Syklar 60 mil i protest mot forskingsbudsjettet

Medisinprofessorane Guro Valen og Joel Glover skal sykla frå Stockholm til Oslo i protest mot manglande løyingar til fri grunnforsking i Noreg. Med seg i sykkelveska vil dei ha underskrifter frå svenske forskarar til den norske regjeringa.

PROTESTRITT: Medisinprofessorane Guro Valen og Joel Glover skal sykla frå Stockholm til Oslo i protest mot manglande løyvingar til den frie grunnforskinga.
Foto: Ola Sæther

Sykkelprotesten kulminerer i ein stor demonstrasjon framfor Stortinget torsdag 18. oktober klokka 1530-1700.

- Då håpar me at eit nokre hundre personar frå interesseorganisasjonar, forskarorganisasjonar og pasientorganisasjonar vil stilla opp for å demonstrera mot dei manglande løyvingane til fri grunnforsking i biomedisin. Då vil me overrekkja støtteerklæringa frå svenske forskarar og forslaga våre til betre finansiering til ein representant for regjeringa, seier medisinprofessor Joel Glover som saman med kollega Guro Valen i Sykkel for fri grunnforskning (SFFG) har tatt initiativet til denne sykkelprotesten.

Samlar inn underskrifter

- Me startar i Sveriges hovudstad Stockholm måndag 15. oktober der me vil samla inn underskrifter frå toppforskarar ved Karolinska Institutet med sterk oppfordring til at investeringane i norsk forsking og utvikling må koma opp på 3 prosent av bruttonasjonalproduktet.

- Noreg ligg langt bak nabolanda våre, som klarer å oppfylla dette målet. Det er viktig at me skaper merksemd rundt dette, også i resten av Skandinavia, synest Joel Glover.

Forskartalent blir forsømde

Han viser til at den manglande finansieringa av grunnforsking på medisin får store konsekvensar for dei yngre og lovande forskarane.

- Mange av dei får ikkje høve til å utvikla evnene sine vidare etter at dei er ferdige med doktoravhandlinga, fordi det ikkje blir løyvd nok pengar til at dei mange talenta me har kan halda ei forskingsgruppe i live. Dei gjer det svært godt internasjonalt, men på grunn av manglande finansiering forsømmer Noreg desse ressursane.

- Ei forskargruppe må ha minimum to millionar kroner i året for å kunna konkurrera internasjonalt. Dette er nok til å finansiera ein postdoktor, ein doktorstipendiat og den daglege drifta. Det nyttar ikkje med mindre.

- Kjem det for lite frå staten, må forskaren finansiera resten, anten via universitetet eller sjukehuset, som ofte ikkje har råd til det. Eit anna alternativ er å søkja om pengar frå internasjonale fond, men det er vanskeleg å få bidrag frå dei, konstaterer Glover.

- Talenta kan forsvinna

Det er vanskeleg for han å forstå at regjeringa ikkje gjer noko med dette.

- Det verkar som om regjeringa ikkje ser dette problemet. Om eit idrettstalent som Andreas Thorkildsen ikkje hadde fått god nok økonomisk oppfylging, ville han ikkje ha klart å prestera på toppnivå år etter år. Det same gjeld for forskartalenta. Om dei ikkje får halda fram med det dei er gode på, vil talenta forsvinna og finna på noko anna, trur han.

No synest han det er på tide å skapa litt bråk rundt dei manglande løyvingane til fri grunnforsking.

- Det er heller ikkje tilfeldig at me legg denne sykkelprotesten til etter at statsbudsjettet for neste år er lagt fram. Me hadde ein viss intuisjon om at kva det ville innehalda, så difor starta me planlegginga for mange månader sidan, fortel han. Førebels er det klart at fem forskarar vil sykla alle dei 70 mila frå Stockholm til Oslo.

- Det er sannsynleg at andre kjem til å slå fylgje med oss frå svenskegrensa og inn til Oslo, seier Glover.

Ynskjer private donasjonar

Sykkelturen vil altså ta godt og vel fire dagar, og demonstrantane vil ikkje berre koma med krav, men også med løysingar til regjeringa.

- Me er overtydde om at auka og betre finansiering av den medisinske grunnforskinga, berre kan gjerast ved hjelp av private donasjonar. Difor vil me at Noreg innfører dei same reglane som i USA, der det er mogleg å donera opp til 50 prosent av inntekta skattefritt til ein forskingsinstitusjon. I Noreg ligg grensa i dag ligg på 10 prosent av inntekta. I USA er både Harvard, Yale, mange av musea og kulturinstitusjonane i hovudsak finansierte på den måten. Og me trur at det også kan vera mogleg å få til i Noreg, seier han med stor overtyding.

Når regjeringa viser til at den satsar på bruksretta forsking, så meiner han at det ikkje er godt nok.

- Grunnforskinga er mora til all forsking. Utan grunnforsking kan det heller ikkje vera bruksretta forsking. No er det grunnforskinga som lir av dei manglande løyvingane til forsking, konstaterer han.

Joel Glover vil oppfordra alle som kan til å delta i demonstrasjonen framfor Stortinget torsdag 18. oktober kl. 1530.

- Det hadde vore fint om det kom eit nokre hundre personar. Alle som driv med grunnforsking eller som har nytte av det, til dømes pasientar som er avhengige av god medisinsk behandling, bør ha som mål å møta opp og støtta aksjonen.

Emneord: Forskning, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 11. okt. 2007 11:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere