FBI og Scotland Yard interesserte i norsk måleapparat

Både FBI og Scotland Yard har vist stor interesse for måleapparatet TOD-kit, som kan slå fast det nøyaktige tidspunktet for når eit menneske døydde. Apparatet er utvikla og patentert av medisinprofessor Torleiv Ole Rognum ved UiO og Rikshospitalet. - Dersom FBI og Scotland Yard vil bruka apparatet, kan inntektene koma opp i 100 millionar dollar, seier Kristin Sandereid i Birkeland innovasjon ved UiO til NRK.

NY TEKNOLOGI: Professor Torleiv Ole Rognum har utvikla eit nytt apparat for å måla dødstidspunkt. Metoden kan bli standard hos politiet både i USA og Storbritannia.
Foto: Ola Sæther

Det var forskingsmagasinet Apollon ved UiO som 10. mars i fjor først kunne melda at professor Torleiv Ole Rognum ved Rettsmedisinsk institutt ved UiO var i ferd med å utvikla måleapparatet TOD-kit som kunne slå fast det nøyaktige tidspunktet for når eit menneske døydde. No er altså utviklinga av måleapparatet komen så langt at Torleiv Ole Rognum saman med Birkeland innovasjon ved UiO og Medinnova ved Rikshospitalet har klare planane for eit eige selskap, TOD Forensic A/S. Det skal etablerast i august.

- Apparatet måler innhaldet av stoffet hypoxantin frå augevæska til den døde og kan brukast inntil fire døgn etter at ein person døydde. Når prøva blir tatt i løpet av dei første 24 timane, blir intervallet av uvisse redusert til det halve samanlikna med tradisjonelle temperaturmålingar, forklarte Rognum til Apollon i mars i fjor. Stoffet hypoxantin aukar ved mangel på oksygen, altså når lekamen sluttar å pusta. Stoffet blir også påverka av kroppstemperaturen. Måleapparatet kan lett fraktast i ein koffert og bli tatt med til åstaden for eit drap.

Usikre målingar

Dei tradisjonelle målingane av det nøyaktige tidspunktet for når ein person døydde, har vore svært usikre.

- Den tradisjonelle metoden er å måla temperaturen i hjernen ved hjelp av eit termometer som blir stukke opp gjennom nasa til offeret. Ved hjelp av skilnaden mellom målt hjernetemperatur og temperaturen til omgivnadane kan ein så rekna ut når personen døydde. Same type utrekning blir gjort basert på måling i endetarmen, men begge desse metodane er usikre og er avhengige av fuktinnhaldet i lufta, vindforhold, påkleding og så vidare.

- Etter 24 timar kan ein ikkje bruka temperaturfallmetoden i det heile tatt. Då må ein sjå etter kjenneteikn som til dømes endringar i dødsstivleiken og teikn til byrjande rotning, noko som gir endå større uvisse, sa Rognum til Apollon.

Med det nye måleapparatet vil denne uvissa altså bli redusert til det halve.

100 millionar dollar

Birkeland innovasjon skal no i samarbeid med blant andre FBI og Scotland Yard utvikla og testa produktet.

- Me har vore i kontakt med blant andre FBI, San Diego Police Department, New York Police Department og Scotland Yard, såkalla "gatekeepers" i denne marknaden. Målet vårt er å få ein aksept i marknaden hos desse aktørane. Får me det, har me ein god sjanse til å få etablert denne teknologien som standardmetode i USA, seier Kristin Sandereid i Birkeland Innovasjon til NRK.

Dersom dei får gjennomslag, kan det bli ein internasjonal butikk verd fleire hundre millionar kroner.

- Då blir dette veldig god business. Det er snakk om mykje pengar. Me snakkar om rundt 100 millionar dollar, seier Sandereid.

Emneord: Birkeland Innovasjon, Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 26. juli 2007 13:43 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere