Hytte på Hvaler for 750 kroner veka

- Me har hatt det fint den veka me har vore her og til og med opplevd litt sol kvar dag. Det seier ekteparet Berit Hauge og Hans Kristian Sætrum som brukte ein del av sommarferien sin på den minste av dei to hyttene til UiO på Furufjell i Hvaler. Ingen klagar på ei leige på 750 kroner veka.

TRIVST: Ekteparet Hans Kristian Sætrem og Berit Hauge trivst godt med å feriera på Furufjell.
Foto: Ola Sæther

Det er overskya ver med gløtt av sol då Uniforums utsende medarbeidarar går ut av bilen og opp mot dei to hyttene på Furufjell som Feriestiftinga for dei universitetstilsette i Oslo eig.

Eigedomen har ni mål tomt med to hus, ein hovudbygning på 100 kvadratmeter med plass til ni personar og eit anneks med plass til to personar i dobbeltseng.

Den dagen Uniforum er der, er det berre folk i annekset. Utanfor inngangsdøra sit ekteparet Berit Hauge og Hans Kristian Sætrum saman med den vesle hunden sin. Då me har sett oss ned, kjem det straks jordbær og kaffi på bordet.

Berit Hauge jobbar som førstesekretær på IT-seksjonen ved Det juridiske fakultetet, medan Hans Kristian Sætrum arbeider i DnB/Nor. For 750 kroner i veka har dei fått leigd annekset. Og dei er strålande nøgde med opphaldet.

- Ikkje badever

- Det er svært koseleg her i annekset, og midt i blinken for eit par. Og her på Furufjell er det så stille at me kan høyra suset i trekronene når det bles litt, seier Hauge.

- Annekset har både innlagt vatn og vassklossett. Den einaste luksusen me manglar er ein eigen dusj, men det forstår me at det blir arbeidd for å få installert, legg Sætrum til. Dei tinga annekset for ei veke, men fordi dei måtte ordna ein del ting i huset i Oslo, kom dei ikkje til Furufjell før på måndag.

- Det har vel ikkje akkurat vore noko badever denne veka, så difor har me tatt ein båttur og ein biltur til Strømstad og Koster i Sverige. Og dessutan finst det også mange bra kulturtilbod å gå på i Østfold, dersom veret er dårleg. Denne sommaren har folk hatt høve til å sjå til dømes musikalen "Stenhugger`n" i Brottet i Hvaler. Men om det hadde vore fint ver, kunne me ha brukt badestrendene i nærleiken og vore ut i båten som høyrer til annekset, fortel ekteparet. Og om kveldane har dei vore inne.

- Ja, då har me laga mat og lese ei god bok. Det har vore ei skikkeleg avkopling. Ja, det er det eg vil kalle for ein ordentleg ferie, legg Hauge til.

- Men kvifor valde de å leggja ferien hit til Furufjell?

- Me har vore her eit par gonger tidlegare og veit at det er fint her på Hvaler. Og dessutan er det kort veg over til Sverige og båtsamband til Strømstad. Dei gongene det er dårleg ver, blir det nok litt fleire turar til Sverige enn elles, og dermed litt dyrare, sidan me sjølvsagt må handla når me er på den andre sida av grensa.

- Kjempeflott tilbod

- Kva synest de om at UiO har ei hytte på Hvaler?

- Det er eit kjempeflott tilbod til alle dei universitetstilsette. Personleg set eg også stor pris på at ordninga er så demokratisk, slik at alle uansett kva stilling dei har, har høve til å leiga annekset eller hovudbygningen på Furufjell, seier Hauge. Men ho synest det skulle ha vore endå fleire hytter å leiga.

- Det hadde sjølvsagt vore kjempeflott, om me også hadde hatt høve til å leiga ei hytte på fjellet. Difor er eg glad for at "Feriestiftinga" no jobbar for å få det til, synest ho. For henne er det nesten heilt perfekt for eit par å bu i annekset.

- Det einaste eg saknar er ei overbygd platting rundt hytta. Det hadde vore midt i blinken.

- Så de har ikkje hatt negative opplevingar på annekset?

- Nei, det einaste måtte vera at det har kome inn ein del maur i hytta som me har prøvd å kverka etter kvart som dei har dukka opp.

- Og når denne veka er over, kva skal de gjera då?

- Då held me fram med ferien på hytta til DnB/Nor i Hemsedal, smiler dei

- Fullteikna hytter

Alle UiO-tilsette som vil leiga annekset eller hovudbygningen til Feriestiftinga på Furufjell, må senda ein skriftleg søknad til Feriestiftinga. I vår- og haustmånadane kan du leiga deg inn for ei helg, men i sommarmånadane må du leiga deg inn for ei veke. Medan det kostar 750 kroner for eit par å leiga annekset i ei veke, kostar det 2000 kroner i veka for minimum fire personar å leiga hovudbygningen. Og til kvar hytte fylgjer det med ein båt, slik at det er mogleg å koma seg ut på sjøen.

I fylgje Trond Harr, som er formann i styret for Feriestiftinga, har det vore stor rift om å leiga seg inn i dei to hyttene.
- I heile sommar har det vore fullteikna , og frå mars og til byrjinga av september, har det vore folk der i alle helgene. Så dei som vil leiga ei av hyttene ei helg og som enno ikkje har gjort det, har best sjanse til å få det til frå byrjinga av september og utover hausten, opplyser han til Uniforum.

Emneord: Universitetspolitikk, Velferd på UiO, Velferdsutvalget Av Martin Toft
Publisert 30. juli 2007 14:53 - Sist endra 10. des. 2008 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere