Årsfesten starta på tradisjonelt vis med Johan Svendsens Festpolonaise framført av Universitetets symfoniorkester, medan medlemane av Universitetsstyret og dekanane danna den akademiske prosesjonen. Etter at dei hadde sett seg, sette også publikum seg før folk måtte reisa seg for andre gong. Denne gongen for Hans Majestet Kong Harald, rektor Geir Ellingsrud og den nye universitetsdirektøren, Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.
PRISUTDELAR: Kong Harald kunne personleg dela ut Hans Majestet Kongens gullmedalje til fem framifrå ynge forskarar.
Rektor Geir Ellingsrud heldt ein forsvarstale for den akademiske fridomen i den andre årsfesttalen sin. Og han tok utgangspunkt i at rektorembetet ved universitetet fyller 100 år i år.
- Eg vil poengtera verdien av at denne markeringa skjer det same året som Noreg vel å lovfesta den akademiske fridomen. Rektorembetet har eit ansvar for å syta for at omgrepet "akademisk fridom" ikkje berre blir ein talemåte ved høgtidelege markeringar som denne. Alle som arbeider med forsking, høgare utdanning og forskingsformidling er avhengige av arbeidsvilkår som gir omgrepet eit meiningsfylt innhald. Rektor er vald til å utøva leiarskap på vegner at dei som treng denne fridomen til å skapa resultat, understreka Ellingsrud, som trass i at dei fleste meiner at den akademiske fridomen blir respektert i Noreg, kunne ana mørke skyer i horisonten.
- Den akademiske fridomen kan bli utfordra
- Likevel skal me ikkje underslå at det finst trekk i samfunnsutviklinga eller ved offentleg politikk som i praksis kan utfordra den akademiske fridomen. Omlegginga av den statlege styringa av universitet og høgskular, blant anna gjennom finansieringsordningar, gir grunn til å vera på vakt.
- Når meir av den ordinære statsløyvinga blir kopla til bestemte resultat, utgjer det eit press for å tilpassa seg bestemte målingsmekanismar. Og når meir av den eksterne forskingsfinansieringa blir konsentrert om store prosjekt og program, gir dette føringar som vil kunna påverka fridomen for den enkelte forskaren og for kvart forskingsmiljø.
- Dette er strukturelle endringar som krev ein stadig diskusjon om kva som tener samfunnsutviklinga best, trekte han fram. Ellingsrud tykte derimot ikkje at ei strammare organisering av universitetet skulle vera eit trugsmål.
- Dette treng ikkje truga fridomen. Ein betre organisasjon kan gjera det enklare å gi forskarane meir tid og skaffa til vegs meir midlar. Det viktigaste er å sikra at organisatoriske reformer har som mål å verna om kjernen i den akademiske fridomen, slo han fast.
Før han avslutta talen, nytta han høvet til å takka fylkesordførar Hildur Horn Øien i Akershus og byrådsleiar Erling Lae i Oslo for drahjelpa i samband med finansieringa av restaureringa av Universitetets Aula, resten av Midtbygningen og Professorboligen i sentrum.
- Det har vore medverkande til regjeringa sin lekkasje om å løyva ein halv milliard til dette arbeidet fram til UiOs 200-årsjubileum, sa han før han gav ordet vidare til professor John Peter Collett som gav ein rask gjennomgang av den hundre år lange historia til rektorembetet ved Universitetet i Oslo.
Han tykte det var flott at Universitetsstyret hadde valt å halda fram med ordninga med valt rektor, sjølv om den nye lova for universitet og høgskular frå 2005 opnar for tilsett rektor.
- Det viser at rektorembetet ved UiO går inn i ein ny 100-årsperiode med stor tillit til dei verdiane universitetet representerer, konkluderte Collett med.
Kloster og katedral
Nasjonalmuseets direktør Allis Helleland samanlikna i talen sin akademia med forholdet mellom kloster og katedral.
- I klosteret kan munkane og nonnene få ro til å tenkja nye tankar. Denne nye kunnskapen kan seinare bli formidla til resten av kyrkjelyden i katedralen. Både på universitetet og i Nasjonalmuseet blir det utvikla ny kunnskap og nye utstillingar som me har som oppgåve å formidla ut til resten av samfunnet. I det store og det heile sit me og forvaltar heile den norske kulturarven, sa Helleland.
Etter talane gjekk prorektor Haakon Breien Benestad opp på podiet og delte ut forskingsprisen til professor i sosialantropologi, Signe Howell, formidlingsprisen til professor i idéhistorie, Trond Berg Eriksen og prisen for godt læringsmiljø til Brynjulv Norheim og Ingunn Fridheim frå Avdeling for kompetansehevande studium ved Det teologiske fakultetet. Alle fekk velfortent applaus frå publikum.
Det utradisjonelle musikalske innslaget stod Kjell Tore Innervik (biletet) for. Han slo laus på det aller største slagverket som nokon har gått laus på i Universitetets Aula. Verket var "Rebonds B" av Iannis Xenakis. Og til slutt kom kong Harald opp på podiet for å dela ut Hans Majestet Kongens gullmedalje til dei framifrå yngre forskarane Hans Morten Haugen, Oláfur Eystein Sigurjónsson, Andreas Bentzen, Helge Jordheim og Jørn Arne Aas. Seremonien blei avslutta med Gaudeamus ígitur og Rikard Nordraaks Purpose frå Maria Stuart.
Tidlegare på dagen var det blautkakeutdeling på Frederikkeplassen, Kristine Bonnevie-forelesing i Georg Sverdrups hus og foredrag om Sigrid Undset i Gamle Festsal i Urbygningen. Alle arrangementa blei akkompagnerte av ei sol som strålte heilt til det var slutt. Då tok stormen over.
Logg inn for å kommentere