Anthraxforskarar har verdskonferanse i Oslo

300 bakterieforskarar frå 30 land er denne veka i Oslo for å presentera nye funn om forskinga på miltbrannbakterien (bacillus anthracis) og dei to slektningane; jordbakterien (bacillus cereus), som fører til matforgifting, og bakterien som er mest brukt som biologisk sprøytemiddel (bacillus thuringiensis). Farmasiprofessor Anne-Brit Kolstø leier organisasjonskomiteen og har med seg forskaren Nicolas J. Tourasse (t.v.) og førsteamanuensis Ole Andreas Økstad.

ANTHRAX-KONFERANSE: Nicolas J. Tourasse, Anne-Britt Kolstø og Ole Andreas Økstad står i brodden for ein internasjonal anthrax-konferanse i Oslo denne veka.

- Opprinneleg så hadde me eigne konferansar berre for dei som forska på miltbrannbakterien, dei såkalla anthrax-konferansane. Men for ti år sidan starta med ein separat konferanse i Oslo, som inkluderte alle dei tre bakterieslektningane For fire år sidan blei dei to konferansane slått saman til eitt større møte, og denne gongen returnerer konferansen til Oslo for første gong, seier farmasiprofessor Anne-Brit Kolstø som er leiar for konferansen, som skal gå føre seg på Radisson SAS Scandinavia Hotel.

Ho har med seg førsteamanuensis Ole Andreas Økstad og forskar i bioinformatikk, Nicolas J. Tourasse i organisasjonskomiteen.

- Mest om miltbrannbakterien

- Framleis handlar vel rundt 70 prosent av presentasjonane om miltbrannbakterien, men me er alle opptekne av forholdet mellom desse tre bakteriane. Artsdefinisjonen av kvar bakterie er enno svært uklar, og skiljelinjene mellom dei tre, som altså gir forskjellige formar for sjukdom, er enno meir diffus enn det me trudde tidlegare, fortel dei tre forskarane ved Farmasøytisk institutt ved UiO.

- Det siste som er kjent innanfor denne forskinga er påvisinga av spesielle variantar av matforgiftingsbakterien bacillus cereus, som kan gi miltbrannliknande sjukdom, og som genetisk ligg ein stad mellom bacillus cereus og bacillus anthracis. At desse bakteriane kan ha slike overkryssande eigenskapar, er blitt oppdaga blant bakterieisolat frå menneske i USA (CDC, Atlanta) og meir nylig av forskarar som har isolert stammer frå ville aper i Afrika, fortel dei tre.

I 2000 klarte forskargruppa til Anne-Brit Kolstø som dei første i verda å setja saman eit genetisk slektstre som viser kor nært familieforholdet er mellom desse tre bakterietypane. Då peika dei på at miltbrannbakterien (bacillus antracis) var ein klon av dei to andre i denne bakteriefamilien; bacillus thuringiensis som er grunnlaget for det mest brukte sprøytemiddelet mot biller og andre skadedyr i landbruket på verdsbasis, og bacillus cereus som er ein jordbakterie som kan finnast både på meieri og sjukehus og gi diaré hos menneske.

Sporedannande

- Det som er felles for desse tre bakteriane er at dei er sporedannande. Det vil seia at dei kan liggja i dvale i jorda gjennom mange tiår, før dei under dei rette vilkåra kan bli stimulerte og spreia seg på nytt, sa Anne-Brit Kolstø til Uniforum 1. november 2001.

Sidan den gongen har eit forskarteam i USA klart å sekvensera heile arvestoffet og kartleggja alle genane til miltbrannbakterien (bacillus anthracis). Dei har også gjort det same for fleire stammer av dei to andre bakterieartane. Kromosomet hjå dei tre slektningane er svært like, men forskarane kan likevel finna ut kva bakterie det er snakk om ved å gjennomføra ei PCR (Polynerase chain reaction)-undersøking.

- Dei vil då oppformera eit DNA-gen og finna ut om det er frå bacillus anthracis eller ein annan bakterie. Føresetnaden for at det skal gå, er at forskarane kjenner til sekvensen i det aktuelle genet. Då er det enkelt å påvisa dette i eit laboratorium, forklarte Kolstø til Uniforum 1. november 2001.

Noreg med i forskingsfronten

- Kvar går den viktigaste forskinga på desse bakteriane føre seg?

- Både USA, Noreg og Europa ligg i forskingsfronten på dette feltet. Både doktorstudentar og postdoktorstudentar frå forskargruppa vår vil presentera den forskinga me held på med under konferansen. Og for nokre dagar sidan fekk eg ei melding frå ei kinesisk forskar som hadde lagt merke til at alle dei tidlegare konferansane berre hadde gått føre seg i Vesten. No vil Kina gjerne sleppa til for å skipa til ein slik konferanse om nokre år, seier Kolstø.

Forskarane har vore samla på konferansen sidan sundag 17. juni, og dei vil halda på fram til og med torsdag 21. juni. Då vil dei høyra på foredrag som har å gjera med epidemiologi og økologi, vaksiner og terapi og om gifter og bakterievertar.

Emneord: Bioteknologi, Internasjonalisering, Forskning Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2007 15:51 - Sist endra 10. des. 2008 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere