UiO-tilsett leiar for 17 000 spansklærarar

Førstebibliotekar José Maria Izquierdo ved Universitetsbiblioteket er valt til leiar for dei 17 000 medlemane til den internasjonale foreininga for spansklærarar (FIAPE). - Hovudmålet mitt er å få fleire til å ta i bruk moderne undervisningsmetodar, seier Izquierdo til Uniforum.

LEIER 17 000: Førstebibliotekar José Maria Izquierdo ved Universitetsbiblioteket er valt til leiar for dei 17 000 medlemane i den internasjonale foreininga for spansklærarar (FIAPE).
Foto: Ola Sæther

José Maria Izquierdo er også fagreferent for alle bøker på romanske språk. Samtidig underviser han i spansk litteratur ved spanskstudiet på UiO.

Foreininga han no leier organiserer alle spansklærarar i land som ikkje har spansk som nasjonalspråk. Organisasjonen har 15 medlemsforeiningar, blant anna i Sør-Korea, USA, Russland og i Brasil, og altså nærare 17 000 medlemar.

- Eg er svært oppteken av den praktiske spanskundervisninga. Det nyttar ikkje berre å gi teoretisk undervisning i spansk og tru at spanskstudentane vil klara å læra seg å snakka spansk på eiga hand. Det er naudsynt å supplera det faktum at dei lærer språket utanfor den spansktalande verda, med skreddarsydde didaktiske metodar, understrekar han.

Nettorganisering

- Kva trur du var grunnen til at du blei valt til leiar på generalforsamlinga i Granada i haust?

- Den norske spansklærarforeininga er godt organisert og har gjort eit godt arbeid for å få fremja spansk som undervisningsspråk i den norske skulen. Me organiserte oss først på nett, før me møtte kvarandre ansikt til ansikt. Me hadde evna til å fungera via nettet, og det har gitt oss IKT-kunnskap som andre grupper av lærarar ikkje har.

-På den måten er Noreg eit godt døme på det som skjer i resten av verda. Statistikken og marknadsundersøkingar viser at spansk vil gå forbi engelsk som første framandspråk om ti år. Då vil også USA vera det nest-største spansktalande landet, etter Mexico. I dag har 47 millionar amerikanarar spansk som morsmål, peikar han på.

Han er også oppteken av å få spreidd spansk til nye land og kulturar.
- Me seier ikkje dette fordi me ynskjer å konkurrera mot andre, men me konstaterer berre eit faktum, slår han fast.

Vil ha UiO på bana

- Eg vil prøva å få spansk inn på universitet og vidaregåande skular i så mange land som mogleg. Og kjepphesten min er at alle spansklærarar må få læra å ta i bruk ny språkdidaktikk og nye undervisningsmetodar. Nokre tilsette ved instituttet (ILOS) har saman med oss laga mange digitale undervisningsprogram som i dag er tilgjengelege for alle på Internett.

- Dei har også blitt svært kjende, og blir brukte av lærarar over heile verda. Det er viktig at Universitetet i Oslo klarer å organisera seg slik at det kan vinna offentlege tilbod om etterutdanning i spansk.

- No er det til dømes forlag som tilbyd mange slike kurs utan at dei sjølve har fagpersonar som kan halda kursa. Prinsippet vårt er at alle spansklærarar skal ha ordentleg utdanning. Det nyttar ikkje å tilsetja spansklærarar som har som den einaste kvalifikasjonen at dei har spansk som morsmål. Me vil også ha nær kontakt med både departement og forlag, for å få godt nok materiell til spanskundervisninga.

- Ei bylgje som ikkje vil forsvinna

- Har du planar om å utvida medlemstalet?

- Japan, Finland og Romania vurderer å bli med i Det internasjonale forbundet av spansklærarforeiningar. Det som er sikkert, er at interessa for spansk i dag, ikkje er ei bylgje som vil forsvinna. Den vil berre bli større og større. Trass alt er spansk det einaste framandspråket i Noreg som ikkje har opplevd nedgang.

- Styresmaktene bør setja i verk dei tiltaka som skal til for å kunna løysa mangelen på kvalifiserte spansklærarar. Det som er naudsynt, er å bruka undervisningsmetodar og digital teknologi som ungdommen kjenner seg igjen i.

- Me brukar til dømes både Itunes-Ipod, YouTube, og HotPotatoes, utan at me på nokon måte reduserer det akademiske nivået. Eit døme på dette er at me underviser i bruken av konjunktiv ved hjelp av ein musikkvideo med Shakira, fortel han.

Emneord: Internasjonalisering, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 6. nov. 2007 16:44 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere