Ber UiO etablera Afrika-senter

UiO har over 120 Afrika-forskarar og bør difor etablera ei eining for Afrika-forsking. Det krev ni forskarar i eit debattinnlegg i Uniforum. - Me treng nokon som kan koordinera Afrika-forskinga, meiner initiativtakarane Kjetil Tronvoll og Desmond McNeill.

AFRIKA-EINING: - UiO bør etablera ei Afrika-eining og har no sjansen til å skapa noko som kan vera unikt i Skandinavia, meiner forskarane Desmond McNeill og Kjetil Tronvoll (t.h.).
Foto: Ola Sæther

Det er prosessen med prioriteringa av fag på fakulteta som har fått varsellampane til å lysa hos dei som har spesialisert seg i forsking på Afrika. Ifylgje førsteamanuensis Kjetil Tronvoll har ingen stått opp og forsvart kor viktig det er å ta vare på kunnskapen om Afrika.

- Varselklokkene byrja å ringja då Det humanistiske fakultetet ville nedprioritera studieprogrammet i "Afrika sør for Sahara." I solidaritet med fagansvarleg, professor Ingse Skattum, sette me oss ned og tenkte over kva me kunne gjera.

- Til slutt blei me samde om å kalla inn alle UiO-forskarane som arbeider med Afrika til eit eige seminar om Afrika-forsking. Rundt 40 forskarar kom, og saman har me klart å kartleggja 120 forskarar som driv med Afrika-forsking, fortel førsteamanuensis Kjetil Tronvoll, som sjølv arbeider ved Norsk senter for menneskerettar. Oversikta viser også at mange av forskarane arbeider med same tema.

Afrika-forsking på sju av åtte fakultet

- Sju av åtte fakultet har forskingsprosjekt på fylgjene av HIV/AIDS-epidemien i Afrika. Det einaste fakultetet som ikkje driv med Afrika-forsking for tida, er Det odontologiske fakultetet. Dette viser at det er behov for ei heilskapleg satsing på Afrika-studiar, slik at forskinga kan koordinerast samtidig som resultata av denne forskinga kan formidlast til norske styresmakter og til næringslivet og frivillige organisasjonar, fortel han.

Både Kjetil Tronvoll og dei andre Afrika-forskarane har utan hell prøvd å fanga interessa til fakulteta for eit slikt senter. Redninga blei Senter for utvikling og miljø og avtrappande leiar Desmond McNeill, som også meiner det er behov for ei slik eining på UiO. - Og sidan ingen av fakulteta har sagt seg interesserte, kan Senter for utvikling og miljø godt vera fødselshjelpar for ei slikt initiativ, slår han fast.

Ikkje dyrt

Tronvoll avviser at det blir dyrt å etablera ei slik eining.

- Det me først og fremst treng er moralsk støtte og eit lokale frå universitetsleiinga, så skal me klara å skaffa pengar til drift på eiga hand ved å søkja eksternt og internt. Eg ser for meg at me kan tilsetja forskarar som har ei halv stilling på senteret og ei halv stilling på eit institutt.

- Både NORAD og UD har signalisert at dei ser positivt på ei slik etablering, og då vil det også bli lettare for oss å gå saman og senda inn ein fellessøknad om pengar frå til dømes Noregs forskingsråd, konstaterer Tronvoll og McNeill.

Dei viser til at Universitetet i Bergen har stor kompetanse på Afrika-forsking, og at både Göteborgs universitet og Københavns Universitet har eigne senter for Afrika-studiar.

- Men sidan UiO truleg har den største basen av Afrika-forskarar i Noreg samtidig som dei to sentra i Göteborg og København er ganske svake, har UiO no sjansen til å skapa noko som kan vera unikt i Skandinavia, understrekar dei.

- Kva med Afrika-instituttet i Uppsala?

- Det har eg vore med og evaluert, og det lir under det faktum at det ikkje har nærare kontakt med universitetet. Difor kan ei eining for Afrika-forsking ved UiO bli noko langt meir forskingsbasert, meiner McNeill.

Internasjonalt satsingsområde

Begge peikar på det faktum at Afrika-forsking er eit satsingsområde internasjonalt.

- Ved University of Florida, der eg nyleg hadde eit forskingsopphald, har dei tredobla staben på sitt senter for Afrika-studiar i løpet av dei siste fire åra. Også i Storbritannia er det stor vekst i Afrika-forskinga. Difor må Universitetet i Oslo gripa ballen no, dersom det ynskjer å hengja med internasjonalt på dette feltet.

- Me har allereie mange samarbeidsavtalar med afrikanske universitet som me kan utvikla vidare fagleg. Det vil også gi inspirasjon til studentar som kan tenkja seg å skriva ei doktoravhandling med eit tema frå Afrika. I dag er det nemleg berre seks postdoktorar som har spesialisert seg på Afrika, medan det er 50 seniorforskarar som arbeider med dette temaet. Difor kan etablering av ei eiga eining også bli viktig for rekrutteringa til Afrika-forskinga, trur Tronvoll.

Dei er også overtydde om at ei slik eining vil passa godt inn i den nye Afrika-strategien til Utanriksdepartementet.

- Afrika skal opnast opp, og dei skal sjå på den politiske utviklinga i kvart land, og ikkje berre vurdera landa i eit utviklingsperspektiv. Difor vil UD tilbake til empirien og granska og sjå nærare på gode, mindre gode og dårlege døme i Afrika. Det vil demonstrera til fulle at Afrika-forskarar ikkje er det same som bistandsforskarar. K

-Krigsforbrytartribunalet som blei etablert i Arisha i Tanzania etter folkemordet i Rwanda, viser at Afrika også er viktig som forskingsområde på internasjonal rettsutvikling, konstaterer Tronvoll.

Både han og dei åtte andre underskrivarane har tidlegare sendt framlegget til Universitetsstyret og rektor Geir Ellingsrud. Dei ventar no spente på korleis universitetsleiinga ser på dette initiativet.

- Me er opne for fleire organisasjonsmodellar for eit slikt tverrfakultært tiltak, men det viktigaste er at det blir tatt eit overordna grep frå universitetsleiinga, slår Tronvoll og McNeill fast.

Emneord: Internasjonalisering, Afrika, Forskning Av Martin Toft
Publisert 23. aug. 2007 14:58 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere