I ein fullsett aula fekk dei internasjonale studentane høyrt norske og italienske folkesongar framførde av Bygdelagskoret. Etter at rektor Geir Ellingsrud hadde erklært Den internasjonale sommarskulen 2007 for opna, overtok leiar for Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, Ine Marie Eriksen talarstolen.
- I dag er fjerne verdsdelar mykje nærare enn nokon gong. Medan mange av som vaks opp for 60 år sidan blei fødde, levde og døydde i den same landsbyen, har dei fleste no reist omkring både i sitt eige land, nabolanda og i andre verdsdelar. I dag er me stolte over å kalla oss for verdsborgarar.
- Henry Ford sa at den som aldri lærte noko nytt er gammal, medan den som stadig lærer noko nytt aldri blir det. Etter at de har vore på sommarskulen, vil de oppdaga at verda har blitt både mindre og endå lettare tilgjengeleg for dykk, understreka Ine Marie Eriksen til stor applaus frå studentane og dei andre inviterte gjestene.
Også Pat Shaw, som deltok på det første kullet til Den
internasjonale sommarskulen i 1947, kom med ei sterk
oppmoding til studentane.
- Kom tilbake til Noreg! Kom tilbake!
Etter opningsseremonien gjekk studentane vidare til ei mottaking hos ordførar Per Ditlev-Simonsen i Oslo rådhus.
Årets kurstilbod på sommarskulen inneheld norsk språk og emne innanfor norsk kultur, demokratisk statsforvalting, sosialøkonomi og internasjonal politikk. Dessutan blir det tilbydd kurs for spesialistar på fagområde som spesialpedagogikk, fredsforsking, helsevesen, media og kommunikasjon, energiplanlegging og miljøvern, kjønnsforsking og internasjonale utviklingsstudiar.
Som eit spesielt tiltak i arbeidet for å styrkja mellommenneskeleg forståing i konfliktfylte område blir eit prosjekt for studentar frå ulike område i det tidlegare Jugoslavia og frå Kaukasus. Til saman varer sommarskulen i seks veker.
Logg inn for å kommentere