Likevel kjem truleg Riksrevisjonens merknader til dagens status for det nye lønns- og personalsystemet (POLS) til å bli minst like spennande å fylgja for styremedlemane. Også det vil skje bak stengde dører.
Derimot vil framlegget til ny finansieringsmodell for UiO handsamast i ope møte i morgon. Då skal det drøftast korleis den nye finansieringsmodellen skal leggjast inn i alle ledd på UiO.
Kort fortalt går framlegget ut på å dela inn løyvinga i fire komponentar og ein restkomponent; forskingsbasert utdanning, forsking og forskarutdanning, samfunnskontakt og samlingar. På same tid blir tildelingsmåtane inndelte i basis (langsiktig dimensjonering), resultat (oppnådde resultat) og satsingar (mellombelse, øyremerking).
Modellen inneheld også etablering av studieplassar som eit grunnomgrep. Dersom framlegget blir vedtatt skal modellen testast sommaren og hausten 2007. Då skal det også vurderast kor mykje av den nye modellen som må vera klar, før det gir meining å nytta den. I løpet av denne tida skal det også utarbeidast eit eige forslag til framtidig finansiering av biblioteket.
Universitetsstyret skal også ta stilling til framlegget frå
Universitetsdirektøren om prioriterte tiltak i samband med
oppfylginga av UiOs interne evaluering av
Kvalitetsreforma.
Dessutan skal styret vedta UiOs 10 bod for god
forskingsskikk.
Til slutt på saklista står forslag til vinnarar av UiOs forskingspris, formidlingspris, pris for godt læringsmiljø og Kongens gullmedalje til yngre forskarar. Og også vinnaren av UiOs menneskerettspris, Lisl og Leo Eitingers fond 2007, blir kunngjort etter styremøtet i morgon.
Logg inn for å kommentere