Kong Harald og Allis Helleland deltar på Universitetets årsfest

Kong Harald V kjem for personleg å dela ut Kongens gullmedalje til fem yngre og lovande forskarar på Universitetets årsfest 3. september, medan Nasjonalmuseets nye direktør Allis Helleland skal halda festtalen, opplyser prosjektkoordinator Bente Hennie Strandh i Informasjonsavdelinga til Uniforum.

FESTTALAR: Nasjonalmuseets nye direktør Allis Helleland skal halda festtalen under Universitetets årsfest 3. september.(Fotograf: Jens Bangsbo, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design)

- Det er klart at me føler det som ei stor ære at kong Harald vil delta under Universitetets årsfest. Og me er også godt nøgde med at me har klart å få Allis Helleland til å halda festtalen i år, seier prosjektkoordinator Bente Hennie Strandh i Informasjonsavdelinga. Og det var ikkje noko vanskeleg å få tak i den nye direktøren for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

- Nei, me spurte henne og ho sa ja. Så enkelt var det. Grunnen til at me ville ha henne, var at ho også leier ei åndsverksemd. For henne kan det bli eit fint høve til å koma med ei programerklæring for den institusjonen ho er tilsett som direktør for, trur Strandh.

- Men ville det ikkje ha vore like naturleg å ha spurt UiOs nytilsette universitetsdirektør om å halda festtalen?

- Tradisjonelt har universitetsdirektøren aldri halde festtalen, så difor var ikkje det aktuelt. Vanlegvis er det ein forskar eller ein person utanfor universitetet som held talen.

Rektorembetet fyller 100 år

- Kva andre grunnar enn kong Harald og Allis Helleland er det for å dra på Universitetets årsfest?

- Uansett kva som står på programmet, bør det vera ein tradisjon for alle UiO-tilsette å gå på årsfesten for å feira fødselsdagen til universitetet og ikkje minst heidra dei som får utdelt UiOs forskingspris, formidlingspris og pris for godt læringsmiljø. Det eg likevel gjerne vil trekkja fram, er markeringa av at rektorembetet fyller 100 år. I samband med det vil universitetshistorikaren John Peter Collett halda eit foredrag om historia til rektorembetet.

- Og kva kan me venta oss musikalsk?

- Perkusjonist Kjell Tore Innervik vil visa kva magiske tonar han klarer å trylla fram på instrumentet sitt. Det trur eg kan bli både annleis og spennande. Kvindelige Studenters Sangforening avsluttar seremonien med ein korsong, fortel Strandh. Universitetets årsfest byrjar klokka 14.00 og blir etterfylgd av ei mottaking i Universitetshagen. Bente Hennie Strandh meiner også den er viktig å få med seg.

- Då får ein eit glimrande høve til å møta folk ein ikkje treffer elles, både folk utanfor og innanfor universitetet. Ho ynskjer også å minna om at programmet eigentleg byrjar endå tidlegare på dagen.

Foredrag om miljø og Sigrid Ùndset

- Klokka 10.15 vil professor Jane Lubchenco frå Oregon State University halda Kristine Bonnevie-forelesinga i Georg Sverdrups hus. Forelesinga vil handla om kva miljøendringar i havet har å seia oss. Presis klokka 12 blir dagen markert på Frederikkeplassen, med servering av fødselsdagskake, tale frå rektor og utdeling av prisar for frivillige studentaktivitetar. Og klokka 13 vil Liv Bliksrud halda ei populærforelesing om Sigrid Undset i Gamle Festsal i Urbygningen. Det skulle alt i alt vera mange gode grunnar til å delta på arrangementa under feiringa av UiOs fødselsdag, slår Strandh fast.

Vinnarar av Kongens gullmedalje 2007:

Hans Morten Haugen, Det juridiske fakultetet
Ólafur Eysteinn Sigurjónsson, Det medisinske fakultetet
Helge Jordheim, Det humanistiske fakultetet
Andreas Bentzen, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet
Jørn Arne Aas, Det odontologiske fakultetet

Emneord: Universitetspolitikk, Årsfesten Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2007 15:53 - Sist endra 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere