Kritiserer reformprosessen på medisin

Både det leiande verneombodet og Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin kritiserer framlegget til omorganisering av Det medisinske fakultetet. – Både fagforeiningane og eg har fått gjennomslag for kravet om å utsetja prosessen, seier verneombod Elisabeth Augdahl. Saka kjem difor opp som orienteringssak og ikkje som vedtakssak på fakultetsstyremøtet i ettermiddag.  

TRE STORE INSTITUTT: Både verneombodet og Institutt for almenn- og samfunnsmedisin kritiserer reformprosessen på medisin som skal føra til at fakultetet berre får tre store institutt.

Foto: Ola Sæther

I ettermiddag vil fakultetsstyret ved Det medisinske fakultetet få på bordet  forslaget til omorganisering av Det medisinske fakultetet. Meininga var at forslaget skulle bli endeleg vedtatt i dag, men etter at både verneombodet, fagforeiningane og enkelte institutt har kravd ei betre utgreiing av konsekvensane, kjem forslaget opp berre som ei orienteringssak.

Tre institutt

Planen er at organisasjonsmodellen skal koma meir i samsvar med den strukturen som det nye storsjukehuset Oslo universitetssykehus vil få.  I april vedtok fakultetsstyret ein førebels modell som går ut på at Det medisinske fakultetet skal organiserast i tre store institutt: Institutt for medisinske basalfag, Institutt for sjukehusmedisin og Institutt for helse og samfunn. Dermed blir dagens fakultetsdivisjonar ved sjukehusa slått saman med Institutt for psykiatri til eitt sjukehusinstitutt.

For fakultetsleiinga har målet vore å styrkja den strategiske leiinga på fakultetsnivået, går det fram av sakspapira. Det meiner dei kan gjerast gjennom å forenkla organisasjonen ved å redusera talet på grunneiningar og skapa robuste og sjølvstendige einingar. Slik kan fakultetsnivået få ansvaret for den overordna strategien, medan den utøvande leiinga og den daglege drifta er delegert til dei tre store institutta.


– Kritisk

Leiande verneombod, Elisabeth Augdahl er svært kritisk til måten reformarbeidet har gått føre seg på.

– Fagforeiningane og eg har difor bede om at heile prosessen blir utsett, slik at saka får korrekt handsaming. Viss fakultetsleiinga hadde fylgd den vanlege prosedyren, skulle den nye organisasjonsmodellen først presenterast for det lokale arbeidsmiljøutvalet, deretter for fakultetsstyret og det sentrale arbeidsmiljøutvalet før den skal opp i Universitetsstyret. Verneomboda både lokalt og sentralt skal vera med heile vegen, saman med fagforeiningane. Det er ikkje blitt gjort her.

– No skal saka for andre gong opp i fakultetsstyret i dag, tysdag 23. juni. Då kjem saka opp som orienteringssak, fordi ein vil greia ut konsekvensane betre. Prosessen er altså utsett noko, slik som fagforeiningane og eg som leiande verneombod kravde.

–”Kuppa” all sakshandsaming

– Kvifor var det så viktig å få det utsett?

– Fakultetsleiinga håpar at forslaget kan bli endeleg vedtatt på møte i Universitetsstyret i september, medan det lokale arbeidsmiljøutvalet ikkje har møte før til hausten. Dessutan har heller ikkje det sentrale arbeidsmiljøutvalet haustmøtet sitt før i oktober. Slik ville ein ha klart å ”kuppa” all handsaming av saka både i det lokale og i det sentrale arbeidsmiljøutvalet, meiner Augdahl.

– Bør tenkja seg om

Ho får støtte frå leiaren for det sentrale arbeidsmiljøutvalet ved Universitetet i Oslo, Ole Martin Nodenes.

– Det er all grunn til å lytta til kritikken frå det leiande verneombodet. Når ein ser på den kritiske konklusjonen i evalueringa av omorganiseringa av personal- og økonomimedarbeidarane på Det medisinske fakultetet, er det klart at fakultetetsleiinga bør tenkja seg om minst to gonger ekstra, før den set i gang ein ny omorganiseringsprosess. Problemet med Det medisinske fakultetet er at det er generelt liten medverknad for dei tilsette i slike prosessar. Det meiner eg har å gjera med at dei er organiserte i instituttråd i staden for i instituttstyre, meiner Ole Martin Nodenes, som gjer det klart at han uttaler seg på generelt grunnlag.
 

Taper pengar på ny budsjettmodell

Dei fleste institutta og fakultetsdivisjonane som har uttalt seg om den nye organisasjonsmodellen er ganske positive, men dei etterlyser meir informasjon om konsekvensane. Nokon bed også om meir tid. Rettsmedisinsk institutt lurer på kvar dei skal plasserast. Det er likevel utan tvil Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin som er mest kritisk til den nye modellen og vil ha reforma utsett til 2011. Instituttet er også  svært kritisk til innføring av ein ny budsjettmodell.

– Me vil tapa både pengar og årsverk på den nye budsjettmodellen, seier instituttleiar Gerd Holmboe-Ottesen ved Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin. Ho meiner forslaget til nyorganisering berre vil vera til gode for dei fagmiljø som har stor undervisningsbør på profesjonsutdanninga.

– Men for oss som har fag som har få undervisningstimar i grunnutdanninga og stort sett underviser på forskarutdanninga, fører forslaget til at me vil få 14,3 årsverk, ein nedgang på nesten 24 prosent i høve til dei 21,5 årsverka me har i dag. Samla vil det utgjera mellom fem og seks millionar kroner mindre enn i dag, og det utgjer over 20 prosent av basisløyvinga me fekk frå fakuletet for 2009, seier Holmboe.

Ho viser til at instituttet har ansvar for fag som er viktig for den medisinske identitetet og som også er tverrfaglege og tverrfakultære.
 

– Viktige fag for Samhandlingsreforma

– Både medisinsk antropologi, trygde- og arbeidsmedisin, medisinsk etikk og medisinsk historie er viktige for å setja helseproblem og førebyggjande helsearbeid inn i ein kulturell og samfunnsmessig samanheng. Instituttet vårt er ein viktig aktør og premissleverandør til helseforvaltinga. I samband med den nye helsepolitiske modellen som helseminister Bjarne Håkon Hansen lanserte før helga, den såkalla Samhandlingsreforma, blir den rolla vår endå viktigare.

– Faga vil vera avgjerande for forskningsinnsatsen som fylgjer med reforma. Det gjer det endå viktigare å ta vare på desse faga. Det gjeld særleg å skaffa fram kunnskap knytt til kommunehelseteneste og funksjonen til kommunelegen, så vel som kunnskap om sosiale og kulturelle forhold som vil ha noko å seia for samhandling og organisering på lokalt nivå.

– Så kva meiner du bør gjerast for at det skal koma betre ut?

– Me synest at fakultetet bør forstå at den nye modellen for budsjettfordeling kan få utilsikta fylgjer. Det vil krevja at ein må gå inn med serskilde tiltak, som til dømes ein justert modell for budsjettfordeling, som i større grad tilgodeser forsking, rettleiing og doktorgradsundervisning. Det vil vera i samsvar med intensjonane til universitetet om høgare kvalitet på forskinga. Men det kan også innebera at fakultetet fordeler ekstra midlar over grunnløyvinga for å vedlikehalda slike fag, som er viktige for samfunnet, sjølv om dei ikkje har stor plass i undervisninga, seier Holmboe-Ottesen.

– Må få meir kunnskap om samfunnshelse

Professor Gunnar Aksel Bjune ved Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin synest også reformforslaget frå fakultetsleiinga peikar i heilt feil retning i høve til Samhandlingsreforma til Helse- og omsorgsdepartementet.

– Departementet vil ha meir førebyggjing, meir primærhelseteneste og allmennmedisin, medan fakultetet satsar på sjukehusmedisin. Samhandlingsreforma vil krevja ei dobling av utdanningskapasiteten for legar dei næraste åra. Dei nyutdanna skal i hovudsak inn i førstelinjetenesta. Eg meiner at dei difor bør få kunnskap som er basert på kva som verkar og kva som ikkje verkar slik dei kan få gjennom helsepolitikk, helseøkonomi og i teamarbeid med andre profesjonar. Eg ser sjølvsagt at fakultetet har eit godt mål for omorganiseringa.

– Kva er då hovudproblemet med den nye modellen?

– Dei vedgår at sjukehusmedisin er blitt prioritert framfor dei andre fagområda fram til no. Men når dei kjører simuleringar av den nye budsjettmodellen til universitetet, kjem alle kjøringane ut med meir ressursar til sjukehusmedisin og minst til samfunnsmedisin. 

I ettermiddag klokka 14.30 kjem saka opp som ei orienteringssak i fakultetsstyret. 

 

Emneord: Medisin, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. juni 2009 12:38 - Sist endra 23. juni 2009 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere