Kronprins Haakon besøkte Blindern

Kronprins Haakon kom til Blindern i formiddag for å delta på eit lukka møte hos forskarane som jobbar med det strategiske forskingsprogrammet Kulturell kompleksitet i det nye Noreg (CULCOM). Han blei tatt imot av professor Thomas Hylland Eriksen som leier forskingsprogrammet.

ENGASJERT: Det var ein engasjert kronprins Haakon som møtte ein like engasjert professor Thomas Hylland Eriksen i formiddag.
Foto: Ola Sæther

Det var inga stor oppsamling av fotografar og journalistar som stilte opp, då kronprins Haakon gjekk ut av ein svart BMW for å bli tatt imot av professor i sosialantropologi, Thomas Hylland Eriksen i formiddag. Kronprinsen hadde sjølv bede om å få ei innføring i kva det strategiske forskingsprogrammet Kulturell kompleksitet i det nye Noreg (CULCOM) held på med. Difor var møtet meir av privat enn av offisiell karakter, og det var grunnen til at pressa ikkje fekk vera med på møtet.

Kronprins Haakon var også på kjende trakter, sidan det var på Institutt for statsvitskap i Eilert Sundts hus han hausten 1999 var registrert som student ved Universitetet i Oslo.

Emneord: Forskning, Kongelege besøk, Globalisering Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2007 15:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere