4000 deltok på Open dag

– 3000 boller og 3000 liter kakao var borte før klokka 12 i formiddag. Det tyder på at i alle fall 4000 skuleelevar deltok på Open dag på Universitetet i Oslo, fortel prosjektleiar Berit Rødsand i Informasjonsavdelinga til Uniforum.  

FANN FRAM: Over 4000 skuleelevar kom til Open dag på UiO torsdag 5. mars. Mange av dei kom til Utdanningstorget i Idrettsbygningen på Blindern.

Frå klokka ni til klokka 15 i ettermiddag har 4000 elevar frå dei vidaregåande skulane i Oslo og Akershus sett sitt preg på heile universitetsområdet. Elevane fekk tilbod om å gå på nærare 100 ulike populærvitskaplege foredrag. I tillegg har 120 rådgjevarar gått på eit eige seminar.

Foredrag om finanskrisa

– Det kom over 190 personar for å høyra på eit populærvitskapleg foredrag om finanskrisa. Mange av dei andre forelesingane var også gode og var godt besøkte. Men også Utdanningstorget  i Idretssbygningen var populær, fortel Berit Rødsand. Ho trekkjer gjerne også fram innsatsen til Studentparlamentet.

–Dei delte truleg ut over 1000 vafler til alle som ville ha. Det einaste som kunne ha vore betre, var veret, synest ho. Søknadfristen for dei som fekk auga opp for Universitetet i Oslo og vil studera her, er altså 15. april.

 

Emneord: Studentforhold, Videregående skole-dag Av Martn Toft
Publisert 5. mars 2009 15:34 - Sist endra 6. mars 2009 14:28

Logg inn for å kommentere