Veterinærhøgskulen kan bli ein del av UiO

Veterinærhøgskulen kan bli slått saman med Universitetet i Oslo. Det er klart etter at eit samrøystes universitetsstyre vedtok å gå inn for det på eit ekstraordinært møte tysdag 4. september. - Dette vil bli ei god løysing både for landet, for Veterinærhøgskulen og for UiO, seier UiO-rektor Geir Ellingsrud til Uniforum.

FUSJON? Noregs veterinærhøgskule kan bli slått saman med UiO. I dag gjekk Universitetsstyret inn for samanslåing.
Foto: Ola Sæther

- Det vil kosta ein milliard kroner mindre å slå Veterinærhøgskulen saman med UiO enn å flytta den til Ås,
ifylgje den såkalla Dovre-rapporten. Men det var ei totalvurdering av forskingsprofilen og korleis den vil utvikla seg vidare som fekk eit samrøystes universitetsstyre til å gå inn for samanslåing, opplyser UiO-rektor Geir Ellingsrud til Uniforum.

- Ei samanslåing vil vera viktig for satsinga i forskinga på livsvitskap (Life Science) ved Universitetet i Oslo. I dag er molekylærbiologien i ferd med å utvikla seg frå forsking på produksjonsdyr til moderne molekylærmedisin. Det er også det som har fått meg personleg til å endra meining undervegs i prosessen, understrekar Ellingsrud.

Føresetnaden for ein fusjon mellom dei to institusjonane er likevel heilt klar.

- Alle kostnadene med dette må dekkast av staten. Det inneber sjølvsagt også opprusting og reparasjonar av alle dei eksisterande bygningane, presiserer han. Ellingsrud trur ikkje styrevedtaket til UiO automatisk fører til at det blir fusjon.
- Dette er heilt klart ei heit potet i regjeringa, og den vil ikkje bestemma seg før etter kommune- og fylkestingsvalet 10. september, konstaterer han.

Lokaliseringsstrid i Stortinget

Dersom ei samanslåing blir noko av, vil Veterinærhøgskulen bli ei eiga eining ved Universitetet i Oslo. Alle dei 430 tilsette vil bli UiO-tilsette og alle dei 460 studentane vil bli UiO-studentar.

Tidlegare har styret for Noregs veterinærhøgskule stemt for å slå den vitskaplege høgskulen saman med Universitetet i Oslo, medan Universitetet for miljø- og biovitskap gjerne ser at Veterinærhøgskulen blir flytta frå Oslo til Ås.

Frå før har Norum-utvalet gått inn for å flytta Veterinærhøgskulen til Ås, medan Dovre/TØI-rapporten har gått inn for ei samanslåing av UiO og Veterinærhøgskulen. Medan Oslo-benken på Stortinget truleg er for å ha Veterinærhøgskulen i Oslo, er Akershus-benken sannsynlegvis for ei flytting til Ås.

Og i regjeringa skulle det vera svært overraskande om ikkje kommunal- og regionalminister og Senterpartileiar Åslaug Haga skulle gå inn for ei flytting til heimkommunen Ås. Difor blir det nok heilt avgjerande kva Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti går inn for.

Det er Stortinget som gjer endeleg vedtak i saka. Truleg vil det første signalet om kva regjeringa vil gå inn for, koma i framlegget til statsbudsjett for 2008.

Store faglege gevinstar

I eit notat om samordningsgevinstar som UiO-rektor Geir Ellingsrud og rektor Lars Moe ved Veterinærhøgskulen skreiv saman i sommar, peikar dei på at dei fleste faga ved NVH har nære tilknytingspunkt til fag ved UiO. Det gjeld fag som komparativ medisin, miljømedisin, mikrobiologi/økologi og ernæringsrelaterte fag som akvamedisin, husdyrhald og husdyrproduksjon. Det blir også vist til at nærleiken til dei biologiske og farmasøytiske fagmiljøa ved UiO vil vera viktige i framtida begge stader.

Får støtte frå forskarar

Og planane om samanslåing av dei to institusjonane får støtte frå sentrale forskarar på UiO.

- Eg trur det er ein rett veg å gå fordi det er betre å ha Veterinærhøgskulen her i Oslo enn på Ås. Grunnen er det betydelege forskingssamarbeidet som eksisterer mellom dei to institusjonane. Og det er eit potensial for meir samarbeid om undervisning. Så lenge føresetnadene styret har sett blir fylgde, er det ei god løysing, seier Anne-Brit Kolstø, som er professor i mikrobiologi ved Farmasøytisk institutt. Ho leier også arbeidsgruppa som utgreiar den noverande og framtidige organiseringa av Life Science ved UiO.

Også instituttleiar Gunnar Nicolaysen ved Institutt for medisinske basalfag er svært glad for styrevedtaket om å gå inn for samanslåing av UiO og Veterinærhøgskulen.

- Det synest eg er rett, og det har eg arbeidd for gjennom mange år.

- Kvifor er det bra?

- Det fagleg store interessefelleskapet me har, slår han fast.

Emneord: Forskning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2007 15:14 - Sist endra 10. des. 2008 16:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere