Vil ha debatt om NRK

- Fleire røyster må delta i debatten rundt framlegget til ein allmennkringkastingsplakat for NRK. Difor inviterer Vox Publica studentar og tilsette ved UiO til å senda inn debattinnlegg, seier prosjektleiar Olav Øvrebø i nettmagasinet til Uniforum.

PÅ ORDET: - Me tar Trond Giske på ordet og ber difor alle interesserte om å koma med synspunkt på innhaldet i forslaget til allmennkringkastingsplakat for NRK, seier Olav Øvrebø i Vox Publica.
Foto: Martin Toft

Vox Publica er eit nettmagasin som blir gitt ut ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Magasinet blei starta i fjor haust med økonomisk støtte frå stiftinga Fritt Ord, og instituttleiar Jostein Gripsrud er også ansvarleg redaktør for tidsskriftet.Men det er prosjektleiar Olav Øvrebø som har det daglege redaksjonelle ansvaret for Vox Publica.

- Hovudtemaet for magasinet er demokrati og ytringsfridom i vid forstand. Då kyrkje- og kulturminister Trond Giske presenterte regjeringa sitt framlegg til allmennkringkastingsplakat for NRK, inviterte han absolutt alle til å delta i høyringsrunden. Likevel sende han berre framlegget ut til eit utval av lag og organisasjonar.

- Men me bestemte oss for å ta han på ordet og ber alle som er interesserte til å koma med synspunkt og kommentarar på innhaldet i forslaget til allmennkringkastingsplakat for NRK, seier Olav Øvrebø.

Det er grunnen til at magasinet har lagt ut forslaget og ber om synspunkt på til dømes forholdet til reklame på nettet, språkpolitikken og forholdet mellom aktualitetsprogram og underhaldning.

- Meininga er å sy saman ei oppsummering av debatten og senda den inn som ei høyringsfråsegn frå lesarane til Vox Publica før fristen går ut 1. september. No vil me gjerne at endå fleire frå Universitetet i Oslo engasjerer seg i denne debatten. Dei kan vera både forskarar, andre tilsette og studentar, seier Øvrebø.

Han reknar med at mange vil ha eit ord med i laget før allmennkringkastingsplakaten blir vedtatt.

- Me har fått innlegg frå den kristne organisasjonen "Familie og medier" og frå dei som arbeider for opne IT-standardar. Men både fagpersonar, journalistar, organisasjonar og andre interesserte må bli med i denne debatten, synest han.

Emneord: Universitetspolitikk, Media Av Martin Toft
Publisert 17. aug. 2007 13:57 - Sist endra 10. des. 2008 16:12

Logg inn for å kommentere