Trond Berg Eriksen tildelt UiOs formidlingspris

Professor i idéhistorie, Trond Berg Eriksen er tildelt UiOs formidlingspris for 2007. Det avgjorde Universitetsstyret i dag. Prisen er på 250 000 kroner og blir delt ut på UiOs årsfest i september.

FORMIDLINGSPRIS: Professor i idéhistorie, Trond Berg Eriksen er tildelt UiOs formidlingspris for 2007.

I grunngjevinga for å gi han prisen blir det framheva at Trond Berg Eriksen har formidla idéhistorie i vid forstand i over 30 år. Han har utgitt mange monografiar, polemiske essaysamlingar og reiseskildringar, og gitt tallause intervju og kortare bidrag til pressa.

Berg Eriksen var redaktør av Samtiden frå 1989 til 1993, og har i fleire år vore medredaktør av Cappelens Upopulære skrifter. Dessutan har han vore medredaktør av både nyutgjevinga av Vestens tenkere I-III og Norsk Idéhistorie. Han har skrive bøker om ulike tenkjarar som Nietzsche, Augustin og Machiavelli. I 1993 mottok han Brageprisen for ei av bøkene sine.

Emneord: Forskning, Universitetets priser Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2007 14:18 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere