- Ikkje gjort noko gale!

- Eg har ikkje gjort noko gale. Det seier instituttleiar Jan B. Ommundsen ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling til Uniforum etter at NRK i dag melde at han hadde tent 23,4 millionar kroner på aksjar i dei private John Bauer-skulane i Sverige.

TENTE 23,4 MILL.: Instituttleiar Jan B. Ommundsen (t.h.) tente 23,4 mill.kr. på blant anna John Bauergymnasa i Sverige. Her takkar han kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell under ILS `100-årsjubileum.
Foto: Martin Toft

Det var i NRK-Dagsnytt onsdag 7. november det blei kjent at instituttleiar Jan B. Ommundsen ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling ved UiO hadde tent 23,4 millionar kroner på investeringar i dei private John Bauer-skulane i Sverige. Leiar for Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, meinte han burde vurdera stillinga si etter at dette blei kjent. Sjølv synest han ikkje at han har gjort noko kritikkverdig.

- Dei 23,4 millionar kronene er inntektene eg hadde på sal av to verksemder i fjor. Den eine verksemda driv med utleige til IT-bedrifter, medan den andre verksemda altså har deltatt i drift av private gymnas i Sverige, det vil seia at den har hatt aksjar i John Bauer-skulane der.

- Begge desse selskapa er no selde, og eg sit igjen med ein post på 4-5 prosent i det svenske selskapet Novum International, som driv ein del av John Bauer-skulane og elles driv med etterutdanning og bedriftsopplæring. Men no er eg også i ferd med å selja desse aksjane, seier han til Uniforum.

- Kva synest du om at Helga Hjetland meiner du bør vurdera stillinga di som instituttleiar for ei offentleg lærarutdanning?

- Den kritikken har eg inga forståing for. Det er heilt lovleg å ta utbyte frå dei private gymnasa i Sverige. Og det var ei ordning som faktisk blei innført av ei sosialdemokratisk regjering.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe seier til NRK at dei skal undersøkja Ommundsen sine eigarforhold nærare.

- Så langt me kan sjå, har han ikkje brote UiOs regelverk i denne saka. Me vil gå inn i denne saka og sjå nærare på rolleforståinga her dersom det er naudsynt. Me vil henta inn alle naudsynte opplysningar for å få eit fullt bilete av denne saka, seier Bjørneboe.

Emneord: Undervisning, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 7. nov. 2007 10:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere