Markerer 5 år med fleksibel læring

Dei siste fem åra har UiO delt ut 20 millionar kroner til utvikling av nye, digitaliserte læringsformer. Den 15. og 16. november vil fleire av desse læringsformene bli presenterte på konferansen "Ringer i vann" på Blindern.

20 MILLIONAR: Dei siste fem åra har UiO delt ut 20 millionar kroner til utvikling av nye, digitaliserte læringsformer.
Foto: Ola Sæther

Bruken av digitale læringsformer har gått mange sjumilssteg framover, sidan UiO byrja å løyva pengar til utvikling av nye former for fleksibel læring for fem år sidan.

- Medan den eksterne evalueringa av UiO peika på at universitetet låg langt tilbake i denne utviklinga, er UiO no komen i front i Norden, takka vera satsinga som er godt forankra til Strategisk plan, seier prosjektleiar Edvin Bach-Gansmo.

Prosjektperioden er no over, og i kva grad fleksibel læring blir eit satsingsrområde også i åra framover, blir no avgjort av budsjettprosessen. Sjølv vil Bach-Gansmo gjerne trekkja fram det UiO har klart å få til gjennom den fem år lange satsinga.

- Gjennom denne konferansen ynskjer me å presentera ein del av breidda og mangfaldet av dei fleksible læringsformene som er utvikla ved UiO. Me ser med glede at Det teologiske fakultetet fekk tildelt Prisen for godt læringsmiljø av universitetet, mykje takka vera satsinga på digitale læringsformer. Denne utviklinga har me vore med og støtta.

- Dessutan vil eg spesielt trekkja fram arbeidet førstebibliotekar José Maria Izquierdo har gjort med å utvikla virtuelle og digitale læringsformer for spanskstudiet. Den mannen er rett og slett eit funn, understrekar han.

Bach-Ganmo trur at utviklinga av digitale læringsformer no vil gå lettare.

- Mange miljø er så godt i gang at dei no er sjølvdrivne når det gjeld å laga nettbaserte læremiddel. Andre miljø treng framleis økonomisk og teknologisk hjelp. I alle prosjekta har USIT ved Digitale medier i læring vore til stor hjelp for oss i denne satsinga, understrekar han.

Konferansen blir opna av viserektor Inga Bostad, torsdag 15. november kl.10.00 i Helga Engs hus.

Emneord: Undervisning, Fleksibel læring Av Martin Toft
Publisert 13. nov. 2007 14:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere