Sommarskulen vil ikkje flytta til Veglaboratoriet

Den internasjonale sommarskulen kan i løpet av hausten bli nøydd til å flytta til Veglaboratoriet. - Me håpar at det kan finnast andre mellombelse løysingar, slik at me ikkje må flytta til Veglaboratoriet, seier direktør Einar Vannebo.

UPRAKTISK OG UHELDIG: - Det blir både upraktisk og uheldig for oss å ha administrasjonen på Veglaboratoriet, meiner direktør Einar Vannebo ved Den internasjonale sommarskulen, UiO.
Foto: Ola Sæther

1. januar 2008 kan Teknisk avdeling koma til å setja i gang med renovering av den gamle bygningen for preklinisk odontologi på Blindern (PO-bygningen). Føresetnaden er at Universitetsstyret gir klarsignal til det i samband med handsaminga av budsjettet i månadsskiftet november/desember. Om det skjer vil Statsbygg bli ansvarleg byggherre. Det opplyser plan- og eigedomssjef Helga Sagsveen i Teknisk avdeling til Uniforum.

Dersom styret gir Teknisk avdeling grønt lys til å setja i gang med prosjektet, fører det til at Den internasjonale sommarskulen må flytta administrasjonen sin, som sidan 1995 har halde til i 6 etasje i den bygningen. Teknisk avdeling har gitt dei tilbod om nye provisoriske lokale i Veglaboratoriet i Gaustadalléen 25.

- Upraktisk og uheldig

Direktør Einar Vannebo er ikkje særleg glad for den løysinga.

- Det blir både upraktisk og uheldig for oss å ha administrasjonen der, samtidig som me skal stå til teneste for dei over 500 sommarskulestudentane på Blindern. Det er svært vanskeleg for oss å vera i eksil borte frå campus, om ikkje heile den gode infrastrukturen me har utvikla der, skal bli skadelidande, understrekar han. Etter det Uniforum har fått opplyst finst det ikkje andre ledige lokale på Blindern.

- Me håpar likevel at det kan finnast andre mellombelse løysingar, slik at me ikkje må flytta til Veglaboratoriet. Lokala der passar berre for einingar som ikkje har servicefunksjonar overfor studentar og lærarar. Planen er at me får koma tilbake til PO-bygningen når den er ferdig renovert, eller til ein annan bygning på Blindern. Ei plassering utanfor campus kan me ikkje leva med, står han fast på.

Emneord: Internasjonalisering, Universitetspolitikk, Den internasjonale sommerskole, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2007 14:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere