– Er blitt informerte heile tida

–Tenestemannsorganisasjonane og vårt lokale arbeidsmiljøutval er heile tida blitt informerte om tankane me har hatt rundt omorganisering, seier fakultetsdirektør Bjørn Hol på medisin. Han har ikkje registrert noko krav frå verneombodet om å få reversert heile prosessen.

PÅ PLASS: Oslo universitetssykehus er i drift frå 1. januar neste år, og då ynskjer me å ha den nye organisasjonen vår på plass, fortel fakultetsdirektør Bjørn Hol til Uniforum.

Foto: Ola Sæther

– Saka har vore oppe til første handsaming i styret vårt, og skal takast opp igjen i dag, men som ei informasjonssak. Det er først no arbeidet med å konkretisera desse tankane startar. Det seier han i ein kommentar til kritikken mot reformforslaget ved Det medisinske fakultetet. I ettermiddag klokka 14.30 kjem saka opp som ei orienteringssak i fakultetsstyret.

–  Førebels omfattar dei berre ein overordna modell med tre institutt. Det er no me går i gang med å greia ut om, og i så fall, korleis dette skal gjerast. På overordna nivå, og også korleis ein slik organisasjon vil sjå ut med sine underliggjande nivå. I samanheng med dette skal me også vurdera den administrative organiseringa, mellom anna også økonomi- og personalsakshandsaminga, seier Hol.

– Skal greia ut konsekvensane

Han viser til at fakultetet også har tenkt på fylgjene av ein ny modell.

– Me er i ferd med å etablera to arbeidsgrupper som skal greia ut konsekvensane for oss dersom me etablerer eit mogleg institutt for sjukehusmedisin og eitt for helse og samfunn. Her er både tenestemannsorganisasjonane og verneorganisasjonen invitert med, understrekar han.

– Kjem dårlegare ut

Fakultetsdirektør Bjørn Hol gir Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin medhald i at innføringa av ein ny modell for budsjettfordeling, kan gi dei dårlegare utteljing enn i dag.

– Det er rett at det instituttet kjem dårlegare ut. Årsaka til det, er den vekta modellen legg på undervisning. Innføringa av den modellen er likevel ei heilt anna sak enn den pågåande organisasjonsprosessen. Prinsippet er at grunneiningane våre først må få betalt for pålagd undervisning, før me kan ta oss råd til noko anna. Dersom me ikkje lenger kan gjennomføra undervisningsoppgåvene våre, kan me stengja fakultetet. Konsekvensane er at dei grunneiningane som har lite undervisning kjem dårlegare ut, vedgår han.

– Vil styrkja førebyggjande medisin

Hol trur likevel ikkje at det vil gå ut over førebyggjande medisin.

– Me ynskjer også å styrkja førebyggjande medisin, og etableringa av det nye instituttet for helse og samfunn, kan bidra til det. No har me dessutan samtalar med Folkehelseinstituttet og Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta om eit mogleg tettare samarbeid. Bakgrunnen for det er nettopp å styrkja eit eventuelt nytt institutt for helse og samfunn, slår han fast.

Lite praktisk med dagens struktur

– Kvifor er det så viktig for fakultetsleiinga å få gjennomført denne omorganiseringa så snart som mogleg?

– Det er no viktig at me fylgjer opp denne omorganiseringa som skjer ved etableringa av Oslo universitetssykehus. Den noverande organisasjonen vår er tilpassa sjukehusstrukturen. Men det er lite praktisk for oss å oppretthalda strukturen vår når sjukehusa blir omorganiserte.

– Dersom me framleis skal ha ein leiar på Ullevål etter at Ullevål universitetssykehus er nedlagt, blir det komplisert i høve til den tette grenseflata me har mot sjukehusa. Oslo universitetssykehus er i drift frå 1. januar neste år, og då ynskjer me å ha den nye organisasjonen vår på plass, fortel Hol til Uniforum. 
 

Emneord: Universitetspolitikk, Medisin Av Martin Toft
Publisert 23. juni 2009 12:55 - Sist endra 23. juni 2009 13:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere