3000 lærarar på skulebenken på Blindern

Over 3000 lærarar frå Oslo og Akershus fylte seminarromma og auditoria på Blindern under Fagleg-pedagogisk dag 3. januar. Fagleg påfyll om Italia før Berlusconi, om utgravingane på Kaupang og om Midtausten og islam, var ein del av dei 130 foredraga som stod på dagens meny for kunnskapssvoltne lærarar.

BETRE ENN SITT RYKTE: - Italia under Berlusconi var betre enn sitt rykte, sa Elisabetta Cassina Wolff.
Foto: Martin Toft

For fire år sidan ynskte dåverande HF-dekan å leggja ned italiensk. Ein intens redningsaksjon frå dåverande instituttleiar Marianne Hobæk Haff og den italienske ambassaden klarte til slutt å hindra ei nedlegging. Det må difor ha vore ei stor glede for dei å sjå at over 60 lærarar frå den vidaregåande skulen i Oslo og Akershus møtte opp på eit lite seminarrom i Niels Treschows hus for å høyra universitetsstipendiat Elisabetta Cassina Wolffs foredrag om Italia før Berlusconi.

I løpet av ein time klarte ho å forklara den politiske og økonomiske bakgrunnen til at mediekongen Silvio Berlusconi kunne klara å bli statsminister i Italia. Ho viste til oppløysinga av det gamle topartisystemet med Kristelegdemokratane i evig posisjon og Kommunistpartiet i evig opposisjon.

- Dette var eit system som frå 1970-talet og framover i stor grad var basert på korrupsjon og stikkpengar. Dei friske fekk uførepensjon. For dersom ein partitilhengjar klarte å skaffa eit parti så og så mange stemmer, ville han eller ein i familien hans få ein uførepensjon tilbake, fortalte ho. - Dette eksisterte ikkje før 1970. Fram til då var italienske politikarar ærlegare enn på 1980-talet. Det kan også skje i andre land, peika ho på og viste til den siste avsløringa av korrupsjon i Bærum kommune.

- Avsløringa av korrupte politikarar både hos Kristelegdemokratane og hos Sosialistpartiets tidlegare statsminister Bettino Craxi førte til ein politisk revolusjon under kommunevalet i 1992. Då blei mest alle kandidatane til Kristelegdemokratane raderte vekk, og partiet gjekk opp i samanføyingane, forklarte ho.

- Blei pensjonistar som 50-åringar

Samtidig lykkast ho i å visa korleis folk flest i Italia syntest at pensjonssystemet der var for godt.

- Tidlegare var det nemleg mogleg for ein lærar å få full pensjon etter 25 år i arbeidslivet. Det førte til at læraren kunne bli pensjonist frå det året dei fylte 50 år. Mora mi var lærar og eg unnar henne alt godt, men det er heilt klart at dette blei ei stor påkjenning for dei offentlege utgiftene i Italia, sa Wolff.

Det var ein av grunnane til at Berlusconi kunne vinna fram med eit politisk program som ville skjera ned på dei offentlege utgiftene, redusera skattane og privatisera offentlege selskap.

- Faktisk så jobba dagens statsminister Romano Prodi for akkurat det same, då han var direktør for eit av dei statlege selskapa, understreka ho. Ho slo fast at Berlusconis regjering ofte har fått eit ufortent dårleg rykte i europeiske media.

- Innvandringspolitikken har både vore meir liberal i Italia under og etter Berlusconi enn i Noreg, konstaterte ho. Dei 60 tilhøyrarane gav ho varm applaus etter foredraget.

Ein by i Danekongens land

Litt seinare på dagen klarte arkeologiprofessor Dagfinn Skre (biletet) å samla over 120 personar i Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus til foredraget om Kaupang i Vestfold. Temaet var om Kaupang var ein by i Danekongens land.

- Då Kaupang blei grunnlagt rundt år 800 eksisterte ikkje Noreg som eit rike. Derimot rekna Danekongen området rundt Oslofjorden som ein del av riket sitt. På same måte som han hadde grunnlagt byar i utkanten av riket sitt både i sør, i vest og i aust, var Kaupang byen som danna ytterpunktet for Danekongens rike i nord. Konklusjonen er dermed at det var ein av dei eldste byane i Danekongens rike, men ikkje Noregs første by, sidan Noreg ikkje eksisterte på den tida, slo Skre fast. Også han fekk velfortent applaus etter foredraget.

Midausten trekte 300 tilhøyrarar

Rett etterpå dukka over 300 lærarar opp i det same auditoriet for å høyra på førsteamanuensis Hilde Henriksen Waages foredrag om kvifor det er så vanskeleg å skapa fred mellom israelarar og palestinarar.

- Det er naudsynt å gå nesten 60 år tilbake i historia for å finna løysinga på dagens konflikt. I 1948 vedtok FN at det skulle opprettast to sjølvstendige statar, ein for israelarane og ein for palestinarane. Men medan israelarane hadde eit godt organisert samfunn, var Palestina eit føydalsamfunn dominert av to familiar.

- Samtidig var heller ikkje dei arabiske nabolanda særleg villige til å hjelpa fram ein sjølvstendig palestinsk stat. Dei har berre brukt konflikten mellom israelarar og palestinarar kvar gong dei skulle visa motstanden sin mot Vesten, meinte Henriksen Waage. Folk sat som tende lys heilt fram til ho avslutta foredraget over 10 minuttar over tida, rapporterte Uniforums utsende medarbeidar.

Emneord: Faglig-pedagogisk dag, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 4. jan. 2007 11:35 - Sist endra 10. des. 2008 19:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere