- Valt rektor gir større legitimitet

- UiO har valt å velja rektor og eg ser ingen grunn til å ha det annleis. På den måten får både dei tilsette og studentane direkte påverknadskraft, og den som blir vald til rektor får større legitimitet. Det seier nytilsett universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe .

GLER MEG: - Eg gler meg stort til å byrja i jobben som universitetsdirektør, seier Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.
Foto: Ståle Skogstad

Det er tidleg om morgonen Uniforum treffer den nytilsette universitetsdirektøren for første gong. Sjølvsagt skjer det i 9. etasje i Administrasjonsbygningen, arenaen ho skal administrera Universitetet i Oslo frå når ho tar til i jobben i neste månad. Og det var ei stilling ho gjerne ville ha.

- Ja, eg søkte jobben av meg sjølv, før eg blei kontakta av eit hovudjegerfirma, innstilt av tilsettingsutvalet og tilsett av Universitetsstyret. Det er den mest spennande jobben i Noreg fordi Universitetet i Oslo er ein viktig samfunnsaktør og ein viktig aktør internasjonalt.

- Korleis blir det å gå frå Sosial- og helsedirektoratet til ein utdannings- og forskingsinstitusjon?

- Eg ser mange likskapstrekk mellom dei to institusjonane. Begge er kunnskapsbedrifter, men nøkkelorda for UiO er kunnskapsproduksjon, undervisning og kunnskapsformidling. Som leiar er det begge stader viktig med kunnskap om forvalting og forsking, på same tid som ein har ein internasjonal dimensjon ved dei tinga ein gjer. Det viktigaste skilnaden er styringssystemet. Universitetet i Oslo har ei langt friare stilling og er ikkje styrt direkte frå eit departement. UiO har også ein langt meir kompleks organisasjon enn den som Sosial- og helsedirektoratet har. Eit hovudfokus for meg blir studentane.

- Brenn for forskinga

- Du har doktorgrad i ernæring. Men kvifor ville du ikkje halda fram som forskar i staden for å gå inn i helsebyråkratiet?

- Tidleg i karrieren min underviste eg ved Universitetet i Bergen, og dei siste åra har eg undervist som professor II ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø. Det viser at eg heile tida har drive med forsking ved sida av dei stillingane eg har hatt. I ti år var eg også leiar for Statens Ernæringsråd, og nyleg slutta eg som leiar for den norske delen av det internasjonale prosjektet med å utvikla ei ny vekstkurve for barn. Så eg kan med handa på hjartet seia at eg brenn for forskinga.

- Kvifor vil du likevel heller vera leiar?

- Eg er fascinert av leiarskap, og eg føler at eg utviklar meg som menneske gjennom å utvikla meg som leiar. Det var utruleg spennande og interessant å vera med og byggja opp Sosial- og helsedirektoratet etter samanslåinga av 12 ulike nasjonale helse- og sosialetatar.

- Din forgjengar, Hanne Harlem, meinte at UiO helst burde ha ein tilsett rektor som både skulle vera fagleg og administrativ leiar for institusjonen. Korleis vil du balansera rolla som tilsett universitetsdirektør i høve til den valde rektoren?

- Eg ser fram til å arbeida saman med rektor Geir Ellingsrud og til å overlata det faglege ansvaret til han, medan eg skal ta meg av det reint administrative ansvaret. Saman blir me dynamitt fordi me begge ynskjer ei nær kopling mellom fag og administrasjon. UiO har valt å ha ein vald rektor, og eg ser ingen grunn til å ha det annleis. På den måten får både dei tilsette og studentane direkte påverknadskraft, og den som blir vald til rektor får større legitimitet. På ein måte kan me seia at rektor Geir Ellingsrud er vald, medan eg er utvald.

- Vil ha god dialog

- Og kva har du mest forventingar til i denne jobben?

- Det er å bli kjent med alle menneska som jobbar og studerer her. Difor vil eg bruka den første tida på å besøkja fakulteta, musea, biblioteket og Sentraladministrasjonen. Og det vil vera viktig for meg raskt å koma i ein god dialog med dei tillitsvalde, studentleiarane og andre samarbeidspartnarar ved UiO. Eg er for at alt skal vera så ope og gjennomsiktig som mogleg. Mi dør vil alltid vera open for den som vil ha ein samtale med meg.

- Kva trur du blir den vanskelegaste delen av jobben?

- Eg synest det er blitt gjort mykje bra på universitetet. Det er midt inne i store prosessar, som eg skal ta meg god tid til å setja meg grundig inn i. Mitt ynskje er at UiO skal vidareutvikla seg som ei merkevare nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til at folk skal arbeida og studera på UiO, er eg oppteken av at folk skal vera motiverte og ha det kjekt på universitetet. Eg ser det som eit privilegium å få arbeida som universitetsdirektør, og eg føler meg velkomen etter den gode mottakinga eg har fått.

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 23. aug. 2007 09:08 - Sist endra 10. des. 2008 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere