Det var rundt klokka 10.00 i går formiddag telefon- og nettsambandet til Veglaboratoriet i Gaustadalléen 25 braut saman. Og no er det klart kva som er årsaka til brotet.
- Feilen ligg i eit fibersamband me leiger frå Telenor. Brotet er no funne,og det skuldast, ikkje heilt overraskande, grunnarbeida knytte til den nye Informatikkbygningen, opplyser IT-direktør Arne Laukholm på UiO.
Brotet har ført til at alle dei UiO-tilsette i Veg-laboratoriet har vore utan telefon- og PC-tilgang sidan i går formiddag. Det har ført til at Norsk Ordbok har oppretta fire mellombelse arbeidsplassar på Blindern for å bli ferdig med korrekturarbeidet på det siste bandet av Norsk Ordbok før tidsfristen går ut. Og det ser ikkje ut til at det blir ein vanleg arbeidsdag for dei tilsette i Gaustalléen 25 før etter helga, skal me tru IT-direktør Arne Laukholm.
- Utbetringa vil ta litt tid. Feilrettinga blir gjort
av
Telenor, og eg tvilar på om dei vil ha sambandet operativt
igjen før rundt slutten på arbeidstida i morgon, skriv
Laukholm i ein e-post til Uniforum.
Logg inn for å kommentere