Varadhan får prisen for bidraget sitt til teorien om det sannsynlege og særleg for sitt arbeid med å utvikle ein einskapleg teori for store avvik. Han arbeider ved Courant Institute of Mathematical Sciences ved University of New York. Det er same staden som den tidlegare Abelprisvinnaren Peter D. Lax, og det er dermed første gong eit matematisk institutt har to Abelprisvinnarar.
I ei pressemelding drar kunnskapsminister Øystein Djupedal fram arbeida til prisvinnaren.
- Arbeida til årets vinnar viser at forsking på svært kompliserte teoretiske problemstillingar i neste omgang kan bidra til å løysa problem me møter i dagleglivet, seier Djupedal. Varadhan er fødd og utdanna i India. Han har doktorgraden sin frå det indiske instituttet for statistikk i Calcutta.
Det er ein internasjonal komité sett saman av fem framifrå forskarar innanfor det matematiske fagfeltet som har vurdert dei nominerte kandidatane til prisen og gitt innstillinga si til styret i Det Norske Vitskapsakademiet.
Abelprisvinnar Srinivasa S. R. Varadhan vil få overrekt prisen av Hans Majestet kong Harald under ein seremoni i Universitetets Aula i Oslo, tysdag 22. mai 2007, kl. 1400.
Logg inn for å kommentere