av Oslo universitetssykehus. Dessutan vil me kontakta brukarane våre for å få konkretisert problemområde i tillegg til dei som er nemnde, understrekar han.

– Angrar fakultetsleiinga på at de sette i gang denne omorganiseringa?

– Eg trur det var naudsynt. Målet var å få til ei likearta sakshandsaming ved heile fakultetet. Me såg at det ville koma store utfordringar med nye krav til ressursar og kompetanse. Difor var det viktig å få organisert personal- og økonomimedarbeidarane i eit felles fagmiljø. Krava til kompetanse har endra seg mykje dei siste åra. Tidlegare kunne økonomi- og personalarbeidet gjerast av personar som hadde det som ein del av sin jobb ute på institutta. No vert det stilt andre krav til spesialkompetanse. Det tilseier at det er eit fagmiljø for desse administrative oppgåvene, Det medisinske fakultetet er spreidd over heile Oslo og har ikkje nok ressursar til å ha alle typar stillingar overalt. Servicegrad og ressursinnsats må difor balanserast mot tilgjengelege ressursar, og geografisk plassering av administrative tenester.

– Korleis kjennest det å ha blitt evaluert?

– Forskingsmiljø går gjennom evalueringar heile tida. Difor synest eg det er bra at ein administrasjon også blir evaluert, seier Hol, som gjerne takkar gruppa som har gjennomført evalueringa.

Dekan Knut Fægri ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har leidd evalueringsarbeidet.

– Så vidt eg forstår, er prosessen med å fylgja opp tilrådingane våre godt i gang.

– Fornuftig

Desse sat i evalueringsutvalet:
Dekan Knut Fægri, MN-fakultetet,
fakultetsdirektør Anne-Ma Eide ved HF,
personalsjef Irene Sandlie i OPA
rådgjevar Wenche Hanneborg i OPA,
assisterande økonomidirektør Ellen Johanne Caesar.
Utvalet har basert evalueringa på ei spørjeskjemaundersøking og personlege intervju med alle dei involverte.

– Er det ein del å læra av evalueringa?

 

– Eg har i alle fall lært mykje av den. Det er første gong eg har evaluert fylgjene av vedtak frå ein annan del av universitetet. Det har vore svært fornuftig av Det medisinske fakultetet å henta kompetanse utanfor fakultetet til å gå gjennom dette. Folk har stilt opp og kome med klare og reflekterte meiningar. No ynskjer me fakultetet lykke til med det arbeidet som står igjen, seier Fægri.

Paratleiar Ole Martin Nodenes synest konklusjonen til evalueringsrutvalet er svært klar.

– Den er uvanleg tydeleg på kva som ikkje fungerer og den gir tydelege tilrådingar, noko utvalet skal ha skryt for. Og eg synest det må vera nedslåande sett med fakultetsleiinga sine auge. Eg reknar med at fakultetet no tar tak i problema, understrekar Nodenes.
 

 


 

Emneord: Arbeidsforhold, Medisin Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2009 14:44 - Sist endra 17. juni 2009 23:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere