Arne Bjørlykke ny direktør ved Naturhistorisk museum

Arne Bjørlykke er tilsett som ny direktør for Naturhistorisk museum ved UiO. Det bestemte Universitetsstyret i går. Han kjem frå ei stilling som seniorforskar ved Noregs Geologiske Undersøking i Trondheim, der han tidlegare var administrerande direktør. – Det blir spennande å få vera med på å utvikla Tøyen, eit område heile Oslo er opptatt av, seier Bjørlykke til Uniforum.  

NY MUSEUMSDIREKTØR: Arne Bjørlykke er tilsett som ny direktør ved Naturhistorisk museum, UiO. (Foto:NGU)

Arne Bjørlykke vil overta direktørstillinga ved Naturhistorisk museum etter Elen Roaldset som går av etter at åremålet som museumsdirektør er over. Og han tar til i jobben frå 1. mai.

– Gratulerer med ny jobb, Arne Bjørlykke!
– Takk. Eg synest det er veldig spennande, og eg går til jobben med stor glede. Det er interessant å kunna driva med formidling av naturfag, og i dag er det viktig med eit heilskapleg syn på naturen. Museet har mange flinke folk, som til dømes Jørn Hurum, som eg ser fram til å samarbeida med, seier han.

– Kva blir den viktigaste oppgåva di?
– Museet står framfor mange viktige oppgåver. Det blir viktig å få utvikla heile området med nytt veksthus og med ei mogleg overtaking av Munch-museet.

– Du er ein mann i relativt moden alder, rundt 66 år, og kvifor vil du skifta jobb?
– Eg var direktør for Noregs Geologiske Undersøking i Trondheim i 12 år. No er eg moden for nye utfordingar. Dessutan ser eg fram til å venda tilbake til Universitetet i Oslo, der eg var professor i geologi i 10 år.

– Men vil du flytta frå Trondheim?
– I første omgang vil eg flytta til Oslo, medan kona vil bli buande i Trondheim. Difor vil det bli ein del pendling.

– I dag sit du som bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Trondheim. Vil du halda fram i det vervet?
– Eg vil i alle fall sitja ut denne valperioden. Når eg har tatt på meg denne forpliktinga, så vil eg fullføra den.
 

Emneord: Museene Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2009 15:35 - Sist endra 26. feb. 2009 10:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere