Medan Margareth Bentsen skal redigera nyhendebrevet, blir kommunikasjonsdirektør Siv Nordrum ansvarleg redaktør. Kollegaene Julie Øybø og Bente Hennie Strandh skal laga websidene.
- Universitetsleiinga har lenge bede Informasjonsavdelinga om å få sett i gang eit eige nyhendebrev for dei. Det har avdelinga sagt ja til, men på vilkår av at det blir ei rein nettavis. I første omgang blir ho ganske enkel, men etter kvart håpar me å få inn fleire funskjonar som gjer det mogleg å koma med kommentarar til artiklane som ligg ute. Me vil hinda at det blir eit for autoritært preg på nyhendebrevet. Det skal vera mogleg å gi tilbakemeldingar til universitetsleiinga også.
- Kva vil det første nummeret innehalda?
- Det vil ha eit intervju med universitetsdirektør Gunn Elin Aa. Bjørneboe om budsjettet, eit nyttårsintervju med rektor Geir Ellingsrud, der han ser både bakover og framover og ei sak om den faglege prioriteringa på UiO. Me tenkjer at me skal ha om lag fem intervju i kvart nummer.
- Og korleis skal folk vita at det er kome eit nytt nummer av nyhendebrevet?
- Me vil senda ut ein e-post til alle. Universitetsleiinga er svært oppteken av å nå ut til alle dei tilsette med den strategiske bodskapen sin.
Logg inn for å kommentere