- Ingen offensiv lønnspolitikk for stipendiatar

Nytilsette stipendiatar ved Universitetet i Oslo blir ofte sette på minstelønn, uavhengig av kva praksis og vitskapleg røynsle dei har. Det viser ein gjennomgang som Forskarforbundet har gjort. - Det er eit klart brot på den offensive lønnspolitikken UiO har vedtatt, seier hovudtillitsvald Live Rasmussen.

ULIK LØNN: - Det går ikkje an å tenkja at alle stipendiatar skal ha den same lønna uansett bakgrunn, meiner Aud-Jorunn Sandal (t.v), Ellen Stensrud og Live Rasmussen i Forskarforbundet.
Foto: Martin Toft

Det verste dømet Forskarforbundet kan visa til, er ei utlysing av 10 stipendiatstillingar på Etikkprogrammet. Dei blei lyste ut i lønnssteg 35, då minstelønna var i lønnssteg 41.

På eit anna institutt er ikkje ein gong eitt år som avdelingsingeniør og bakgrunn som andreforfattar på ein vitskapleg artikkel nok til å få høgare lønn enn minstelønna. Forskarforbundet har funne liknande døme både frå Fysisk institutt, Senter for kvinne- og kjønnsforsking og Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi.

- Dumt av UiO

- Om ikkje lønnene til stipendiatane blir heva, så forsvinn argumentet om at professorlønnene skulle hevast for å dra opp dei vitskaplege tilsette lenger nede i lønnssystemet.

- Dersom merksemda rundt å rekruttera og halda på vitskaplege tilsette stansar ved professorane, så står dette heilt i motsetnad til vedtatt lønnspolitikk og strategisk plan og det er svært dumt av UiO. Då vil me vera freista til å støtta Tenestemannslagets påstandar om at dei gråhåra professorane sit og fordeler pengar til kvarandre, seier hovudtillitsvald Live Rasmussen, stipendiat Ellen Stensrud og tillitsvald Aud-Jorunn Sandal i Forskarforbundet.

Dei viser til kapittelet om stipendiatar i dokumentet om den nye lokale lønnspolitikken til UiO. Der står det at stipendiatstillingar normalt skal lysast ut med alternative lønnsplasseringar, og lønnssteg ved tilsetting skal fastsetjast etter individuell vurdering i kvart enkelt tilfelle. Det blir også nemnt at det kan gjevast utteljing for konkurranseutsette felt, attraktiv kompetanse, spesialistutdanning, relevant yrkeserfaring og vitskapleg erfaring eller forskingsaktivitet.

- Det som står om individuell lønnsplassering for stipendiatar i dette kapittelet blir ikkje fylgt av dekanane og instituttleiarane på UiO. Det kan vera ein kombinasjon av fåkunne og dårlege haldningar, seier Ellen Stensrud, som representerer stipendiatane i styret til Forskarforbundet.

- Brukar ikkje heile lønnsspennet

Både ho og dei andre tillitsvalde i fagforeininga bed no universitetsleiinga om å gripa inn og spreia meir informasjon om den nye lønnspolitikken overfor stipendiatane.

- Det går ikkje an å tenkja at alle stipendiatar skal ha den same lønna, anten dei kjem direkte frå masterstudiet eller frå ein godt betalt jobb utanfor universitetet. Den egalitære lønnspolitikken for stipendiatar må no vera ein saga blott. Dei har ulike lønnsbehov avhengig av kva bakgrunn dei har, seier Rasmussen, Sandal og Stensrud. Mange institutt held dessutan fram med å tilby stipendiatane ei minstelønn på lønnssteg 41, trass i at den no er sett til lønnssteg 43. Alle institutta på UiO har høve til å lønna dei mykje betre.
- Problemet er at dei ikkje brukar heile lønnsspennet. I dag har dei høve til å nytta lønnsspennet frå 43 til 58 eller frå 59 til 65. I fjor var det 180 stipendiatar som blei tilsette i lønnssteg 41, altså ei minstelønn på 310 700 kroner.

- Ein slik lønnspolitikk kan gå hardt utover rekrutteringssituasjonen og dessutan gi UiO eit dårleg omdømme, trur Live Rasmussen, Aud-Jorunn Sandal og Ellen Stensrud i Forskarforbundet.

- Forklaringa må vera at stipendiatane kjem direkte frå masterstudiet, seier organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen.

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 25. juni 2007 10:19 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere