Skal driva toppforsking på rus

UiO har nyleg fått tildelt eit nasjonalt senter for rusforsking. Både psykologiprofessor Fanny Duckert og medisinprofessor Helge Waal blir sentrale i oppbygginga av senteret. Senteret får ei løyving frå Forskingsrådet på 10 millionar kroner årleg over fem år.

HEVA KVALITETEN : - Senteret kan heva kvaliteten på den kliniske rusforskinga i Noreg og samtidig markera seg internasjonalt, trur psykologiprofessor Fanny Duckert og medisinprofessor Helge Waal.
Foto: Ola Sæther

Det nasjonale senteret for rusforsking liknar på eit senter for framifrå forsking, men det finst også skilnader. - Det skil seg ut ved at fokuset ikkje er eit avgrensa område i forskingsfronten, men å fremja klinikknær forsking på høgt internasjonalt nivå. Oppgåva skal også vera undervisning og forsking, understrekar Fanny Duckert og Helge Waal.

Hard konkurranse

Både Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø konkurrerte med Universitetet i Oslo om å få eit nasjonalt senter for rusforsking. Til slutt gjekk altså UiO sigrande ut av den kampen. Psykologiprofessor Fanny Duckert og medisinprofessor Helge Waal har ei klar oppfatning av kvifor det gjekk slik.

- UiO har eit breiare kompetanseområde enn dei andre universiteta slik det blant anna blir demonstrert gjennom samarbeidet mellom Seksjon for kliniske rusmiddelproblem ved Instiutt for psykiatri og Psykologisk institutt ved UiO. Søknaden vår blei på lik linje med dei andre søknadane også vurdert av ein internasjonal fagfellekomité, og dei slo fast at forskinga vår ligg på eit høgt internasjonalt nivå, seier Duckert og Waal.

Dei understrekar at senteret vil samarbeida med rusforskarar både ved universiteta i Bergen, Tromsø og Stavanger. I tillegg vil dei arbeida nært med forskingsinstitutta SIRUS, Folkehelseinstituttet og SINTEF Helse.

20 arbeidsplassar

Til saman vil senteret tilsetja seks forskarar inkludert ein senterleiar. Samtidig skal også fleire stipendiatstillingar lysast ut. Alt i alt vil 20 personar arbeida på senteret som vil få lokale i tilknyting til Senter for klinisk rusmiddelproblem ved Ullevål universitetssjukehus. Ein mindre sum blir løyvd denne hausten og deretter får senteret ei støtte på 10 millionar kroner i året.

I tillegg har Seksjon for kliniske rusmiddelproblem frå før fått ei løyving på 4,5 millionar kroner som også skal gå til senteret. Frå våren 2008 håpar Fanny Duckert og Helge Waal at senteret skal vera i drift. Dei har planane klare for kva forsking dei skal setja i gang med.

Skal forska på doble lidingar

- Det vil bli fire arbeidsgrupper som skal arbeida med kvar sine område. Eit prosjekt skal forska på rusmisbruk og på ruseksponering i svangerskap og etter fødselen. Ei anna gruppe skal sjå på fylgjene av rusmiddelbruken og ulike lidingar og skader som skjer på same tid. Psykiatriske lidingar kombinerte med rusrelaterte lidingar er eit viktig område.

Eit anna viktig felt er posttraumatiske stressforstyrringar hos personar med rusmiddelproblem. Den tredje gruppa skal arbeida med intervensjonar, slik som terapigrupper, førebyggjande psykologisk behandling og ulike former for medisinsk behandling. Innafor intervensjonsforskinga kan ein til dømes forska på kva effekt forskjellige typar blokkeringsimplantat har på rusmisbrukaren, fortel Waal og Duckert til Uniforum.

Kan kartleggja eigen rusmisbruk framfor PC-en

Og på Psykologisk institutt vil dei prøva ut eit PC-basert program som kan hjelpa folk i faresona med å finna ut at dei har behov for hjelp på grunn av rusmisbruket sitt.

- Dei vil heilt anonymt kunna melda seg inn på ei nettside der dei ved å svara på enkle spørsmål kan finna ut om dei har eit risikofylt alkoholforbruk og få råd og oppfylging til å leggja om vanane sine. Dei vil kunna få eit individuelt tilpassa opplegg og blir fylgde opp via eigen PC og mobiltelefon. Dette er eit prosjekt som me held på å utvikla i nært samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet og AKAN, opplyser Duckert. Dei ser også at dette senteret vil gi store fordelar for både forskarrekrutteringa og grunnutdanninga.

Helsetenesta og rusmisbrukaren

- Sist, men ikkje minst skal me forska på korleis helsetenesta behandlar rusmisbrukaren og korleis forholdet er mellom førstelinjetenesta og sjukehusa. Om rusmiddelomsorga vil bli betre eller dårlegare om den blir plassert meir sentralt, kan vera ei aktuell problemstilling, fortel Duckert og Waal til Uniforum.

- Dagens rusforskarar er i ferd med å nå pensjonsalderen, så difor er det viktig at me får inn yngre forskarar som kan erstatta dei. Det er også grunnen til at det er viktig å byggja opp ei solid grunnutdanning. Planen er å setja i gang to masterprogram relatert til rus i løpet av kort tid, seier dei.

Medan Helge Waal skal leia styret for det første fagrådet for senteret skal Fanny Duckert også ei sentral stilling i senteret. Den første oppgåva til fagrådet blir å tilsetja ein direktør for det nye senteret.

- Senteret kan heva kvaliteten på den kliniske rusforskinga i Noreg og samtidig markera seg internasjonalt. Håpet er at EU også ser det som så interessant at me kan få pengestøtte derifrå, seier Duckert og Waal.

Emneord: Psykologi, Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2007 17:00 - Sist endra 10. des. 2008 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere