Den internasjonale møteplassen på Blindern
- Den internasjonale sommarskulen har vore ein plass der studentar frå kvar si side av ein religiøs eller geografisk konflikt har kunna møtast. UiO får eit fantastisk høve til å etablera nye nettverk til studentar og universitet over heile verda. Det sa viserektor Inga Bostad då ho tysdag 5. juni opna utstillinga om Den internasjonale sommarskulen gjennom 60 år i Galleri Sverdrup.

Sommarskulen blei starta i 1947 som eit tilbod til nordamerikanske studentar, men alt i 1950-åra var så mange nasjonar representerte at skulen fekk namnet Den internasjonale sommarskulen (ISS).
Gjennom 60 år har meir enn 23.000 studentar frå rundt 150 land studert ved ISS og fått verdfulle akademiske, kulturelle og mellommenneskelege røynsler.
Og ei av dei 221 studentane som kom med troppetransportskipet SS Marine Jumper frå New York i 1947, var Pat Shaw. Den gongen var ho 21 år og no er ho 60 år eldre. Ho var også til stades under utstillingsopninga og blei intervjua av direktør Einar Vannebo. Det musikalske innslaget under opninga, blei servert av gitaristen Rados Malidzan frå Serbia, som er student ved Noregs musikkhøgskule.
Utstillinga er sett saman av historiske fotografi frå heile den 60 år lange historia til sommarskulen. Den er også krydra med bilete frå dei siste åra, tatt av den tidlegare sommarskulestudenten Damir Cvetojevic frå Kroatia og sommarskulen sin økonomileiar Sissel Drevsjø, som også er profesjonell fotograf. Damir Cvetojevic har også laga ein eigen video om sommarskulen. Utstillinga vil stå fram til 10. august.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere