- Opplæringa av barn og unge den viktigaste samfunnsoppgåva

- Opplæring av barn og unge er ei av dei viktigaste samfunnsoppgåvene i Noreg. Eg ynskjer meg difor lærarar med autoritet, som ikkje er autoritære, men som har evna til å skapa ro i klassen og motivera elevane til innsats. Det sa kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell på markeringa av Institutt for lærarutdanning og skuleutviklings 100-årsjubileum i Universitetetets Aula i dag.

AUTORITET: - Eg ynskjer meg difor lærarar med autoritet, som ikkje er autoritære, men som har evna til å skapa ro i klassen og motivera elevane til innsats, sa statsråd Bård Vegar Solhjell.
Foto: Martin Toft

- I arbeidet med å gjera norsk skule betre har eg god bruk for dykk sidan de deltar i arbeidet med å laga PISA-undersøkinga. Eg er oppteken av at ein slik rapport, som alltid vekkjer stor interesse skal vera utført av dyktige forskarar. Det er eg trygg på skjer når de har hand om den, understreka kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell.

Etter at han hadde avslutta talen, overrekte instituttleiar Jan Ommundsen han ei bok om instituttet, samtidig som han blei invitert på besøk til Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved eit seinare høve. Viserektor Inga Bostad helsa frå Universitetet i Oslo og viste til den formidable oppgåva lærarutdanninga står overfor.

- Det vil ikkje berre skje ei stor utskifting av lærarar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Ungdomskulla vil auka med 15 prosent dei næraste åra. Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling jobbar godt og langsiktig for å setja preg på norsk skuleutvikling. Det er avgjerande for Noreg at denne tendensen blir styrkt, slo ho fast.

Universitetet i Oslo er Noregs største lærarutdanningsinstitusjon. Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling (ILS) fyller hundre år.

- Den nye kunnskapsministeren Bård Vegar Solhjell ynskjer å setja rektor på skulebenken for å få meir profesjonelle skuleleiaarar, konstaterer dekan Karen Jensen og viser til eit intervju i Aftenposten. Me har nettopp denne utdanninga å tilby, seier ho i ei pressemelding frå UiO.

Skuleleiing er eit eige masterprogram. Formålet med programmet er å gjera studentene så dyktige at dei kan bidra til leiing av organisasjonar innanfor utdanningssektoren. Det baserer seg på nasjonal og internasjonal forsking og røynsle frå skulekvardagen.

- ILS har gjennom instituttet den profesjonelle nærleiken til skulen ei spesiell plikt til å driva med skulerelevant forsking, poengterer instituttleiar Jan Ommundsen.

Emneord: Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Fakultetene, Kunnskapsløftet Av Martin Toft
Publisert 2. nov. 2007 14:01 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere