UiO i fritt fall på rankingslista til The Times

Universitetet i Oslo har falle 11 plassar sidan i fjor og 50 plassar sidan 2005 på den siste universitetsrankinga frå avisa The Times. UiO ligg no på 188. plass av dei 200 universiteta på lista, melder Teknisk Ukeblads nettutgåve. - Det er alltid leit å ramla nedover, men desse rankingane fortel jo ikkje alt, seier UiO-rektor Geir Ellingsrud til Uniforum.

VERDAS BESTE: Desse Harvard-studentante går på verdas beste universitet, i fylgje The Times.
Foto: Trine Nickelsen

Københavns Universitet fell heile 39 plassar frå 54. plass til 93. plass. Dermed overtar Uppsala universitet plassen som Nordens beste med 71. plassen sin.Universitetet i Oslo gjer det likevel desidert best av dei norske universiteta. Verken NTNU, Universitetet i Bergen eller andre norske utdanningsinstitusjonar er med blant verdas 200 beste universitet, skriv Teknisk Ukeblad. Universitetet i Oslo ligg no som nummer 188 på universitetsrankinga til The Times Education Supplement, men UiO-rektor Geir Ellingsrud synest at det er viktig å ta omsyn til kriteria avisa har brukt.

- Dei spør næringslivsleiarar i USA og Storbritannia om kva universitet dei vil rå folk til å studera ved. Då fell lett vesle Universitetet i Oslo ut. Men rankingane har ein effekt i kraft av at dei finst, så difor må me ta dei alvorleg.

- Det er litt interessant å sjå kor små marginar det er mellom dei ulike plassane, så det hadde vore spennande å finna ut kvifor Københavns Universitet fell med 39 plassar medan Helsingfors universitet, Uppsala universitet og Lunds universitet klatrar oppover. Dei andre nordiske landa gjer det i heile tatt betre enn Noreg. Norske styresmakter bør ha i mente at dei kanskje gjer noko som ikkje me gjer, seier Ellingsrud.

Universitetet i Oslo gjer det likevel desidert best av dei norske universiteta. Verken NTNU, Universitetet i Bergen eller andre norske utdanningsinstitusjonar er med blant verdas 200 beste universitet, skriv Teknisk Ukeblad.

Det skjer samtidig som to universitet i Brasil, og Nasjonaluniversitetet i Mexico for første gong er med på lista. Det er også første gong eit afrikansk universitet, nemleg University of Cape Town i Sør- Afrika, som tar den aller siste plassen på lista.

Harvard best

Ikkje overraskande er det Harvard-universitetet i USA som held fast på førsteplassen frå året før. Cambridge University må dela andreplassen med Oxford University og Yale. Av universitetet utanfor USA og Storbritannia, er det McGill University i Montreal i Canada som gjer det best med ein tolvteplass. I fjor hamna universitetet på ein 21. plass. Det beste universitetet på det europeiske kontinentet, er det franske Ecole Normale Superieure, som kjem på ein 26. plass på denne rankinglista. Både universitet i Japan og i Hong Kong gjer det betre enn det franske universitet. Eller er det også verdt å merka seg at det prestisjetunge amerikanske Berkeley-universitetet i California endar på ein 22. plass, medan det tidlegare som vanleg har vore blant dei fem beste.

UiO-rektor Geir Ellingsrud synest det er rart at dei franske eliteuniversiteta ikkje får betre plasseringar.

- Dei gjer det også relativt dårleg med 26. og 28. plass til høvesvis École Normale Superieur og École Polytechnique. Frankrike har fem universitetet blant dei 200 beste i verda. UiO er framleis blant dei 200 beste i verda. Og det er slett ikkje dårleg, meiner Ellingsrud.

Meininga til 7000 akademikarar
Ifylgje The Times er universitetsrankinga blant anna basert på meiningane til 7000 aktive akademikarar og folk som rekrutterer folk med universitetsutdanning.

I tillegg brukar undersøkinga kvantitative data over forskingsresultat, tal på tilsette og studentar, men også graden av internasjonalisering ved universiteta er tatt med blant variablane i undersøkinga. Til saman har 28 land minst eitt universitet med på lista over verdas 200 beste.

(Oppdatert klokka 1605)

Emneord: Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 9. nov. 2007 11:13 - Sist endra 10. des. 2008 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere