Forskarforbundet skuffa over Ellingsrud

Forskarforbundet går til kraftig åtak på styrevedtaket frå 23. oktober om å innføra nytt administrasjonsreglement for musea. - Det opnar for at eksterne styremedlemar kan bli styreleiarar for begge musea. Rektor Geir Ellingsrud har difor forlate plattforma han gjekk til val på, meiner hovudtillitsvald Live Rasmussen.

FORLET PLATTFORM: Begge musea kan få ekstern styreleiar. - Rektor Geir Ellingsrud har difor forlate plattforma han gjekk til val på, meiner Live Rasmussen i Forskarforbundet.
Foto: Martin Toft

Det er altså rektor Geir Ellingsrud som får den hardaste medfarten i Forskarforbundets kritikk av Universitetsstyrets vedtak om å innføra eit felles administrasjonsreglement for Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum.

Kort fortalt går det nye reglementet ut på at begge musea får ni styremedlemar, og at tre av dei skal vera eksterne, men at ein av dei tre skal koma frå ei vitskapleg stilling frå ei anna eining ved universitetet. Ein av desse skal også oppnemnast som styreleiar. Begge stader skal det også vera to studentar, to teknisk-administrative og to vitskaplege tilsette frå museet i styret. Dermed mister altså styret for Kulturhistorisk museum ein representant for dei vitskaplege tilsette.

Vedtaket inneber også at rolla som museumsdirektør skal sidestillast med dekan. Begge museumsstyra får velja form på organisering av dei underliggjande einingane. Dermed kan dei to musea halda fram med å ha ulik organisering.

- Gode røynsler for kven?

Det som har fått Forskarforbundet til å sjå raudt i denne saka, er høvet styrevedtaket gir til å oppnemna ein ekstern representant utanfor UiO til styreleiar for Kulturhistorisk museum.

- Det blir vist til dei gode røynslene dei har hatt med ekstern styreleiar ved Naturhistorisk museum, poengterer hovudtillitsvald Live Rasmussen. Forskarforbundet spør seg kven Universitetsstyret har spurt når dei viser til kor godt det har gått med ei slik organisering av styret ved Naturhistorisk museum.

- Me er mellom anna ikkje sikre på om styreleiar Nils Gulnes har sett seg godt nok inn i lov- og avtaleverk i sektoren vår. Det viser saker som me har fylgt ganske tett over lang tid, understrekar dei to. Likevel er dei mest vonbrotne over at rektor Geir Ellingsrud gjekk inn for dette.

Kritiserer Ellingsrud

- Forskarforbundet forstår ikkje at dette forslaget ikkje har ført til motførestellingar hos Ellingsrud. Me er svært overraska over at rektor, som gjekk til val på å styrkja universitetsdemokratiet og sikra medverknad for universitetssamfunnet i organa til universitetet, no legg til rette for ekstern leiing av styra for universitetsmusea.

- I UiOs høyringsfråsegn til utgreiinga om universitetsmusea blei det lagt vekt på ei betre integrering av musea i verksemda til universiteta. Me meiner at dette er å gå i motsett retning, seier Rasmussen på vegner av Forskarforbundet, fagforeininga som Geir Ellingsrud sjølv var leiar for, før han kasta seg ut i kampen om å bli rektor.

Nøgde med tidlegare avgjerder

- Sidan det er han som rektor som skal plukka ut styreleiarane for styra for musea, reknar me med at han alltid passar på å utnemna den eksterne representanten frå ei anna eining ved UiO til styreleiar, seier Rasmussen, som tidlegare har vore godt nøgd med dei avgjerdene Ellingsrud har tatt som rektor. Ho får støtte av Kristian Mollestad, som også representerer dei teknisk/administrative tilsette i Universitetsstyret

- Me er glade for at han har knesett prinsippet om lik fordeling av arbeidstid mellom forsking og undervisning. Han fylgde også valprogrammet då han gjorde det mogleg for institutta å gå tilbake på tidlegare vedtak om å ha tilsett leiar i staden for vald leiar. Men vedtaket om nytt administrasjonsreglement for musea er eit steg i feil retning, synest dei.

- Ein gyllen middelveg

Rektor Geir Ellingsrud har notert seg kritikken frå Forskarforbundet, men viser til andre delar av valplattforma.

- Det står også i plattforma at "Grunnenhetene må selv bestemme sin styringsstruktur", og det har dei høve til. Det var forskjellig praksis på dei to musea når det galdt styreleiar, og med eitt felles reglement har me valt ein gyllen middelveg.

- Vil du då velja representanten frå UiO eller ein av dei heilt eksterne som styreleiar?

- Eg kan sjølvsagt ikkje no bastant seia kva eg kjem til å gjera, men eg har definitivt sterkare kjensler for interne styreleiarar, vedgår Ellingsrud.

Emneord: Universitetspolitikk, Museene Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2007 09:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere