Vil ha senter for ny internasjonal rett

- Det er behov for eit senter for ny internasjonal rett ved UiO. Det er konklusjonen til stipendiat Christoffer C. Eriksen og førsteamanuensis Marius Emberland ved Det juridiske fakultetet, etter at dei fekk rekordoppslutnad på ein konferanse om internasjonal rett i Oslo.

NY RETT: Forskarane Marius Emberland (t.v.) og Christoffer C. Eriksen vil ha meir forsking på ny internasjonal rett. (Foto: Kjetil Frantzen)

Begge kan no tenkja seg å jobba for å etablera eit eige senter for internasjonal rett knytt til Det juridiske fakultetet ved UiO.

- Den internasjonale rettsutviklinga handlar ikkje berre om forhold mellom statar og organisasjonar, men går på tvers av dei. I dag påverkar dei ulike formene for internasjonal rett ikkje berre utanrikspolitikken til Noreg og andre land, men òg nasjonale politiske handlingsrom i ei rekkje ulike sektorar som: miljøvern, energi, menneskerettar, næringsregulering, investeringsvern, bistand og straffeforfylging, seier stipendiat Christoffer Eriksen og førsteamanuensis Marius Emberland ved Det juridiske fakultetet til Uniforum.

- Avhengig av internasjonal rett

Det får også fylgjer for kvar enkelt av oss.
- Det inneber blant anna at handlefridomen for enkeltborgarar og private aktørar i aukande grad er blitt avhengig av internasjonale rettsreglar.

- Omstridde politiske spørsmål blir oftare forsøkt løyste gjennom internasjonal rettsregulering, slik som til dømes spørsmålet om reduksjon av klimagassutslepp, som i dag blir regulert av Kyoto-protokollen. Domstolar og domstolsliknande organ mellom, over og på tvers av statar tar oftare avgjerder som får direkte innverknad på nasjonal politisk debatt, slik me nyleg har sett i samband med Verdas handelsorganisasjons (WTO) handsaming av det europeiske importforbodet mot genmodifisert mat.

- Denne utviklinga, som ofte blir karakterisert som ei internasjonal rettsleggjering, har skjedd utan at det i Noreg er satsa på forsking på utviklinga av den nye internasjonale retten, men det meiner me at det er eit stort behov for, seier Eriksen og Emberland.

Stor interesse

Dei to var initiativtakarar til ein stor konferanse om den nye internasjonale retten i Oslo tidlegare i år. Oppslutnaden var uventa stor.

- Då me sende ut invitasjon til å senda inn bidrag til konferansen, fekk me inn 140 kortversjonar av innlegg frå universitet i land i alle verdsdelar. Dermed kunne me velja frå øvste hylle og enda opp med 57 presentasjonar, 47 av unge forskarar og 10 av svært etablerte jussprofessorar. Og bidraga kom frå juridiske forskarar frå mange av dei beste universiteta i verda; både Harvard-universitetet, universiteta i Oxford og Cambridge, Max Planck-instituttet og Universitetet i Firenze var representerte.

- Og den internasjonale ekspertisen på dei ulike felta blei sette til å kommentera dei arbeida som blei presenterte i 10 forskjellige tankesmier. Også dei norske innlegga heldt høg kvalitet. Fleire av deltakarane kommenterte at me ved Det juridiske fakultetet i Oslo, må vera godt skodde som har så mange framifrå forskaremne, fortel Eriksen og Emberland. Konferansen var truleg også den største internasjonale konferansen som Det juridiske fakultetet nokon gong har hatt ansvaret for.

- Kva reaksjonar har de fått i ettertid?

- Alle reaksjonane har vore svært positive. Fleire forlag har vore i kontakt med førespurnad om å publisera arbeida som blei presenterte på konferansen. Oxford University Press vil gi ut ein antologi med eit knippe av presentasjonane. Det er me svært nøgde med. Og det er sjølvsagt ei fjør i hatten for fakultetet.

- Me har også fått melding frå deltakarar som har lurt på om det er mogleg å vera gjesteprofessor ved fakultetet i ein periode. Det kan me sjølvsagt ikkje lova no utan at me har meir stabile institusjonelle rammer rundt forskinga på den nye internasjonale retten, men me ser at det hadde vore fint om me kunne ha gjort det. Det er grunnen til at me ynskjer å arbeida for å oppretta eit senter som kan forska på den nye internasjonale retten, understrekar dei.

- Korleis vil de jobba vidare med planane om eit eige senter?

- Det må sjåast i samanheng med den generelle strategien til Det juridiske fakultetet, men me vil også invitera andre fagmiljø til å koma med innspel til kva forsking som kan gå føre seg i eit slikt senter. Både i samfunnsøkonomi, statsvitskap, sosiologi, og arkeologi kjem ein bort i internasjonal rett, veit dei. Dei håpar at dei også i framtida vil få støtte frå dei institusjonane som støtta konferansen økonomisk i år. Det var fakultetet ved Institutt for offentleg rett og Norsk senter for menneskerettar. Det gjorde også Lovsamslingsfondet, UiO sentralt, Forskingsrådet, Justisdepartementet og Utanriksdepartementet.
- Det var til stor hjelp for oss.

Emneord: Forskning, Jus Av Martin Toft
Publisert 14. juni 2007 14:09 - Sist endra 10. des. 2008 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere