Fanny Duckert stiller ikkje som dekankandidat

Psykologiprofessor og tidlegare rektorkandidat, Fanny Duckert stiller ikkje opp som kandidat under dekanvalet ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet til hausten. Dermed blir professor i statsvitskap, Knut Heidar den einaste kandidaten.

IKKJE DEKANKANDIDAT: Psykologiprofessor og tidlegare rektorkandidat, Fanny Duckert seier nei til å bli dekankandidat på SV-fakultetet.
Foto: Ståle Skogstad

Det var i førre månad det blei klart at valkomiteen ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet berre hadde nominert éin offisiell kandidat til dekanvalet hausten 2007. Den offisielle kandidaten var professor Knut Heidar, som seinare peika ut professor i sosialantropologi, Marianne Lien som prodekankandidat.

Dette vekte stor oppstand blant mange av dei tilsette på fakultetet, ikkje minst på Psykologisk institutt og Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, som visste at både psykologiprofessor Fanny Duckert og sosiologiprofessor Geir Høgsnes hadde sagt ja til å stilla opp i dekanvalet.

Då det blei kjent, trekte Geir Høgsnes kandidaturet sitt. Like etter gjekk den offisielle kandidaten, Knut Heidar ut i Uniforum og etterlyste ein motkandidat. Fanny Duckert sat på gjerdet fram til denne veka, då ho kunngjorde at ho hadde bestemt seg for ikkje å stilla opp som dekankandidat.

- Trist for universitetsdemokratiet

- Eg trong tid til å tenkja meg om, men eg kom fram til at eg ikkje vil stilla. Grunnen er at eg tar den fortolkinga valkomiteen har av mandatet sitt til etterretning, og dernest deira manglande ynskje om å ha ein reell demokratisk prosess i samband med dekanvalet. Det synest eg er trist for universitetsdemokratiet.

- På kva måte er du lei deg for det?

- På dei fakulteta der det har vore reelle dekanval, har det gitt ei vitalisering av fagmiljøa og viktige debattar er blitt førde. Med tre kandidatar på SV som alle har vore svært aktive i universitetssystemet, så ville det også ha slått positivt ut for oss, trur ho.

- Demotiveringsprosess

- Korleis reagerte du på at valkomiteen berre nominerte éin offisiell kandidat?

- For meg har det ført til ein skikkeleg demotiveringsprosess. På same tid ligg mange spennande forskingsprosjekt og ventar på meg. I tillegg er eg leiar for feiringa av det ti år lange forskingssamarbeidet mellom Sør-Afrika og Universitetet i Oslo til hausten.

- Avgjerda om ikkje å stilla opp som dekankandidat var difor lett, med tanke på kva andre positive tiltak eg kan bruka kreftene på etter at eg avsluttar ein seks år lang periode som instituttleiar til nyttår, seier Duckert, og nemner spesielt to forskingsprosjekt som ho skal delta i etter at dei er tildelte meir pengar frå Forskingsrådet.

- Rusforskingsprosjektet får meir pengar, og dessutan har me fått lovnad frå Forskingsrådet om at me også kan halda fram med forskingsprosjektet på HIV og AIDS blant kvinner i Sør-Afrika. Ja, og så er eg blitt programstyreleiar for NUFU-programmet, som har ein portefølje på 300 millionar kroner.

- Så desse aktivitetane tel altså meir for deg enn å stilla opp i eit dekanval?

- Ja, når desse tinga skjer så nær kvarandre, så blei valet svært naturleg for meg, slår ho fast.

- Utruleg synd

I valkomiteen var det berre studentrepresentant Heine Skipenes som stemte imot å nominera Knut Heidar som den einaste dekankandidaten. Han seier seg lei for at Fanny Duckert har bestemt seg for ikkje å stilla som kandidat.

- Eg synest det er utruleg synd. Studentane har nemleg hatt som hovudmål å ha fleire kandidatar å velja mellom. Det er viktig for oss med eit val, slik at me kan vera med på å bestemma kven som skal styra fakultetet.

- Kva synest du om prosessen?

- Det ser ut som om fleire av dei vitskaplege tilsette har fiksa det på eiga hand og bestemt seg på førehand. Blant dei 6000 studentane trur eg det berre er studentane på statsvitskap som veit kven Knut Heidar er. Når det gjeld Fanny Duckert, har ho vore meir profilert og meir synleg, først og fremst under rektorvalet hausten 2005. Difor er det synd at studentane som utgjer rundt 25 prosent av den samla stemmevekta, ikkje får nokon direkte påverknad på korleis fakultetet skal styrast i framtida, meiner Heine Skipenes.

Emneord: Dekanvalg, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2007 08:23 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere