Vil ha inntaksstopp på arkeologi

- Av omsyn til dagens studentar, er det naudsynt å stansa opptaket av nye studentar til bachelorstudiet våren 2008 og til masterstudiet hausten 2008. Det seier programleiar for arkeologi og konservering, professor Christopher Prescott til Uniforum. Men han blir ikkje bønhøyrt av studiedekan Gro Bjørnerud Mo på HF. - Me har meldt inn den vanlege studentkvota til Samordna Opptak.

FORVITRAR: - Det gode fagmiljøet forvitrar på grunn av manglande kontinuitet, trur Joachim Åkerstrøm og Lotte Carrasco i Fagutvalet for arkeologi.
Foto: Ståle Skogstad

Det er den vanskelege ressurssituasjonen på arkeologistudiet, som får programleiar og professor Christopher Prescott til å krevja stans i inntaket av nye studentar på bachelor- og masternivået.

I eit brev til studiedekan Gro Bjørnerud Mo ved HF viser han til at det ikkje er nok å tilsetja ein vikarierande lektor i 60-80 prosent stilling og i tillegg bruka pengar på timelærarar for å få undervisninga til å gå rundt.

Og i eit tidlegare brev til instituttleiar Jorunn Bjørgum viser han til at mange av dagens forelesarar i løpet av neste år vil bli kjøpte frie til andre oppdrag eller ta seg forskingsfri det komande året. Ei av dei som har hatt forskingsfri, vil ikkje koma tilbake, men velja å pensjonera seg. Det er rekna ut at dei tre faste forelesarane i løpet av dei siste to åra har eit undervisningsoverskot på 6500 timar.

- Å løysa denne vanskelege ressurssituasjonen med å tilsetja ein vikarierande lektor i 60-80 prosent stilling og lata timelærarane få ansvaret for resten av undervisninga på dei vanlege lønnsvilkåra UiO tilbyr er neppe realistisk. Ei slik løysing høyrer heller ikkje heime hos eit universitetet som ynskjer å driva forskingsbasert undervisning, meiner Prescott.

- Må ha mellombelse tilsetjingar

Og han får støtte får undervisningskoordinator Ingrid Fuglestvedt ved Arkeologiseksjonen.

- Eg sluttar meg til dette, slår ho fast.

- Så kva kommentar har du som undervisningskoordinator til dette?

- Eg ser at denne oppgåva blir umogleg å gjennomføra dersom me ikkje får mellombelse tilsetjingar.

- Kva vil du gjera for å få løyst den vanskelege ressurssituasjonen på arkeologi?

- Eg kan berre synleggjera kva behov me har, og håpa at me blir høyrde lenger oppe i systemet.

- Ikkje naudsynt

Men studiedekan Gro Bjørnerud Mo vil ikkje fylgja opp ynskjet til professor Christopher Prescott om ikkje å ta opp studentar i arkeologi og konservering på bachelor- og masternivå i 2008.

- Den faste studentkvota for arkeologi og konservering er meld inn for ei stund sidan. Då Prescott for nokre dagar sidan kom til at han ville trekkja kvota, tok eg kontakt med Institutt for arkeologi, konservering og historiske fag. Etter fleire innspel frå fleire partar tok eg ein samtale med instituttleiar Jorunn Bjørgum for å høyra om ressurssituasjonen på arkeologistudiet var så vanskeleg at det var behov for å trekkja studentkvota for vår- og haustsemesteret. Ho gav meg klar beskjed om at det ikkje var naudsynt. I motsett fall, ville HF ha vurdert å gå til det steget å trekkja kvota.

- Det er også verdt å merka seg at det var først dei siste dagane at Christopher Prescott har lagt inn eit krav om inntaksstopp av nye studentar. Tidlegare har han meldt inn den vanlege kvota på studenttal på dette studiet. Og det er den kvota eg no har meldt vidare til Universitetsstyret, som så vil senda den vidare til Samordna Opptak, seier Bjørnerud Mo til Uniforum.

Ho har også bede instituttleiinga om å koma med ein grundig presentasjon av ressurssituasjonen på arkeologiseksjonen.

- Den har eg enno ikkje fått på mitt bord, men eg reknar med at den vil vera klar ganske snart. Når det gjeld dei interne utfordringane mellom leiinga ved IAKH og Arkeologiseksjonen, så vil eg i denne omgang overlata den diskusjonen til dei to partane, understrekar ho.

- Uansvarleg høg inntakskvote

Fagutvalet for arkeologi synest at situasjonen er svært dramatisk, ikkje berre for studentane, men også for det sårbare fagmiljøet.

I ei fråsegn viser det til at tre faste forelesarar har opparbeidd seg eit undervisningsoverskot på 6500 timar til saman for å dekka opp dei manglande ressursane.
Joachim Åkerstrøm og Lotte Carrasco er begge med i fagutvalet og er overraska over dei vala dekanatet har gjort.

- Trass i ressurssituasjonen dei siste åra, vel dekanatet å ta opp fleire på bachelor-nivå enn den fastsette kvota på 50 studentar. I staden for 50 blei det tatt opp 85 studentar på bachelor i 2007. Det er ei uansvarleg høg inntakskvote i høve til dei lærarkreftene seksjonen rår over, slår dei fast på vegner av fagutvalet.

Begge fryktar kva konsekvensen av dette kan bli.

- Det ligg ikkje føre nokon realistisk plan frå instituttet for å dekka undervisninga i 2008. Løysinga til instituttet er å sløkkja brannar med timelærarar. Konsekvensen er at det gode fagmiljøet forvitrar på grunn av manglande kontinuitet, trur dei.

No innkallar fagutvalet til allmøte om situasjonen den 16. oktober. Då håpar dei at deira meining skal ha litt å seia for vedtaka som blir gjorde i møtet i instituttstyret den 19. oktober.

Dei er også opptekne av at dei støttar lærarane på faget.

- Faglærarane har gjort ein kjempejobb og har deltatt i arbeidet med å skapa eit svært godt læringsmiljø. Det er synd om arkeologi på UiO ikkje kan oppretthalda posisjonen som ei av dei arkeologiutdanningane i i Skandinavia som har best ord på seg, synest dei.

Emneord: Undervisning, Arkeologi, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 9. okt. 2007 18:32 - Sist endra 10. des. 2008 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere