Æresforfattarskap er uakseptabelt

Æresforfattarskap er uakseptabelt. Det blir slått grundig fast i dei nye forskingsetiske retningslinjene for naturvitskap og teknologi som blei lanserte på UiO tysdag 25. september. UiB-professor Dag Helland, som er leiar for Den nasjonale etiske komiteen for teknologi og naturvitskap (NENT)har leidd arbeidet med dei nye retningslinjene.

OPPGRADERT ETIKK: Komitéleiar Dag Helland overrekkjer dei omarbeidde forskingsetiske retningslinjene til statssekretær Per Botolv Maurseth i Kunnskapsdepartementet.
Foto: Martin Toft

Berre forskarar som har ytt viktige bidrag til ein artikkel, kan etter dei nye retningslinjene bli medforfattarar. Ein forskar som ikkje har kome med viktige bidrag til ein vitskapleg artikkel, kan altså ikkje krevja å bli sett opp som medforfattar av kollegiale omsyn eller på grunn av gammalt vennskap. I dei forskingsetiske retningslinjene heiter det at forskaren skal fylgja god publiseringspraksis.

Æresforfattarskap er uakseptabelt. Det blir også sett opp tre kriterium som må oppfyllast for ein medforfattarskap. Alle skal ha gitt eit betydeleg akademisk bidrag til i det minste to av dei fire komponentane i eit typisk forskingsprosjekt: konsept eller design, datainnsamling og bearbeiding av data, analyse og tolking av data og skriftleg utforming av viktige delar av arbeidet.

For det andre skal alle kritisk ha gått gjennom ulike utkast og godkjenna den siste versjonen. For det tredje skal alle vera i stand til å forsvara heile arbeidet, sjølv om det ikkje inneber alle tekniske detaljar. Det er truleg det strenge kravet til medforfattarskap, som skil dei omarbeidde forskingsetiske retningslinjene for teknologi og naturvitskap mest frå retningslinjene frå 2005.

På veg ut

Komitéleiar Dag Helland, som til dagleg er professor i bioinformatikk ved Universitetet i Bergen, la heller ikkje skjul på at den tradisjonelle forma for vitskapleg publisering kan vera i ferd med å syngja på siste verset.
- Dagens form for publisering av vitskaplege funn i prestisjetunge tidsskrift er truleg på veg ut. Me må finna andre måtar å publisera på, som ikkje hindrar store folkegrupper i fattige land i å ta del i denne kunnskapen på grunn av ressursmangel.

- Velrenommerte amerikanske forskarar vil ha elektronisk publisering av alle forskingsartiklar, slik at dei blir tilgjengelege for alle. Dagens system med fagfellevurdering er god, men tidene endrar seg, sa Helland, før han overrekte dei omarbeidde forskingsetiske retningslinjene for teknologi og naturvitskap til statssekretær Per Botolv Maurseth. Han trekte fram at Noreg no har fått ein eigen permanent komité som kan granska uheiderleg forsking på alle område.

- Moralsk krasjlanding

- Det er viktig at undervisning i dei forskingsetiske retningslinjene blir ein naturleg del av utdanninga ved universiteta og høgskulane. Forskingfusk er ei moralsk krasjlanding. Den beste garantien mot forskingsfusk er tradisjonell forskingspraksis, altså fagfellevurdering, understreka Maurseth, som syntest det var viktig at forskingssamfunnet sjølv tar initiativ til ei naudsynt oppgradering av dei forskingsetiske retningslinjene.

- Berre på den måten kan samfunnet utanfor forskingsverda ha tillit til at forskarane i det store og det heile er sanningssøkjande menneske.

Forskaren som varslar

Dei forskingsetiske retningslinjene for naturvitskap og teknologi blei opphavleg utarbeidde i 2005, men no er dei blitt omarbeidde etter ein høyringsrunde. Til saman inneheld dei 24 punkt, om alt frå at forskinga skal vera i samsvar med menneskerettane og god forskingspraksis til omsyn til personvernet og vern av dyr i forsking. Det blir også lagt vekt på at forskaren skal ha respekt for tradisjonell kunnskap, samtidig som han eller ho skal ha plikt til å opptre som varslar når vedkomande kjem i konflikt med det generelle samfunnsansvaret sitt. Forskingsinstitusjonane har plikt til å ha uavhengige mekanismar på plass som kan støtta tilsette i varslingssituasjonar.

Formidling skal vera meritterande

Dei same institusjonane skal syta for å ha på plass rutinar som gjer det mogleg å driva med populærvitskapleg formidlingsverksemd, slik at forskaren når fram til brukargrupper om forskingsfunn. Dei skal også leggja forholda til rette for at formidlingsverksemd blir meritterande for forskarane.

Det blir dessutan understreka at forskaren har ansvar for å sikra open informasjon og vitskapleg kvalitet i oppdragsforsking, samtidig som han eller ho har plikt til vera open om moglege interessekonfliktar, til dømes om økonomiske forhold, aktuelle verv i politiske, religiøse eller andre verdibaserte foreiningar som kan påverka forskinga. Og dei gongene det oppstår ein mogleg konflikt mellom ulike roller, skal forskaren gjera klart i kva grad han eller ho talar ut frå forskarrolla eller ut frå andre roller.

Forskingsetisk eid

Komiteen kjem også med framlegg til ein forskingsetisk eid, med den Hippokratiske eiden i medisinarutdannninga som inspirasjonskjelde. Forskingsinstitusjonane blir bedne om å vurdera om det kan vera rimeleg for kvar enkelt å avleggja ein slik eid etter avslutta doktorgradsprøve.

Framlegget til eid lyder slik i originalversjonen:

"Jeg vil utøve min virksomhet som forsker redelig og sannferdig, Jeg skal bruke mine vitenskapelige kunnskaper og ferdigheter til beste for menneskeheten og for en bærekraftig utvikling. Jeg skal vise respekt for dyr og natur. Jeg skal handle i overensstemmelse med forskningsetikken, og jeg skal ikke tillate at hensyn bygget på ideologi, religion, etnisitet, fordommer eller materielle fordeler overskygger mitt etiske ansvar som forsker."

Emneord: Forskning, Etikk Av Martin Toft
Publisert 25. sep. 2007 18:16 - Sist endra 10. des. 2008 14:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere