Bård Kjos tilsett som ny direktør ved UV-fakultetet

Sivilingeniør Bård Kjos er tilsett som ny fakultetsdirektør ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Han er 42 år gamal og er i dag kontorsjef ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap på NTNU i Trondheim. Det får Uniforum opplyst hos Organisasjons- og personalavdelinga.

NY FAKULTETSDIREKTØR: Bård Kjos er tilsett som ny fakultetsdirektør ved UV-fakultetet. (Foto: NTNU).

Kjos vil byrja i jobben rundt 1. oktober. Han overtar stillinga etter Bjørnar Sarnes, som slutta etter at han byrja som administrasjonssjef i Informasjonsavdelinga i februar i år. Erik Gulbrandsen har vore fungerande fakultetsdirektør sidan Sarnes slutta i stillinga.
Det var til saman åtte søkjarar til stillinga.

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet
Publisert 31. juli 2007 13:28 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere