Meir regn kan gi uår for kvegbønder

Klimaendringar kan føra til at det regnar oftare i tørre fellesbeiteområde i Afrika. I første omgang kan det føra til større avlingar, men dersom kvegbøndene ikkje maktar å samarbeida, kan økosystemet bli ustabilt Talet på dyr kan bli for stort og føra til overbeiting i uår for desse bøndene. Det er konklusjonen i ein artikkel som UiO-forskarane Kjell Arne Brekke, Bernt Øksendal og Nils Chr. Stenseth publiserer i det prestisjetunge tidsskriftet PNAS denne veka.

REGN: Meir regn kan føra til uår for kvegbønder i Afrika om dei aukar talet på buskapen. Biletet viser ein tuaregbonde med geiteflokken sin. (Foto: Carsten Sørensen, UiO)

Det var førsteamanuensis i samfunnsøkonomi, Kjell Arne Brekke og økologiprofessor Nils Christian Stenseth som først stakk hovuda sine saman og fann ut at dei i fellesskap kunne vidareutvikla G. Hardins teori om allmenningen sin tragedie, "Tragedy of the Commons", først publisert i Science i 1968. ¨

Han slo fast at ein felles allmenning kan føra til overbeite og eit dårleg utfall for alle. Seinare har andre forskarar peika på mange døme på institusjonar som sikrar at fellesressursane kan bli tatt godt vare på., til dømes eit eldsteråd eller eit allmøte. Men når institusjonane sviktar, gjeld Hardins dystre konklusjon.

- Me oppdaga at me kunne ta denne teorien vidare ved å ta med økologi og klimaendring som ein ny variabel. Difor allierte me oss med matematikkprofessor Bernt Øksendal, som laga eit eige teorem for uvisse til den vitskaplege artikkelen vår, fortel Brekke og Stenseth til Uniforum.

Koplar økologi og menneskeleg åtferd

Dei ser at klimaendringar kan stikka kjeppar i hjula for den måten eit fellesbeite er blitt administrert på fram til no.

- Det som er nytt i teorien vår, er at me har kopla økologi og menneskeleg åtferd. Det er velkjent frå økologien at økosystem kan vera ustabile. Eitt døme er eit lemenår. Men til skilnad frå dyra kan mennesket leggja langsiktige planar. Det første spørsmålet me stilte, var om dette kunne hjelpa til med å gjera økosystem stabile når menneske eig dyra i systemet. I arbeidet vårt finn me at sjølv om me overdriv og tenkjer at kvegbøndene tenkjer uendeleg langt fram og full ut forstår dynamikken i økosystemet, så hjelper det ikkje til å gjera økosystemet stabilt, om ikkje dei klarer å samarbeida, peikar dei på.

- Ifylgje artikkelen vår blir Hardins dystre spådom endå dystrare, økologisk ustabilitet kan også vera ein tragedie for allmenningen. Men kva skjer når klimaendringane fører til meir regn og til auka avlingar? Det ville me prøva å finna svaret på, seier Brekke. Og gjennom avanserte matematiske modellar for utrekning av ulike hypotesar, meiner dei at dei har kome fram til svaret.

Regn gjer økosystemet mindre stabilt

- Meir regn gjer sjølvsagt godt for planteveksten, men det kan også gjera økosystemet mindre stabilt. Det kan samanliknast med reven som har det godt i eit lemenår, men må tola svolt året etter, når revebestanden er stor og det er få lemen. På same måten vil det første året med meir nedbør truleg vera til stor velsigning for desse kvegbøndene, sidan det vil føra til auka vegetasjon og meir fôr til dyra. I neste omgang vil bøndene auka talet på dyr.

- Sjølv om dei skulle innsjå at allmenningen ikkje vil tola det, er det i fråver av institusjonar som kan fremja samarbeid, det beste alternativet når alle andre gjer det same. To år etter vil det kanskje vera for mange dyr som vil beita ned vegetasjonen, medan klimaet på same tid kanskje er tilbake til det normale, det vil seia svært tørt.

- Då vil bøndene truleg gi tørken skulda for dette, medan det indirekte var dei uventa store nedbørmengdene to år tidlegare som skapte ustabilitet gjennom uventa gode beiteforhold, noko som førte til at bøndene auka talet på dyr. Konsekvensen av det blei overbeiting og at jorda ikkje lenger tolte ein tørkeperiode, slik den hadde gjort tidlegare. På den måten blei regnet til ein tragedie og ikkje til ei velsigning for kvegbøndene, konstaterer Stenseth.

Må ha ein regulerande institusjon

Dei tre forskarane har også funne fram til korleis det går an å hindra at eit ustabilt element som auka nedbør skal øydeleggja stabiliteten ved eit fellesbeite.

REGN: Meir regn kan føra til større avlingar, men dersom kvegbøndene ikkje maktar å samarbeida, kan økosystemet bli ustabilt, har UiO-forskarane Kjell Arne Brekke (t.v.) og Nils Chr. Stenseth funne ut. (Foto: Martin Toft)

- Då er det heilt naudsynt å ha ein institusjon, anten det er eit eldsteråd, allmøte eller ein statleg representant, som kan regulera bruken av allmenningen og kor mange dyr kvar kvegbonde kan ha, for at ikkje jorda skal bli utarma og dyra døy av svolt i periodar utan regn. Difor er ikkje ein allmenning i seg sjølv ein tragedie, berre ein allmenning utan ein regulerande institusjon. Det finst mange døme på slike institusjonar som har overlevd i mange hundreår, men eit mindre stabilt klima kan auka faren for ustabilitet i økosystemet og på den måten setja slike institusjonar på ein ekstra prøve, seier Brekke.

- Glade

Begge er svært nøgde med at artikkelen deira denne veka blir publisert i det vitskaplege tidsskriftet
PNAS(Proceedings of the National Academy of Sciences).

- Det er klart me er glade for det, og ikkje minst er me svært tilfredse med dei gode tilbakemeldingane me har fått frå fagfellene våre, som har vurdert artikkelen på førehand for PNAS. Det viser at dei verkeleg har sett seg godt inn i stoffet og har forstått kor komplisert og langt frå trivielt det er, understrekar Stenseth.

Både han og Brekke håpar no at dei kan få pengar frå Forskingsrådet til eit feltstudium av teorien.

- Då ynskjer me å undersøkja situasjonen for allmenningane i Tibet, og me har alt med oss fleire gode kinesiske biologar på dette prosjektet.

- Kan denne teorien også brukast på fellesbeite i Noreg?

- Nei, denne teorien gjeld for område med lange tørkeperiodar før det kjem nedbør, slår dei fast. Brekke og Stenseth trur også Universitetet i Oslo har grunn til å vera glad for arbeidet dei tre har gjort.

- Me kjem frå tre ulike senter for framifrå forsking ved UiO. Både økonomi, matematikk og økologi er representerte i denne artikkelen. Dette viser tverrfakultær og tverrfagleg forsking på sitt aller beste. Og ingen av oss kunne ha skrive denne artikkelen åleine, meiner dei.

Emneord: Biologisk institutt, Afrika, Forskning, Utviklingsland, Utviklingshjelp Av Martin Toft
Publisert 31. aug. 2007 11:44 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere